Hopp til innhold

Sjukepleiar 100% vikariat 

Arbeidsgiver

Vestre Slidre kommune

Sted

Slidrevegen 16, 2966 Slidre

Om jobben

Stillingstittel
Sjukepleiar 100% vikariat
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 10. mars

Vestre Slidre kommune søkjer etter sjukepleiar til eit 100 % vikariat i heimetenesta, frå 07.04.26 til 01.03.27. Arbeidstidsordninga er tredelt turnus, med moglegheit for langvakter kvar 6. helg.

Heimetenesta yter tenester til heimebuande i alle aldre, som har rett på nødvendig helsehjelp i henhald til Helse- og omsorgstjenesteloven. Det er eit sjølvstendig arbeid, med stor variasjon.

På helgvaktene har sjukepleiar det faglige ansvar både i heimetenesta og på helsetunet. Utfører konkrete sjukepleieoppdrag og ellers hjelper til der det er behov. 

Det er ynskjeleg å legge til rette for fagleg kompetanseheving i vårt arbeid. Vi er ein dyktig gjeng med brei fagleg kompetanse, beståande  av bl. a. allmennsjukepleiar, fagsjukepleiar, sjukepleiarar og helsefagarbeidarar. Vi jobbar med velferdsteknologiske løysingar, saman med velferdskoordinator. Vi har óg eit tett samarbeid med hukommelseteamet, ergoterapeut, fysioterapeut og kreftsjukepleiar.


Arbeidsoppgåver

  • Sjukepleiefagleg ansvar for tenesta på dag, kveld og natt
  • Primæransvar for pasientar - kunne bistå pasientar i tråd med vedtak, behov og faglege krav
  • Medikamentadministrasjon
  • Dokumentasjon
  • Samarbeide med blant anna pasientar, fastlege, ergo/fysio, sjukehus, pårørande og apotek
  • Fagleg oppdatering - sørge for å innhente opplysningar og kunnskap for å kunne gi forsvarlege tenester
  • Handtere tryggheitsalarmar og akutte hendingar hjå pasientar
  • Bruk av digitale verktøy
  • Samarbeide med kollegaer

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Gode norskkunnskapar - munnleg og skriftleg
  • Grunnleggande datakunnskapar
  • Førarkort kl. B. Tilgang til å kunne disponere eigen bil i sjeldne tilfeller, då mot skyssgodtgjersle etter regulativ.
  • Det er krav om å levere politiattest ved tilsetting.

Personlege eigenskapar

  • Evne og vilje til å arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta  
  • Være fleksibel og løysingsorientert 
  • Ha gode samarbeidsevner innad i avdelinga og på tvers av faggrupper
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Lojal, løysningsorientert og ansvarsbevisst
  • Personleg egnaheit vert vektlagt

Vi tilbyr

  • Spennande arbeidsoppgåver
  • Eit godt og triveleg arbeidsmiljø som er opptatt av det faglege
  • Medlemskap i KLP pensjonsordning
  • Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar
  • Arbeid i et nytt og flott helsetun

Kontaktinformasjon

Hanne Kårstad, Avdelingsleiar, +47 97592703

Arbeidsstad

Slidrevegen 16
2966 SLIDRE

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestre Slidre kommune

Referansenr.: 5085411419
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 10.03.2026

Kontaktperson for stillingen

Hanne Kårstad

Avdelingsleiar

+47 97592703

Om bedriften

Andre opplysningar

 Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Arbeidsplassen vil bli tilrettelagt ved behov. Det vert gjort merksam på at namnet på ein søkjar kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om at namnet blir unnteke offentleg søkjarliste. Ynskje om unntak frå offentleg søkjarliste må grunngjevast i søknaden, jf. offentleglova § 25, andre ledd. Søkjaren vert varsla dersom ynskje ikkje kan takast til følgje.

 

Vestre Slidre kommune er ein landbruks- og reiselivskommune i Valdres, og som ligg vakkert til nær Jotunheimen, er 457 km2 stor og har omlag 2 100 innbyggjarar. Vi har ei god skule, full barnehagedekning og ei av dei beste kulturskulane i landet. Kommunen har også eit rikt kulturliv med song, musikk og idrett, og eit vidt spekter innanfor lag og foreiningar.

Her ligg det til rette for aktivt friluftsliv - både sommar og vinter. Største delen av fjellområda i kommunen er statsallmenning. For jakt- og fiskeinteresserte byr dette på mange gode - som for eksempel fiske med garn og oter i alle vatn i allmenningen, og tilgang til småviltjakt. Vestre Slidre kommune kan også by på eit alpinanlegg og 300 km oppkøyrte skiløyper i vårt vakre og varierte fjellområde, samt to lysløypeanlegg. Det er god kommunikasjon til Oslo og Vestlandet via E-16, som går gjennom kommunen.

Flytte til Valdres? Sjå http://www.velgvaldres.no

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

482d8ff0-84cc-4c06-9bc1-575299377b4b

Sist endret

24. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

5b05b9204d724a5891992f9806f1a5be

Lignende annonser