Terapeut med høgskuleutdanning
DPS Dag, Helse Førde
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
Om jobben
- Stillingstittel
- Terapeut med høgskuleutdanning
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 21. juni
DPS dag har ledig 100% fast stilling for terapeut med høgskuleutdanning til OP-teamet.
OP-team er eit ambulant team som arbeider primært med pasientar som har alvorlege psykiske lidingar. OP-team planlegg å bli eit FACT-team på sikt. Vi ser etter deg som ønskjer å jobbe der pasientane er, og har eit ynskje om å samhandle på tvers av tenestenivå for å gi pasientar best mogleg oppfølging. DPS dag er opptatt av god samhandling, og vi motiverast av å ha pasientens ynskjer og behov i fokus.
DPS dag er ein poliklinikk som gir distriktspsykiatriske tilbod til kommunane i Sunnfjord og Ytre Sogn. Poliklinikken er ein seksjon i avdelinga Psykiatrisk klinikk. Dei tilsette i poliklinikken er tverrfagleg samansett med legar, psykologar og høgskuletilsette. Vi har eit aktivt forskingsmiljø knytt til psykiatrisk klinikk og har fleire tilsette i pågåande doktorgradsprosjekt om psykisk helse og behandling. Poliklinikken er lokalisert i både Førde og Florø.
Nyttig info ved jobbsøknad til Psykiatrisk klinikk, Helse Førde HFArbeidsoppgåver
- Utgreing og diagnostisering i samråd med spesialist
- Tilby erfarings- og kunnskapsbasert behandling i samråd med pasienten
- Delta og bidra i tverrfagleg team
- Den som vert tilsett, må arbeide ambulant
- Kartlegging av pasienten sine ressursar
- Arbeide innsatsstyrt i pasientbehandlinga
- Utarbeide behandlings- og kriseplanar - samt følge dei opp
- Utstrakt grad av samhandling med kommunar, fastlegar og pårørande
Kvalifikasjonar
- Helse- og/eller sosialfagleg høgskuleutdanning eller tilsvarande
- Vidareutdanning innan psykisk helsearbeid eller rus, det er ynskjelig med utvida kompetanse innan rusfeltet
- Lang relevant klinisk erfaring kan kompensere for manglande vidareutdanning
- Minimum to års klinisk erfaring frå arbeid med psykisk helse og/eller rus
- Forståing av systemet rundt pasienten og kjennskap til arbeidsoppgåver innan 1. og 2. lineteneste
- Norskkunnskapar: God skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Søkarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk, både skriftleg og munnleg
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Evne til å prioritere oppgåver i ein hektisk kvardag
- Eit reelt engasjement for pasientgruppa
- Evne til å skape gode relasjonar
- Gode samarbeidsevner
- Fleksibel og evne til å vere løysingsfokusert
- Lyst til å utvikle deg saman med oss
Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar
Vi tilbyr
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Rettleiing
- IA bedrift
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Rebecca Mendes Melvær, Seksjonsleiar, (+47) 578 39 707Arbeidssted
Svanehaugvegen 26812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.: 5133482520
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 21.06.2026
Kontaktperson for stillingen
Rebecca Mendes Melvær
Seksjonsleiar
(+47) 578 39 707
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
318e0bfd-4646-42a4-a364-a12bcc2aef01
- Sist endret
5. juni 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
e6ffec74f4834d6caaad8ce9323d3c52