Vil du vere med å gje barn og unge i Bjørnafjorden kommune gode oppvekstvilkår?
Bjørnafjorden kommune Oppvekst
Rådhuset, Torggata 7, 5200 Os
Om jobben
- Stillingstittel
- Lærling i barne- og ungdomsarbeidarfaget
- Type ansettelse
- Lærling, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 6
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 11. januar
Vi har jobba med lærlingar i fleire år, og kan tilby ein spennande arbeidsplass med dyktige, engasjerte medarbeidarar. Du får god opplæring, og blir følgd opp av ein rettleiar på arbeidsplassen og ein fagansvarlig i kommunen gjennom læreperioden.
Du vil følge dei opplæringsmodulane og fagplanane som er godkjent av Utdannings-og forskningsdepartementet for fagområdet.
Som lærling hos oss vil du jobbe eitt år i barnehage og eitt år på skule/SFO.
Vi har 6 læreplassar i år.
Arbeidsstad
Barnehage og grunnskule i Bjørnafjorden kommune
Arbeidsoppgåver
Delta i det daglige arbeidet i våre barnehagar og skular med tilhøyrande skulefritidsordningar.
Arbeide med kompetansemåla i læreplanen. Planlegge, gjennomføre og evaluere pedagogiske aktiviteter for barn og unge.
Kvalifikasjonar
Fullført og bestått VG2 barne- og ungdomsarbeidarfaget, men andre søkarar blir òg vurdert.
Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.
Søkere med ungdomsrett under 25 år vil bli prioritert.
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar.
Godkjent politiattest frå dei som får tilbod om lærlingeplass.
Eigenskapar
Vi ser etter deg som:
- viser motivasjon og interesse for faget
- er nysgjerrig og ønskjer å lære
- er opptatt av å skape gode relasjonar med barn og unge
- er til å stole på i møte med barn og vaksne
- er engasjert, tilstadeverande, positiv og fleksibel
- deltar aktivt i leik og aktivitatar
- liker å vere ute i all slags vær
- har gode evner til planlegging og skriftleg dokumentasjon
- er sjølvstendig og tar ansvar for eiga læring
Vi tilbyr
- Strukturert opplæring i barnehage, barneskule/SFO og ungdomsskule
- Tett oppfølging og fagleg rettleiing i læretida
- Eigne samlinger for lærlingar
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Lønn under utdanning etter gjeldande avtale
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
Som lærling i Bjørnafjorden kommune vil vi at du kan kjenne deg igjen i verdiane våre; «vi lyttar med respekt, vi finn smarte løysingar, vi gjer det vi seier og vi er inkluderande».
Vi ønskjer å ha mangfald på arbeidsplassane som gjenspeglar befolkninga og oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke.
Vi oppmodar til å ikkje vente med å sende inn din søknad då vi vurderar kandidatar fortløpande.
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med navn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følge vil søkaren varslast om dette.
Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
80b9a700-e17c-4521-a9fd-6072eb6331d5
- Sist endret
22. desember 2025
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3577919_195013_nn
Lignende annonser
Fagarbeidar/assistent ved Søfteland barneskule
Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune Søfteland barneskule
Sted
Søfteland
Lærling i helsearbeidarfaget
Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune Helse og velferd
Sted
Os
Undervisningsstilling vikariat ved Søfteland barneskule
Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune Søfteland barneskule
Sted
Søfteland