Fagkonsulent
Bufetat
Rennesøygata 16, 5537 Haugesund
Om jobben
- Stillingstittel
- Fagkonsulent
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 3
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest torsdag 2. juli
Om stillinga og arbeidsstaden
Ved Senter for foreldre og barn i Stavanger har vi ledig 3 faste fagkonsulentstillingar i 100 %.
Vi utvidar og etablerar eit team i Haugesund som skal dekke senterets heimebaserte tenester i Fonnaområdet.
Kvar dag arbeider vi for at barn i sine mest sårbare år skal få det dei treng for å vekse og utvikle seg. Vi møter familiar som står i krevjande situasjonar, og vi arbeider med kartlegging, samspelobservasjon, rettleiing og behandlingsarbeid – alltid med barnet sitt perspektiv som kompass.
Vi er eitt av tre senter med døgnavdelingar i Bufetat region vest. Barna i målgruppa er 0–6 år, med prioritering av 0–2 år. Kjerneoppgåva er å bistå kommunale barnevernstenester med spesialisert utgreiing i barnevernstenesta si undersøking etter lov om barnevern §§ 2-2/2-3.
Senteret kan òg tilby omsorgsendrande hjelpetiltak etter lov om barnevern § 3-1, med fokus på utvikling av foreldreferdigheitar og å styrkje tilknytinga mellom foreldre og barn.
Arbeidstida er ei fleksitidsordning der det må reknast med noko arbeid på kveld og eventuelt også helg.
Vi er eit tverrfagleg miljø som tek fag på alvor, men som òg veit at ein god latter innimellom gjer oss til betre hjelparar. Du vil arbeide saman med folk som stiller opp og støttar kvarandre. Vi deler kunnskap og arbeider aktivt for å utvikle kompetansen vår. Vi stiller spørsmål, utfordrar kvarandre og vil kvarandre vel.
Arbeidsoppgåver
- utgreiing og hjelpetiltak etter barnevernlova §§ 2-2, 2-3 og 3-1
- utgreiing med analysar og vurderingar av omsorgssituasjonen; foreldra si fungering, barnet si utvikling og samspel
- oppgåver knytt til standardisert forløp for utgreiing av omsorgssituasjonen til sped- og småbarn
- ansvar for dokumentasjon og rapportar i saker
- utføre relevante og kunnskapsbaserte metodar i barnevernsfagleg arbeid
- arbeide i team og samarbeide med tilsette i eit sterkt fagmiljø
- bistå med fagleg kompetanse internt og eksternt
- vere ein pådrivar for høg kvalitet og fagleg utvikling hjå oss
- rettleiing av foreldre
- vitneførsel i nemnd og rettsinstansar
- samarbeid med foreldre og samarbeidspartar
Kva bakgrunn har du?
Må-krav:
- 3-årig sosialfagleg høgskuleutdanning som barnevernspedagog, sosionom eller vernepleiar.
- Anna relevant treårig høgskuleutdanning kan vurderast.
- Relevant vidareutdanning; minimum 30 studiepoeng i kombinasjon med erfaring frå barnevernfagleg arbeid, eventuelt 60 studiepoeng/master.
- Erfaring frå barnevernfagleg arbeid, og erfaring fra arbeid med sped- og småbarn.
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne.
- God vurderingsevne.
- God til å samarbeide og jobbe i team.
- Sertifikat personbil klasse B.
Bør-krav:
- Erfaring med rettleiing.
- Sertifisering/kunnskap knytt til metodar i utrednings- og behandlingsarbeid med foreldre, sped- og småbarn.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
- har stort engasjement for dei aller minste borna, og som vil bringe deira behov tydelegare inn i barnevernsarbeidet
- som trivst i arbeidet med kartlegging, samspel, utviklingspsykologi og rettleiing
- er lærevillig òg nysgjerrig og villig til å utvikle deg saman med resten av teamet
- organiserer arbeidsdagen din, tek ansvar og bidreg til eit godt arbeidsmiljø, både fagleg og sosialt
- både kan vere varm og tydeleg i møte med familiar og samarbeidspartnarar – og som toler at ingen dagar er heilt like
Kva får du hos oss?
- Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ, stillingskode 1495 barnevernspedagog, 1494 sosionom, 1508 vernepleiar eller 1489 miljøterapeut, p.t. kr 520 000 – 660000.
- Ved minst 60 studiepoeng relevant vidareutdanning er stillinga plassert i stillingskode 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, 1185 spesialutdanna sosionom, 1509 spesialutdanna vernepleiar, 1534 spesialutdanna miljøterapeut, 1496 klinisk barnevernspedagog eller 1173 klinisk sosionom, p.t. kr 590 000 – 700 000.
- Løn og stillingskode vert vurdert etter utdanning og erfaring.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse med gode låne-, pensjons- og forsikringsordninger (http://spk.no). Frå løna vert det trekt 2 % pensjonsinnskudd.
I tillegg får du:
- eit sterkt fagmiljø som verdset kompetanse og samarbeid, som både utfordrar og heiar
- gode moglegheiter for fagleg utvikling og rettleiing
- varierte arbeidsoppgåver
- du kan trene ein time per veke i arbeidstida
- ein meiningsfull jobb der du verkeleg ser at arbeidet ditt betyr noko
- du får vere med på å løfte oss slik at vi kan gi små barn og familiar eit endå betre tilbod – og det meiner vi har ein stor verdi i seg sjølv!
Opplysningar til deg som søkjar
- Vi søkjer etter dei beste hovuda uavhengig av kulturell bakgrunn, alder, hol i CV eller funksjonsevne, og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss.
- Stillinga er for tida lagd til Senter for foreldre og barn i Stavanger ved kontorlokaler i Haugesund.
- Politiattest må leggjast fram ved tilsetjing, jf. lov om barnevern § 12-11 andre ledd og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggjast ved søknaden.
- Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkjarlista. Dette må i så fall grunngivast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje blir teke til følgje.
- Prøvetid i samsvar med Statens personalhandbok.
- Opplever du tekniske utfordringar når du fyller ut søknaden, tilrår vi at du tek kontakt med teknisk support hos Grade Jobbnorge.
Kva skal søknaden din innehalde?
For å bli vurdert som søkjar må du fylle ut felta for utdanning og arbeidserfaring, og leggje ved vitnemål og attestar med bekrefta stillingsstorleik. Vitnemål skal lastast opp frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Ber også om at du legg inn kopi av fysisk førarkort, og skjermbilde av kontrollbildet på digitalt førarkort eller skjermbilde av førarkortstatus på vegvesenet.no
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor.
I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon.
Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg.
Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
de1b0d32-d060-48ed-9c45-a3c90e5d6f74
- Sist endret
18. juni 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10300264