Hopp til innhold

Vernepleiar/fagarbeidar/miljørettleiar i Tilrettelagte tenester

Arbeidsgiver

Øystre Slidre kommune

Sted

Bygdinvegen 1989, 2940 Heggenes

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Vernepleiar/fagarbeidar/miljørettleiar i Tilrettelagte tenester
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig
Tilrettelagte tenester har ledig to stillingar:
  • 100% engasjement som fagarbeidar/miljøterapeut i perioden 01.01.2026 - 31.12.2026.
  • 100% vikariat som vernepleiar i perioden 01.01.2026 - 31.01.2027.

Begge stillingane har moglegheit for tidlegare oppstart. Det kan òg bli aktuelt med forlenging.

Ynskjer du deg ein jobb med meining og varierte arbeidsdagar i eit godt fagmiljø? Tilrettelagte tenester yter tenester til menneske med ulike bistandsbehov i alle aldrar. Arbeidet er svært allsidig, og kan variere mellom alt frå bistand til dagleglivets gjeremål, til fritidsaktivitetar og avlastning for born og ungdom. Tenesta er aukande, og det er særleg behov for medarbeidarar som ynskjer å arbeide med born/ungdom og unge vaksne.

Vi har nettopp starta opp i innovasjonsprosjektet TØRN, og er med i eit nytt læringsnettverk spesielt retta inn mot denne type teneste. Vi går difor ei spennande tid i møte, med mål om å utvikle tenesta til det beste for tenestemottakarar og tilsette. Med andre ord er dette ei god muligheit til å vere med på ein spennande prosess! Vi søkjer deg som har utdanning og autorisasjon som vernepleiar, har fagbrev som helsefagarbeider/barne- og ungdomsarbeider, eller har anna relevant 3-årig utdanning.


Arbeidsoppgåver

  • Arbeid i bustad for menneske med utviklingshemning og ulike bistandsbehov
  • Arbeid i avlastningsbustad for born og unge
  • Utøve målretta miljøarbeid
  • Hjelpe og rettleie tenestemottakarar i daglege gjeremål og vere med på fritidsaktivitetar
  • Medikamenthandtering

Vernepleiar:

  • Systematisk fagleg oppfølging og rettleiing av kolleger
  • Delta i aktuelle brukerretta møter
  • Sikre at arbeidet blir utført etter gjeldande lover, regler og prosedyrer
  • Utarbeide og følgje opp vedtak etter HOL kap 9 der det er aktuelt
  • Utarbeiding av individuell plan, fungere som koordinator i ansvarsgrupper
  • Samarbeid med pårørande/verge, spesialisthelseteneste og andre samarbeidspartar 
  • Direkte brukerretta miljøterapeutisk arbeid i bustad for menneske med utviklingshemning og ulike bistandsbehov
  • Utarbeide og gjennomføre ulike tiltak
  • Utarbeide og evaluere rutiner

Kvalifikasjonar

  • Vernepleiar: Utdanning og autorisasjon som vernepleiar. Andre med relevant 3-årig utdanning kan og søke.
  • Fagarbeidar: har fagbrev som helsefagarbeider/barne- og ungdomsarbeider. Andre med relevant fagbrev og erfaring kan og søke.
  • Kjennskap til målretta miljøarbeid og evne til å arbeide målretta etter tiltak
  • Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
  • Du bør ha førarkort for bil
  • Godkjent politiattest må framleggast før du startar

Personlege eigenskapar

  • Du må vere etisk reflektert, møte alle med respekt og ha brukaren sin sjølvråderett i fokus
  • Evne til å jobbe sjølvstendig og i team, ta initiativ, vere løysningsorientert og lærevillig
  • Vere fleksibel, positiv, ansvarsbevisst og ha gode samarbeidsevne
  • Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar

Vi tilbyr

  • Stor moglegheit for å vere med på å utvikle arbeidsplassen og innhaldet i stillinga
  • Eit godt arbeidsmiljø med mange fagleg dyktige tilsette
  • Ein arbeidsgjevar som ønskjer å satse på deg dersom du ønskjer fagleg utvikling og påfyll
  • Moglegheit for tilpasning og fleksibilitet i stillinga for å imøtekomme din livssituasjon
  • Konkurransedyktige vilkår
  • Nødvendig opplæring og rettleiing
  • God pensjonsordning
  • Lønnsuttelling for relevant vidareutdanning

Kontaktinformasjon

Maren Hvitmyhr, Avdelingsleiar Tilrettelagte tenester, +47 90074703

Arbeidsstad

Bygdinvegen 1989
2940 Heggenes

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommune

Referansenr.: 5014852050
Stillingsprosent: 100%
Vikar, Engasjement
Søknadsfrist: 23.11.2025

Om bedriften

Nasjonalparkkommunen Øystre Slidre ligg ved inngangsporten til Jotunheimen, med Beitostølen som et naturleg utgangspunkt. Vegen er kort til toppturar både sommar og vinter. 

Friluftsliv, jakt, fiske og stølsliv er viktig i kommunen. Du finn mellom anna deler av Langsua nasjonalpark, eit stort turløypenett og milevis med skiløyper i heile kommunen. På Valdresflye varar skisesongen lenge.  Velkommen til rein naturglede!

Reiseliv og jordbruk er blant dei største  næringane, og det finst spanande arbeidsplassar innan fleire bransjar.Øystre Slidre har dei siste åra hatt vekst i folketallet.

Øystre Slidre kommune skal tilby gode tenester til innbyggarar og tilreisande i alle aldersgrupper. Nytt og moderne helsetun stod ferdig i 2021. Eit rikt kulturtilbod, eit godt  tilbod til barn og unge og ein unik dugnadsånd er med på å gjere kommunen til ein attraktivt stad å bu. 

Gode handelstilbod finn ein både i kommunen og rundt regionsenteret Fagernes.

Vil du vite meir om Valdres? Vi har unik natur, kultur og er ein attraktiv region, sentralt i Norge. Les meir på valdres.no.

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

26629111-8297-42fb-a1da-f4dc58c4ec8d

Sist endret

24. november 2025

Hentet fra

talentech

Referanse

82ab36cb19f946a59ddb7bce6abe96f3

Lignende annonser

Vernepleiar/fagarbeidar/miljørettleiar i Tilrettelagte tenester - arbeidsplassen.no