Hopp til innhold

Sumarvikarar sjukepleiar, vernepleiar eller annen relevant helsefagleg utdanning

Arbeidsgiver

Helse og omsorg, Vestre Slidre kommune

Sted

Slidrevegen 16, 2966 Slidre

Om jobben

Stillingstittel
Sommarvikarar sjukepleiar, vernepleiar eller annen relevant helsefagleg utdanning
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest onsdag 11. mars

Vestre Slidre kommune søkjer sumarvikarar i juni, juli og august til helse- og omsorgstenestene i kommunen.

Har du lyst til å ha ein sumarjobb kor du kan bidra og samstundes lære mykje?  Då er det kanskje deg vi treng!

Har du moglegheiter til å jobbe komprimert i ei kortare periode, er vi opne for å sjå på løysingar på dette.


Arbeidsoppgåver

Vi treng ferievikarar til:
  • Heimetenesta, i tillegg til sjukepleiar i fengselshelsetenesta ved behov
  • Institusjon og heildøgnsbemanna omsorgsbustadar
  • Miljøarbeidertenesta 
  • Legesenteret
Ber om at du skriv i søknaden kvar du ynskjer å arbeide. Kan vere aktuelt å jobbe på tvers i ulike avdelingar, om det er behov

Kvalifikasjonar

  • Du må ha fylt 18 år
  • Sertifikat for personbil er naudsynt for å jobbe i heimetenesta
  • Norsk autorisasjon som sjukepleier, eller vernepleier. Men helsefagarbeider samt studentar og elevar innan ulike helse- og sosialfaglege utdanningar, kan også søke.
  • Gode norskkunnskapar - munnleg og skriftleg
  • Gyldig politiattest må leverast

Personlege eigenskapar

  • Kunne arbeide sjølvstendig, men også i team
  • Positiv og engasjert i arbeidsoppgåvene
  • Gode kommunikasjonseigenskapar
  • Evne til, og interesse av å lære nye ting
  • Fleksibel 
  • Personleg eignaheit vert vektlagt

Vi tilbyr

  • Eit godt og triveleg arbeidsmiljø
  • Gode forhold for samarbeid, utvikling og kompetanseutnytting
  • Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar

Kontaktinformasjon

Hanne Kårstad, Avdelingsleiar, +47 97592703

Arbeidsstad

Slidrevegen 16
2966 Slidre

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestre Slidre kommune

Referansenr.: 5086088558
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 11.03.2026

Kontaktperson for stillingen

Hanne Kårstad

Avdelingsleiar

+47 97592703

Om bedriften

Andre opplysningar

 Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Arbeidsplassen vil bli tilrettelagt ved behov. Det vert gjort merksam på at namnet på ein søkjar kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om at namnet blir unnteke offentleg søkjarliste. Ynskje om unntak frå offentleg søkjarliste må grunngjevast i søknaden, jf. offentleglova § 25, andre ledd. Søkjaren vert varsla dersom ynskje ikkje kan takast til følgje.

 

Vestre Slidre kommune er ein landbruks- og reiselivskommune i Valdres, og som ligg vakkert til nær Jotunheimen, er 457 km2 stor og har omlag 2 100 innbyggjarar. Vi har ei god skule, full barnehagedekning og ei av dei beste kulturskulane i landet. Kommunen har også eit rikt kulturliv med song, musikk og idrett, og eit vidt spekter innanfor lag og foreiningar.

Her ligg det til rette for aktivt friluftsliv - både sommar og vinter. Største delen av fjellområda i kommunen er statsallmenning. For jakt- og fiskeinteresserte byr dette på mange gode - som for eksempel fiske med garn og oter i alle vatn i allmenningen, og tilgang til småviltjakt. Vestre Slidre kommune kan også by på eit alpinanlegg og 300 km oppkøyrte skiløyper i vårt vakre og varierte fjellområde, samt to lysløypeanlegg. Det er god kommunikasjon til Oslo og Vestlandet via E-16, som går gjennom kommunen.

Flytte til Valdres? Sjå http://www.velgvaldres.no

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

1778f7a0-8a39-490a-b03d-28c52913f748

Sist endret

26. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

b00a708594754ba2a432f0ce49d2cb09

Lignende annonser