Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?
Bjørnafjorden kommune Lysekloster barnehage
Edne 19, 5215 Lysekloster
Om jobben
- Stillingstittel
- Styrar ved Lysekloster barnehage
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest søndag 22. mars
Vi søkjer deg som har engasjement for barnehagedrift, kvalitet og leiing. Som styrar har du ei viktig rolle som pådrivar av barnehagen sitt kvalitetsarbeid, og vi ønskjer deg som kan vere ein dyktig og inspirerande leiar for tilsette i dette arbeidet.
Du vil inngå i leiargruppa for Oppvekst i Bjørnafjorden kommune, og delta i tverrfagleg samarbeid, organisasjons- og leiarutvikling. Oppvekstområdet består av kommunale barnehagar, skular og Familiens hus. Som styrar vil du vere ein sentral aktør i kommunen sitt utviklingsarbeid retta mot barn og unge. Du skal, saman med dei andre leiarane på Oppvekstområdet, bidra til felles kulturbygging og gode og heilskaplege tenester på tvers.
Arbeidsstad:
Lysekloster barnehage ligg vakkert til på Edne, like ved Lysekloster idrettsplass og skule. Rundt barnehagen er det skogsområde, med fleire moglegheiter for tur. Vi nyttar området til å koma oss til skogs, til fjells og til sjøen. Vi har 5 avdelingar og per no 79 barn i alderen 0 – 6 år.
Vi har fokus på at kvart barn skal bli sett og høyrt. Det er viktig at barnet opplever glede og meistring i kvardagen. Mottoet vårt er: «Det er stort å vera liten»
Det er satt i gang eit prosjekt som skal sjå på nytt barnehagebygg på eksisterande tomt. Som ny styrar vil du få ei sentral rolle i dette spanande arbeidet.
Som styrar hos oss får du:
- Ein barnehage med stort fokus på fagleg innhald
- Eit godt arbeidsmiljø med positive kollegaer med stor arbeidsglede og godt humør
- Leiarstøtte og mentor
- Styrarnettverk
- Gode moglegheiter for kompetanseutvikling
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Løn etter avtale
Kvalifikasjonar:
- Utdanning som barnehagelærar eller annan høgskuleutdanning som gir barnehagefagleg og pedagogisk kompetanse
- Ønskeleg med vidareutdanning innanfor administrasjon og leiing, gjerne nasjonal styrarutdanning
- Ønskeleg med leiarerfaring frå barnehage
- Gode IT kunnskapar
- Særs gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune
Eigenskapar::
- Nytenkande, involverande og samlande leiar
- Målretta og resultatorientert
- Lyttande og reflektert
- Tar ansvar og initiativ, og har gjennomføringskraft
- Gode kommunikasjon- og samarbeidsevner
- Personlege eigenskapar blir vektlagt
Arbeidsoppgåver:
- Hovudansvar for den pedagogiske verksemda i barnehagen og leie det pedagogiske utviklingsarbeidet
- Utvikle barnehagen sitt leiarteam og utvikle barnehagen som ein lærande organisasjon
- Personalansvar
- Leie det daglege arbeidet slik at forsvarleg drift vert sikra
- Sikre effektiv bruk av ressursane innanfor vedtekne rammer og budsjett
- Bidra i tverrfagleg samarbeid
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.
Etter utløpet av søknadsfristen vil det bli utarbeidd ei offentleg søkjarliste. Denne vil innehalda namn, alder, stilling eller yrkestittel og dessutan bustad- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn dersom ein søkjar ber om det, men opplysningar kan likevel bli offentleggjort i samsvar med gjeldande regelverk. Dersom ei oppmoding om unntak ikkje blir teken til følgje, vil søkjaren bli varsla.
Vi vil aldri be søkjarar om å oppgi BANK-ID-informasjon i søknadsprosessen.
Kontaktperson: Irene Kvåle Foer, Barnehagesjef, mobil: 917 57 972, irfo@bjornafjorden.kommune.no
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
c0d8d030-90ac-4689-a87d-aa24791d6bf1
- Sist endret
6. mars 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3603521_207809_nn
Lignende annonser
Avdelingsleiar ved Nore Neset barneskule
Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune Nore Neset barneskule
Sted
Hagavik
Pedagogisk leder i barnehage
Arbeidsgiver
Vindharpen Barnehage Sa
Sted
Rådal
Landsbyrettleiar fosterbarn 100% vikariat
Arbeidsgiver
Øygarden kommune Familiehjelpa
Sted
Straume