Barne- og ungdomsarbeidar
Gulen kommune
Eivindvikvegen 1119, 5966 Eivindvik
Om jobben
- Stillingstittel
- Eivindvik barnehage og skule. Tilsetjing 140% vikar barne- og ungd.arb 26/27
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 12. april
Om stillingane
Gulen kommune, for tida ved Eivindvik barnehage og skule (barnehage), har ledig fylgjande:
- I inntil 100% vikariat som barne- og ungdomsarbeidar frå medio august 2026 - medio august 2027 (barnehageåret 2026/2027)
- 40% vikariat som barne- og ungdomsarbeidar frå medio august 2026 - medio august 2027 (barnehageåret 2026/2027). Det er mogleg at stillingsprosenten kan verte høgare enn 40%.
Eining Eivindvik barnehage og skule er gode på å bruke naturen og elles nærområde i sitt pedagogiske opplegg. Dagsturhytta er, til dømes, flittig brukt av både små og store. Drøymer du om ein jobb der du får bety noko for andre – kvar einaste dag? Då er du hjarteleg velkomen til å skje hjå oss!
Barnehagane i Gulen kommune har:- Fokus på fagleg utvikling i barnehagane, der idear og innspel frå både nyutdanna og erfarne medarbeidarar vert sett på som viktige ressursar.
- Relativt små barnehagar - ein ideell arbeidsstad for nyutdanna
- Godt arbeidsmiljø
- Tilbod om rettleiing
- Godt nettverksamarbeid mellom dei tilsette i dei ulike barnehagane i kommunen.
Arbeidsoppgåver
- Medverke til at barnehagen og skulen er ei god pedagogisk verksemd
- Medansvar for tilbyn, omsorg og pedagogisk arbeid med borna
- Delta i planlegging, rettleiing, gjennomføring, evaludering og vurdering i verksemda
- Nokre av fagarbeidarstillingane i eininga er knytt til arbeid med enkeltborn
- Andre oppgåver som måtte kome til
Kvalifikasjonskrav
- Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller tilsvarande kompetanse. Søkjarar utan godkjent utdanning kan verte vurdert
- Gode norskkunnskapar - både munnleg og skriftleg
- Gyldig politiattest
Personlege eigenskapar
- Trivst, kommuniserer og samhandlar godt med borna, føresette, kollegaer og andre samarbeidspartnarar.
- Kan bidra til eit godt og stabilt arbeidsmiljø for både born og vaksne
- Er strukturert, men likevel kunne vere spontan i møtet med borna
- Fleksibel og har gode samarbeidsevner
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, miljøteneste, barnevern, i skule, SFO og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest etter aktuell/gjeldande lovheimel før oppstart i stillinga. Det skal berre krevjast politiattest av den som får tilbod om stillinga
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
Kontaktperson for stillingen
Ann-Norunn Leknes
Avdelingsleiar barnehage ved Eivindvik barnehage og skule
+4794809967
Om bedriften
Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen.
Kommunen har 2260 innbyggjarar, ledige barnehageplassar, og er eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Sjå Gulen kommune for meir informasjon.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
5095e63d-cfce-4490-a9de-de6b2c5d534b
- Sist endret
26. mars 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10288914