Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?
Bjørnafjorden kommune Lunde barneskule
Klasavegen 10, 5208 Os
Om jobben
- Stillingstittel
- Miljørettleiar/ fagarbeidar ved Lunde barneskule
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Lunde barneskule har ledig ein fast 100% stilling som miljørettleiar/ vernepleiar/ fagarbeidar frå 16.02.26.
Vi søker deg som vil vere med å bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø og gode resultat i skulane i Bjørnafjorden kommune, der alle skal med. Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi arbeidar målretta for å skape trygge oppvekstvilkår, og der skuleutvikling står sentralt.
Lunde barneskule er ein 1-7 -skule med rundt 320 elevar og 45 tilsette i ulike stillingsstorleikar. Skulen ligg i naturskjøne omgjevnader på Lunde i Bjørnafjorden kommune. Hausten 2017 tok vi i bruk eit heilt nytt og moderne skulebygg, med framtidsretta infrastruktur for den digitale skulen. Hausten 2021 opna vi den nye utehallen vår, som gjev gode moglegheiter for fysisk aktivitet ute gjennom heile året.
Skulen satsar på trivsel og tryggleik, og logoen vår «Lundehjartet» står sentralt. Vi arbeider etter verdiane meistring, anerkjenning og tryggleik. Vi legg derfor vekt på at elevar og tilsette skal få lære og utvikle seg i trygge rammer. «Vi elskar å lære».
Les gjerne meir om skulen vår på Lunde.gs.hl.no og facebook.com/Lundebarneskule.
Arbeidsoppgåver
Oppfølging av elevar gjennom skuledagen og på SFO. Samarbeid med dei ulike faggruppene i skulen, våre samarbeidspartar og føresette, og vere med på å utvikle og følgje opp alternative opplæringsmåtar i skulekvardagen.
Vår nye medarbeidar har ei viktig rolle i arbeidet med å skape trygge og gode rammer for læring og utvikling for elevane i tida dei er på skulen.
SFO ved skulen har ope i haustferie, vinterferie og tre veker av skulen sin sommarferie.
Kvalifikasjonar
Miljørettleiar/ vernepleiar / fagarbeidar, men søkarar med anna relevant utdanning og erfaring vil bli vurdert. Utanlandsk utdanning må vere godkjent av HK-dir. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.
Vi gjer merksam på at du må legge fram politiattest.
Eigenskapar
Ønskjer du å jobbe tverrfagleg inn i skulen og bidra med din kompetanse i komplekse oppgåver inn i eit viktig og samansett arbeidsfelt med barn og unge?
Vi ønsker ein strukturert og tydeleg medarbeidar, med gode evner til å kommunisere, som er løysingsorientert og som er glad i å jobbe med barn.
Engasjement, fleksibilitet, samarbeid, og vilje til endring og utvikling er viktig for oss.
I tillegg til formell kompetanse legg vi stor vekt på personlege eigenskapar.
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med navn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følge vil søkaren varslast om dette.
Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
af45852c-60ef-434d-8624-67ece2288528
- Sist endret
1. februar 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3581773_207779_nn
Lignende annonser
Avdelingsleiar ved Nore Neset barneskule
Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune Nore Neset barneskule
Sted
Hagavik
Arbeidsgiver
Olsvik skole, Bergen kommune
Sted
Olsvik
Tilkallingsvikar som fagarbeidar/assistent
Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune Skulane
Sted
Os
Styrar ved Lysekloster barnehage
Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune Lysekloster barnehage
Sted
Lysekloster