Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?
Bjørnafjorden kommune Nore Neset barneskule
Skeismyra 2, 5217 Hagavik
Om jobben
- Stillingstittel
- Undervisningsstillingar ved Nore Neset barneskule
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest onsdag 28. januar
- 100% vikariat undervisningsstilling frå 01.04. - 31.12.2026
- 50% vikariat undervisningsstilling frå snarast – 31.07.2027
Vi søker deg som vil vere med å bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø og gode i Bjørnafjorden kommune, der alle skal med.
Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi arbeidar målretta for å skape trygge oppvekstvilkår, og der skuleutvikling står sentralt. Satsingsområda i Bjørnafjorden kommune er trygge og gode skulemiljø som skal leggje til rette for fagleg og sosial utvikling for alle. Lesing og arbeid med språk er også satsingsområde.
Vi bidrar til ein god start for nyutdanna nytilsette lærarar gjennom mentorordning og faste nettverk.
Arbeidsstad
Nore Neset barneskule ligg vakkert til ved Liafjellet i Hagavik.
Skuleåret 2025-26 vil skulen ha 300 elevar. Saman om læring – SOL- summerer opp kjerneverdiane våre: at elevane våre skal oppleva anerkjenning, tryggleik og meistring.
Du kan lese meir om Nore Neset barneskule på nettsida vår: www.noreneset.no
Arbeidsoppgåver
Faglærarar på 1.-7. trinn, kontaktlæraransvar kan bli mogleg
Kvalifikasjonar
Godkjent lærarutdanning frå høgskule eller universitet. Utanlandsk utdanning må vere godkjent av HK-dir. Det vil sei at du må kunne vise til både:
- «godkjenning av utanlandsk høgare utdanning»
- «godkjenning som lærer i skole eller styrer og pedagogisk leder i barnehage»
God munnleg og skriftleg framstillingsevne er ein føresetnad. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.
I tråd med opplæringslova stiller vi krav om tilfredsstillande politiattest av den som får tilbod om stillinga.
Eigenskapar
- god fagleg kompetanse
- er ein tydeleg, trygg og engasjert klasseleiar og rollemodell
- er aktiv i pedagogisk utviklingsarbeid
- er framtidsretta innan digital undervisning
- bidra til eit godt og inkluderande læringsmiljø
- er fleksibel og har evne til å finne gode løysingar
- har gode evner til samarbeid og til å skape gode relasjonar til elevar, foreldre og kollega
- godt humør
Søkarane vil bli vurderte i høve til personlege eigenskapar og skulen sine behov. Aktuelle søkarar blir kalla inn til intervju.
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeider for å få etablert heiltidskultur i kommunen
For undervisningsstillinger kan du lese meir om pensjonsordninga hos Statens Pensjonskasse; Forside SPK.no - Statens pensjonskasse
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.
Etter utløpet av søknadsfristen vil det bli utarbeidd ei offentleg søkjarliste. Denne vil innehalda namn, alder, stilling eller yrkestittel og dessutan bustad- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn dersom ein søkjar ber om det, men opplysningar kan likevel bli offentleggjort i samsvar med gjeldande regelverk. Dersom ei oppmoding om unntak ikkje blir teken til følgje, vil søkjaren bli varsla.
Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
23d24034-32e1-4ed2-bd56-e2e9b1c49d94
- Sist endret
14. januar 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3584045_207773_nn
Lignende annonser
Avdelingsleiar ved Nore Neset barneskule
Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune Nore Neset barneskule
Sted
Hagavik
Miljørettleiar/ fagarbeidar ved Lunde barneskule
Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune Lunde barneskule
Sted
Os
Lærling i barne- og ungdomsarbeidarfaget
Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune Oppvekst
Sted
Os