Hopp til innhold

Fagkonsulent

Arbeidsgiver

Habilitering vaksne

Sted

Longhammarvegen 36, 5536 Haugesund

Om jobben

Oppstart
10. august 2026
Stillingstittel
Fagkonsulent
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest fredag 19. juni

Vi har ledig fast stilling som fagkonsulent hos oss. Har du lyst vere med på vårt lag? Søk da vel.

Stillinga som fagkonsulent er knytt til Habilitering for Vaksne (HAVO) og inneber klinisk arbeid retta mot pasientar i Habilitering si målgruppe. 
Habiliteringsavdelinga er organisert under medisinsk klinikk og består av Habilitering barn og unge (HABU), Habilitering vaksne (HAVO) og Lærings- og meistringssenteret. Avdelinga sine lokale er for tida lokalisert på Raglamyr.

Habilitering for Vaksne har 10 fagstillingar. Målgruppa er menneske med medføddeller tidleg erverva funksjonshemming og/eller utviklingshemming/utviklingsforstyrring. Problema er ofte samansette; dette krev tett samarbeid internt i spesialisthelsetenesta, mellom fagområde/team i avdelinga og mellom 1. og 2. linjetenesta.

Arbeidsforma er både poliklinisk og ambulant.

👉 Vi gleder oss til å høyre frå deg.

Kva går jobben ut på?

Jobben inneber mellom anna:

  • tiltak og rettleiing knytta til menneske som har medfødd eller tidleg erverva funksjonshemming og/eller utviklingshemming/utviklingsforstyrring
  • delta i team i utgreiing av vaksne med mistanke om utviklingshemming
  • foreta observasjon i miljøet til pasienten og gjennomføre ulike kartleggingar av pasientens fungering
  • tett samarbeid med bl.a psykolog i hele pasientforløpet
  • delta i avdelinga si gruppebehandling retta mot autismespekterforstyrring
  • bidra i faglige drøftinger i team
  • rettleiing til personale og kollegaer i aktuelt fagområde
  • kan omfatte undervisning og utviklingsarbeid
  • kan omfatte arbeid/rettleiing innan Helse- og omsorgsttenestelova (HOL) kap. 9 

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Utdanningsretning: vernepleier, pedagog/spesialpedagog, barnevernspedagog, sosionom, terapeut.
  • Klinisk erfaring med menneske med medfødd eller tidleg erverva funksjonshemming og/eller utviklingshemming/utviklingsforstyrring.
  • Erfaring/kjennskap til ulike kartleggingsverktøy innen målgruppen.
  • Søkjar må ha sertifikat for personbil (helseføretaket har eigne bilar til ambulant verksemd).
  • Gode norskkunnskapar skriftleg og munnleg.

Ved tilbod om stilling må  du legge fram tilfredsstillande politiattest (vandelsattest), jf. Lov om helsepersonell § 20a (gjeld arbeid med barn og utviklingshemma).

Kva ser vi etter hos deg?

Hos oss er det viktig at du:

  • har gode samarbeidsevner
  • viser evne/interesse for teamsamarbeid 
  • tilpassar deg nye oppgåver og arbeidsmåtar når kvardagen krev de
  • kan arbeide sjølvstendig, men spør om hjelp når du treng det
  • held deg oppdatert på gjeldande retningslinjer og prosedyrar, og brukar dei aktivt i arbeidet

Personlege eigenskapar blir vektlagde.

Kvifor skal du velje oss?

Hos oss får du:

  • ein spennande og utfordrande jobb i eit aktivt tverrfagleg miljø, der fagleg utvikling og trivsel står i fokus
  • medverke til utvikling av stillinga
  • eit godt fagmiljø, der mellom anna tett samarbeid med ulike faggrupper står sentralt. Vi trur at vårt fagmiljø vil opplevas inspirerande for den som vert tilsett.
  • fleksitidsordning

For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkar gi til kjenne dette i søknaden


Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Marian Yrke, Funksjonsleiar HAVO, 905 45 974, marian.yrke@helse-fonna.no
Kari Anne Brynjelsen, Avdelingsleiar, 901 09 185, kari.anne.brynjelsen@helse-fonna.no

Arbeidsstad

Longhammarvegen 36
5536 HAUGESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5141254948
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 10.08.2026
Søknadsfrist: 19.06.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Kari Anne Brynjelsen

Avdelingsleiar

901 09 185

kari.anne.brynjelsen@helse-fonna.no

Marian Yrke

Funksjonsleiar HAVO

905 45 974

marian.yrke@helse-fonna.no

Om bedriften

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

2b7711ea-926b-4b3c-981a-078bdb69d7b0

Sist endret

5. juni 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

e239e1becac14edab0b1b087179d6a67

Lignende annonser

Laster lignende annonser