Hopp til innhold

Innkjøpsrådgivar

Arbeidsgiver

Stab for juridisk og administrative tenester, Møre og Romsdal fylkeskommune

Sted

Julsundvegen 9, 6412 Molde, Borgundvegen 340, 6009 Ålesund, Fosnagata 12, 6509 Kristiansund N

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Innkjøpsrådgivar
Oppstart
1. april 2026
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1

Vil du vere med å utvikle innkjøpsområdet i Møre og Romsdal fylkeskommune? Vi har fått auka oppgåveportefølja vår innan tannhelse, og vi ønsker derfor å styrke fagmiljøet vårt på innkjøp. Vi har kontorstadar i Molde, Ålesund og Kristiansund og du kan sjølv velje kontorstad.

Vi søker etter deg som har god kompetanse og erfaring med innkjøpsarbeid, fortrinnsvis frå offentleg sektor. Du er vant med å jobbe sjølvstendig i ein travel arbeidskvardag, men søker og gode løysingar i samarbeid med andre når det er behov. Du har god erfaring med å arbeide i team og har god erfaring i bruk av digitale verktøy i arbeidet.

Innkjøpsseksjonen forvaltar juridisk sjef sitt ansvar for å forvalte fylkeskommunen sin overordna innkjøpsstrategi, og ansvar for å utarbeide og implementere prosedyrar og rutinar for å sikre at fylkeskommunen sine innkjøp skjer i samsvar med gjeldande regelverk.

Stabsavdelinga er organisert i 4 seksjonar, som er innkjøpsseksjonen, dokumentsenter, utvalssekretariat og juridisk seksjon, i tillegg til juridisk sjefs stab. Avdelinga har f.t 20 medarbeidarar i faste stillingar ved Fylkeshusa i Molde. På innkjøpsseksjonen er det i dag 4 innkjøparar inkludert innkjøpssjefen. 


Arbeidsoppgåver

  • Planlegging og gjennomføring av innkjøpsprosessar i fylkeskommunen
  • Ha ansvar for prosessar knytt til inngåing og oppfølging av fylkeskommunale rammeavtaler
  • Bidra med å styrke og utvikle det innkjøpsfaglege miljøet i seksjonen
  • Opplæring/kompetansehevingstiltak for anskaffingsansvarlege i organisasjonen
  • Gi innkjøpsfaglege råd og rettleie fylkeskommunen sine avdelingar i innkjøpsprosessar

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning på masternivå, til dømes innan økonomi, administrasjon, juss, revisjon, logistikk med fleire.
    Ein kombinasjon av relevant erfaring og utdanning på bachelornivå kan kompensere for kravet om utdanning på masternivå
  • Erfaring med bruk av digitale verktøy og systemforståing 
  • kjennskap til gjeldande lover og forskrifter knytt til offentlege anskaffelser 
  • Erfaring frå offentleg verksemd er ønskeleg, men nyutdanna vert også oppmoda om å søke 
  • gode skriftlege og munnlege kommunikasjonsevner på norsk

Personlege eigenskapar

  • God evne til å jobbe sjølvstendig, strukturert og målretta
  • Godt humør og evne til samarbeid internt og eksternt mot leverandørar
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • God erfaring med bruk av digitale verktøy i innkjøpsprosessen

Vi tilbyr

  • Ei utfordrande stilling med spanande innkjøpsfaglege oppgåver
  • Eit sterkt fagleg miljø som legg vekt på den innkjøpsfaglege kompetansen
  • God tilgang til fagleg utvikling
  • Offentleg pensjonsordning
  • Fleksitidsordning
  • Løn etter avtale

Kontaktinformasjon

Arnt Ove Hol, Innkjøpssjef, 99598981
Arild Inge Kjersem, Ass. Juridisk sjef, 97148154

Arbeidsstad

Julsundvegen 9
6412 Molde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune

Referansenr.: 5052108274
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.04.2026
Søknadsfrist: 05.01.2026

Om bedriften

Bli med å utvikle regionen saman med oss!

Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.

Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer medarbeidarar som tek ei aktiv, engasjert, reflektert og ansvarleg rolle i organisasjonen vår. Hos oss møtast menneskjer med ulik kompetanse- og utdanningsbakgrunn for å skape gode tenester til våre innbyggarar.

Møre og Romsdal fylkeskommune er oppteken av mangfald, og vi oppfordrar difor alle som er kvalifisert i henhald til stillingas krav, til å søkje hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.

For tilsetting i skole og tannhelsetenesta krevst det politiattest av kandidater som får tilbud om stilling.

Dersom det kjem fram av din søknad at du ønskjer konfidensiell handsaming, gjer vi merksam på følgjande: Opplysningar om søkar kan gjerast offentleg sjølv om søkar har bedt om konfidensiell behandling.
Søker vil da få tilsendt informasjon om dette jf. offentleglova § 25.

Lenke til --> Stab for juridiske og administrative tenester (mrfylke.no)

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

1e4ae635-426a-4f3c-9ba2-06614947f06c

Sist endret

6. januar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

9328eceedd4343bc953a471c6c8efd2f

Lignende annonser

Laster lignende annonser