Hopp til innhold

Lærararstillingar 

Arbeidsgiver

Gulen kommune

Sted

Dalsbygda 68, 5960 Dalsøyra

Om jobben

Stillingstittel
Dalsøyra barnehage og skule. Tilsetjing lærarar 2026
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
3
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 12. april

Om stillingane 

Kom og jobb som lærar i Gulen kommune - de er hjartleg velkomne! 

Gulen kommune, for tida ved Dalsøyra barnehage og skule, har frå nytt skuleår ledig: 

  • 100% vikariat som lærar (periode: 01.08.2026 - 31.07.2027). Me er i utgangspunktet på jakt etter nokon med grunnskulelærararutdanning på 1-7 klasse med kompetanse i norsk, matte og engelsk. Det er tenkt kontaktlærarfunksjon til dette vikariatet.  
  • 80% fast stilling som lærar frå 01.08.2026. Me er i utgangspunktet på jakt etter nokon med grunnskulelærararutdanning på 1-7 klasse med kompetanse i norsk, matte, engelsk, erfaring med begynnaropplæring og utedag/uteskule. Det er tenkt kontaktlærarfunksjon til denne stillinga.  

Eining Dalsøyra barnehage og skule består av 1-10-skule, SFO og barnehageavdeling og har frå neste skuleår om lag 60 elevar. Klikk deg inn her for meir informasjon om skulen. Dalsøyra barnehage og skule nyttar lokalmiljøet som læringsarena og har utvikla godt samarbeid med lokale aktørar. Eininga har eit flott uteområde nært knytt til sjø og fjell, noko som ligg godt til rette for meir utvikling og bruk. Skulen legg vekt på praktisk undervising, som til dømes fast utedag for 1.- 4. klasse og arbeidslivsfag.


Arbeidsoppgåver/kompetanse 

Dalsøyra barnehage og skule er ein av fire skular i Gulen kommune. Skulane er relativt små 1-10- skular, kor dei ulike klassetrinna vekslar på å ha undervising åleine og saman med andre klassetrinn. For å få dekka all undervising ved skulane, er vi avhengig av at dei faste lærarane har undervisingskompetanse i fleire fag. Ved tilsetjing vil vi vurdere kompetansen hjå søkjarane knytt opp mot den samla kompetansen og behovet i eininga. Vi søkjer derfor etter lærarar som har breid undervisingskompetanse. Alle fag kan vere aktuelle, men me for desse stillingane er det i utgangspunktet grunnskulelærar for 1-7 trinn me er på jakt etter, og kompetanse innan norsk, matte og engelsk. Funksjon som kontaktlærar er i utgangspunktet tiltenkt desse stillingane. Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg er naudsynt, samt gyldig politiattest. 


Personlege eigenskapar 

  • Er fagleg bevisst og godt førebudd til undervising
  • Har gode kommunikasjonsevner, samhandlar godt med elevane og er ein tydeleg klasseleiar
  • Samarbeider aktivt i det profesjonsfaglege fellesskapet om utviklinga av læringmiljø og læringsutbytte
  • Gode IKT- kunnskapar
  • Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing

Anna 

  • Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
  • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
  • For tilsetjing innan pleie og omsorg, Miljøtenesta, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
  • Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
  • Løn etter tariff
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Kontaktperson for stillingen

Solveig Haveland

Einingsleiar Dalsøyra barnehage og skule

+4747632338

solveig.kristine.haveland@gulen.kommune.no

Om bedriften

Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen.Kommunen har 2230 innbyggjarar, ledige barnehageplassar, og er eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Sjå Gulen kommune for meir informasjon.  

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

0b63d62a-def3-445a-b04e-9e922ad44480

Sist endret

27. mars 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10288775

Lignende annonser

Laster lignende annonser