Pasientkoordinator
DPS Dag, Helse Førde
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
Om jobben
- Stillingstittel
- Pasientkoordinator
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 21. juni
DPS dag er ein poliklinikk som gjev distriktspsykiatriske tilbod til kommunane i Sunnfjord og Ytre Sogn. Poliklinikken er ein seksjon i avdelinga Psykiatrisk klinikk. Tilsette i poliklinikken er tverrfagleg samansett med legar, psykologar og høgskuletilsette. Vi har eit aktivt forskingsmiljø tilknytt Psykiatrisk klinikk. Poliklinikken er lokalisert i Førde og Florø.
Mars 2021 flytta Psykiatrisk klinikk inn i nytt moderne bygg i Førde, der vi har 4 sengepostar med samla 41 døgnplassar, poliklinikk og ambulant vaksenhabilitering. Vi er samlokalisert med Førde BUP.
DPS dag tilbyr ei rekke ulike terapiformer som t.d. eMeistring, MBT-I/G, B4DT. DPS dag har arbeider med å opprette eit FACT team. Vi har òg eit oppsøkande team som jobbar med psykoselidingar. Vi ynskjer å legge tilrette for at søkjar med interesse for eit av dei nemnde felta får arbeidsoppgåver innanfor dette.
Psykiatrisk klinikk gir allmennpsykiatriske tenester til kommunane i Sunnfjord/Ytre Sogn. Klinikken har også sentralsjukehusoppgåver med akuttpost med ØH plikt og tverrfagleg spesialisert ruseining. Avdelinga har ca 200 årsverk og er lokalisert i Førde og Florø.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.
Nyttig info ved jobbsøknad til Psykiatrisk klinikk, Helse Førde HFArbeidsoppgåver
- Delta i inntaksteam, saksbehandle klager knytt til vurderingar av rett til helsehjelp, være stedfortreder i inntaksteam ved leiars fråvær
- Koordinere og kvalitetssikre pasientflyt og behandling, primært innan DPS dag, også mellom døgn og dag og omvendt
- Koordinatorrolle i spesialisthelsetenesta ved behov
- Samarbeide med andre avdelingar og tenester knytt til pasientforløp
- Klinisk arbeid ved behov; utgreiing, vurdering og behandling
- Rettleiing og undervisning ved behov.
- Andre oppgåver etter avtale med næraste leiar
- Arbeidsoppgåver og ansvar vil endre seg i takt med utvikling som skjer i avdelinga
Kvalifikasjonar og eigenskapar
- 3 årig høgskuleutdanning innan helse-/sosial og eit år relevant vidareutdanning innan psykisk helsevern-/rus
- God norsk munnleg og skriftleg formuleringsevne
- Ha god forståing for omsorgsnivå, kommunalt, DPS og sjukehus
- Minst 2 år relevant erfaring etter fullført høgskuleutdanning
- God evne til samarbeid er ein føresetnad
- Gode kommunikasjonsferdigheiter
- Strukturert og sjølvstendig
- Løysingsorientert
Vi tilbyr
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Rettleiing
- IA bedrift
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Rebecca Mendes Melvær, Seksjonsleiar, (+47) 578 39 707Arbeidssted
Svanehaugvegen 26812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.: 5138986760
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 21.06.2026
Kontaktperson for stillingen
Rebecca Mendes Melvær
Seksjonsleiar
(+47) 578 39 707
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2097b29f-4c12-4857-a810-d7038564cf65
- Sist endret
5. juni 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
0e806cf44d28428ea52545631633348f