Hopp til innhold

Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?

Arbeidsgiver

Bjørnafjorden kommune Nore Neset barneskule

Sted

Skeismyra 2, 5217 Hagavik

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Avdelingsleiar ved Nore Neset barneskule
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Ved Nore Neset barneskule har vi ledig fast 100% stilling som avdelingsleiar frå 01.05.2026.
Har du lyst til å vere med å leie skulen vår? Vi søker deg som vil vere med å bidra til eit godt læringsmiljø og gode resultat for skulane i Bjørnafjorden kommune, der alle skal med.
Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi arbeidar målretta for å skape trygge oppvekstvilkår, og der skuleutvikling står sentralt. Satsingsområda i Bjørnafjorden kommune er trygge og gode skulemiljø som skal leggje til rette for fagleg og sosial utvikling for alle. Lesing og arbeid med språk er også satsingsområde. 

Arbeidsstad Nore Neset barneskule
Nore Neset barneskule ligg vakkert til ved Liafjellet i Hagavik.
Skuleåret 2025/26 har skulen 302 elevar. «Saman om læring» summerer opp kjerneverdiane våre: at elevane skal oppleva anerkjenning, tryggleik og meistring og at dei skal bli møtt med respekt og omsorg. Saman med føresette lagar vi gode rammer rundt barna.
Du kan lese meir om Nore Neset barneskule på nettsida vår: www.noreneset.no 

Arbeidsoppgåver
- Pedagogisk leiing og personalansvar
- Følge opp læringsarbeidet og elevane si faglege utvikling
- Legge til rette for pedagogisk utviklingsarbeid, og delta i eit lærande fellesskap
- Dialog med føresette
- Vikararbeid
- Oppfølging SFO kan bli del av arbeidsoppgåvene
- Samarbeide med PPT og delta i skulen sitt tverrfaglege samarbeid
- Vere del av skulen og kommunen sine leiarteam

Kvalifikasjonar
Godkjent relevant utdanning frå høgskule eller universitet og kompetanse for barnetrinnet.
Utanlandsk utdanning må vere NOKUT-godkjent. Det vil sei at du må kunne vise til både:
- «godkjenning av utanlandsk høgare utdanning»
­- «godkjenning som lærer i skole eller styrer og pedagogisk leder i barnehage»
- det er ønskeleg med leiarkompetanse som er relevant for stillinga
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne er ein føresetnad. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune
I tråd med opplæringslova stiller vi krav om tilfredsstillande politiattest av den som får tilbod om stillinga.

Eigenskapar
Du må vere ein relasjonsbyggar og ein trygg leiar som bidreg til inkludering og til eit godt lærings- og arbeidsmiljø. Vi vektlegg gode samarbeidsevner og ønsker tilsette med god fagleg kompetanse. Du må vere løysingsorientert, fleksibel og kunne delta aktivt i pedagogisk utviklingsarbeid. Du må ha god digital kompetanse.
Søkarane vil bli vurderte i høve til personlege eigenskapar og skulen sine behov.
Aktuelle søkarar blir kalla inn til intervju.

Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

For undervisningsstillingar kan du lese meir om pensjonsordninga hos Statens Pensjonskasse; Forside SPK.no - Statens pensjonskasse

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.

Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.


Link til søknadsskjema: Søk her

Om bedriften

Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette. Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko! Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

0764dd47-2c79-4466-b0c8-e84e49f26576

Sist endret

26. januar 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3582153_207773_nn

Lignende annonser

Arbeidsgiver

Spesialiserte fosterhjem Vestland, Bufetat

Sted

Bergen