Lærling - barne-og ungdomsarbeidar
Tysnes kommune
Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal
Om jobben
- Stillingstittel
- Lærling - barne- og ungdomsarbeidar
- Type ansettelse
- Lærling, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 3
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 31. mars
Kom å bli med på laget!
Bli lærling og ta ei 2-årig fagutdanning i Tysnes kommune.Å vere lærling betyr at du utdannar deg til eit yrke ved å jobba i ei bedrift der du får opplæring og praksis innan eit fagområde. Dette er ei yrkesretta utdanning som blir avslutta med ein fagprøve. Etter bestått fagprøve får du fagbrev, og kan søka på jobb som barne- og ungdomsarbeidar.
Som læring i Tysnes kommune får du ein trygg og lærerik start på arbeidslivet. Du får god opplæring og tett rettleiing gjennom læretida, saman med dyktige og engasjerte kollegaer. Du får varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver, og moglegheit til å prøva deg i både barnehage skule og skulefritidsordninga.
Når du er lærling hos oss, er du tilsette samstundes som du er lærling. Me har difor ei forventning til deg og din innsats i læreperioden. Om lag halvparten av læreperioden er opplæring, medan den andre halvdelen er verdiskaping. Det vil være mykje opplæring i starten av lærlingforløpet, og mest verdiskaping og auka forventning til sjølvstendig arbeid mot slutten. Vårt mål er at du skal utvikla deg til ein trygg fagperson og ein god kollega og arbeidstakar.
Me har ledig inntil 3 plasser for barne- og ungdomsarbeidarfaget med oppstart 1.august 2026.Arbeidsoppgåver
- Arbeidet vil følga læreplan i barne- og ungdomsarbeidarfaget.
- Deltek i opplæringa gjennom å løyse arbeidsoppgåver i praksis.
- Deltek i opplæringa gjennom å løyse teoretiske oppgåver etter læreplan.
- Bidra til verdiskaping i lærefaget gjennom sjølvstendig arbeid.
- Deltek aktivt for å nå mål i opplæringa, og deltek i planlegging og vurdering av eige læringsarbeid.
Kvalifikasjonar
- Gjennomført og bestått VG1-helse og oppvekstfag, og VG2 - barne- og ungdomsarbeidarfag.
- God ordenskarakter og lite fråvær.
- God norskkunnskap både skriftleg og munnleg.
- Kompetansebevis må leggast med søknaden - Vg1 og Vg2
- Førarkort kl.B er ein fordel.
- Søkjar med Vg1 kan bli vurdert.
- Vaksne som har erfaring frå oppvekst-sektoren med fullført teoridel, kan bli vurdert.
Dersom du får tilbod om stilling og takkar ja, er det krav om politiattest i tråd med barnehagelova § 30, opplæringslova § 17-11, jf. politiregisterlova § 39 fyrste ledd jf. § 5‑4, samt eigenerklæring for tuberkulose og MRSA.
Personlege eigenskapar
Me ønsker deg som:
- har engasjement for faget
- er lærevillig og har evne til å ta imot rettleiing.
- tek initiativ, er sjølvstendig og har engasjement for faget
- har evne til sjølvstendig arbeid og kritisk refleksjon
- er ansvarleg og punktleg
- er fleksibel og tilpassar deg ulike oppgåver
Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt.
Kvifor skal du jobba hos oss?
Som læring hos oss får du ein god læringsarena med utfordrande arbeidsoppgåver, eit godt arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse, trygge og gode rettleiarar som er engasjert i sitt lærefag, samt opp
Løn bli gitt i samsvar med Hovudtariffavtalen. For fag som føl hovudmodellen med 2 år opplæring i skule og 2 år i Tysnes kommune vil det vere: 1.halvår: 30 % grunnløn, 2.halvår: 40 % grunnløn, 3.halvår: 50 % grunnløn, og 4.halvår: 80 % grunnløn.
Synest du stillinga verkar spennande, eller har du spørsmål? Ta gjerne kontakt med kontaktpersonane som står oppført i annonsen.
Informasjon til søkar
Søkar har sjølv ansvar for å laste opp alle relevante vedlegg innan søknadsfristen. For at søknaden skal bli vurdert, må du legge ved dokumentasjon på utdanning og arbeidserfaring, som vitnemål og tenestebevis/arbeidsattestar. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må du laste opp attesterte omsettingar.
Ønske om unntak frå den offentlege søkarlista blir vurdert etter reglane i offentleglova. Søkarar som ber om slikt unntak, blir varsla dersom ønsket ikkje kan takast til følge.
Tysnes kommune ønsker at rekrutteringa vår skal spegle mangfaldet i befolkninga. Alle kvalifiserte kandidatar blir oppmoda til å søke – uavhengig av kjønn, alder, funksjonsnedsetting, fleirkulturell bakgrunn eller om ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Me ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Draumen om livet på landet finn du på Tysnes!
Tysnes er ein sentralt plassert øykommune sør for Bergen. Her finn du dei same tilboda som i andre omkringliggande senter utanfor Bergen. Spør du oss, er dette den beste kommunen i verda å vekse opp i. Når me tel både store og små, er me om lag 3000 godlynte innbyggarar i Tysnes.
Kommunen er landfast med bru over Lukksund og har elles ferjesamband mot nord og sør.
Tysnes kommune har ca. 330 tilsette innan helse- og omsorg, skule og barnehage, tekniske tenester og offentleg administrasjon. Me er opptekne av å skape gode arbeidsplassar og gjere Tysnes til ein god stad å bu.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
3164136c-e032-4d69-960f-c3d29684e349
- Sist endret
2. mars 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10284946
Lignende annonser
Lærling - helsefagarbeidar
Arbeidsgiver
Tysnes kommune
Sted
Uggdal
Arbeidsgiver
Tysnes kommune
Sted
Uggdal
Arbeidsgiver
Tysnes kommune
Sted
Uggdal