Hopp til innhold

100 % vikariat som sjukepleiar på Helsetunet 

Arbeidsgiver

Vestre Slidre kommune

Sted

Slidrevegen 16, 2966 Slidre

Om jobben

Stillingstittel
Sjukepleiar
Oppstart
25. mai 2026
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 8. mars

Ein av våre dyktige sjukepleiarar skal ut i svangerskapspermisjon. Vi treng derfor ein ny sjukepleiar med på laget vårt og har ledig vikariat 100 % stilling. 
Stillinga er ledig frå 25.05.2026

Helsetunet består av 20 institusjonsplassar, fordelt på tre avdelingar, med langtids- og korttidsplassar. I tillegg har vi 12 heildøgnsbemanna omsorgsbustadar for menneske med kognitiv svikt og alderspsykiatri, dette fordelt på to avdelingar.

Stillingen er turnusarbeid, i kalenderplan, med arbeid kvar sjette helg, langvakter. Då har du ansvar både ute i heimetjenesten og inne på helsetunet. Dette har vi god erfaring med, og dei som jobbar kvar sjette helg kjenner at dei har meir fri på helg og er fornøgde med ordninga. 

Ring oss gjerne for ein uforpliktende prat og omvisning.  


Arbeidsoppgåver

  • Kartlegging, veiledning og oppfuljing av pasientar med, og uten, kognitiv svikt og alderspsykiatriske diagnoser.  
  • Vere med på å halde fokus på fagutvikling, etisk refleksjon. 
  • Sørge for flyt i avdelinga.
  • Legemiddelhandtering,  laboratorieoppgaver, og anna pasientrelatert administrasjon. 
  • Handtere velferdsteknologiske løysingar
  • Bidra til å kvalitetssikre at pasientane sin tilstand blir jamnleg vurdert og evaluert. Vere med på vurderingar for å gi pasientar rett oppfølging og vurdering av evt. endra omsorgsnivå.
  • Tverrfagleg samarbeid.
  • Bidra til eit fagleg klima med fokus på tilpassa aktivitet for den enkelte bebuar.  
  • Veilede studentar

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Gyldig politiattest må leverast før oppstart.
  • Gode norskkunnskapar - munnleg og skriftleg. Krav til B2 nivå i norsk.
  • Ynskjeleg med erfaring i arbeid med menneske med kognitiv svikt og alderspsykiatri, men ingen krav. 
  • Fordel med relevant videreutdanning, men ingen krav
  • Kjennskap til pasientjournalsystemet Profil er en fordel
  • Førarkort i klasse B

Personlege eigenskapar

  • Kunne arbeide sjølvstendig og ha gode samarbeidsevner
  • Fleksibel, løysingsorientert og endringsvillig.
  • Evne til å skape framdrift , ta ansvar. 
  • God arbeidskapasitet, evne til å prioritere arbeidsoppgaver
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Personleg eignaheit vert vektlagt.

Vi tilbyr

  • Eit godt fagleg og triveleg arbeidsmiljø 
  • Regelmessig internundervisning 
  • God pensjonsordning
  • Etisk nettverksfellesskap under arbeid
  • Løn etter tariff og arbeidsvilkår elles, etter gjeldande lovverk.
  • Sjukepleiarar med mindre enn 10 års ansiennitet, blir automatisk lønsplassert med ti års ansiennitet ved tilsetting.

Kontaktinformasjon

Bente Haugen, Leiar Helsetunet, 99690622, bente.haugen@vestre-slidre.kommune.no

Arbeidsstad

Slidrevegen 16
2966 SLIDRE

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestre Slidre kommune

Referansenr.: 5082079607
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 25.05.2026
Sluttdato: 24.05.2027
Søknadsfrist: 08.03.2026

Kontaktperson for stillingen

Bente Haugen

Leiar Helsetunet

99690622

bente.haugen@vestre-slidre.kommune.no

Om bedriften

Andre opplysningar

 Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Arbeidsplassen vil bli tilrettelagt ved behov. Det vert gjort merksam på at namnet på ein søkjar kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om at namnet blir unnteke offentleg søkjarliste. Ynskje om unntak frå offentleg søkjarliste må grunngjevast i søknaden, jf. offentleglova § 25, andre ledd. Søkjaren vert varsla dersom ynskje ikkje kan takast til følgje.

 

Vestre Slidre kommune er ein landbruks- og reiselivskommune i Valdres, og som ligg vakkert til nær Jotunheimen, er 457 km2 stor og har omlag 2 100 innbyggjarar. Vi har ei god skule, full barnehagedekning og ei av dei beste kulturskulane i landet. Kommunen har også eit rikt kulturliv med song, musikk og idrett, og eit vidt spekter innanfor lag og foreiningar.

Her ligg det til rette for aktivt friluftsliv - både sommar og vinter. Største delen av fjellområda i kommunen er statsallmenning. For jakt- og fiskeinteresserte byr dette på mange gode - som for eksempel fiske med garn og oter i alle vatn i allmenningen, og tilgang til småviltjakt. Vestre Slidre kommune kan også by på eit alpinanlegg og 300 km oppkøyrte skiløyper i vårt vakre og varierte fjellområde, samt to lysløypeanlegg. Det er god kommunikasjon til Oslo og Vestlandet via E-16, som går gjennom kommunen.

Flytte til Valdres? Sjå http://www.velgvaldres.no

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

96b983c3-5b77-4fdd-ada3-699f653f60b1

Sist endret

23. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

5ad52c3390b04f5284d101514a7c9977

Lignende annonser