Hopp til innhold

Rådgivar

Arbeidsgiver

SKS - Sunnmøre Kontrollutvalsekretariat IKS

Sted

Lerstadvegen 545, 6018 Ålesund

Om jobben

Stillingstittel
Rådgivar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest onsdag 25. mars

Er du samfunnsengasjert og opptatt av god forvaltning? Har du lyst til å bidra til betre tenester og styring i kommunane gjennom godt og systematisk kontrollarbeid?
Sunnmøre kontrollutvalsekretariat IKS (SKS) er eigd av kommunane Fjord, Giske, Haram, Stranda, Sula, Sykkylven, Ålesund. Vi leverer tenester til kontrollutvala i desse kommunane.


Kontrollutvalet er eit lovpålagt organ som rapporter direkte til kommunestyret. Utvalet har ei sentral rolle i kommunens eigenkontroll. For at kontrollutvalet skal vera i stand til å vareta sin funksjon best mogeleg er dei avhengig av tenester frå eit kompetent og uavhengig sekretariat.

SKS har i dag to tilsette, og har kontor i Breivika, Ålesund.

Vi har godt samarbeid med andre kontrollutvalsekretariat, der deling av fagleg kompetanse og inspirasjon vert sett høgt.

Arbeidsoppgåver

  • Gje kontrollutvala fagleg, administrativt og praktisk støtte
  • Sakshandsaming, førebuing og etterarbeid i samband med kontrollutvalsmøta
  • Bindeledd mellom kontrollutvala og revisjonen
  • Bindeledd mellom kontrollutvala og den kommunale leiinga
  • Gje opplæring og informasjon om kontrollfaget
  • Andre administrative oppgåver

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning på master- eller minimum bachelornivå, t.d. innan  juss/rettsvitskap, revisjon/økonomi eller samfunnsvitskap
  • Relevant arbeidserfaring i grenseflata mellom politikk og administrasjon
  • Kjennskap til offentleg forvaltning og relevant lovverk
  • God kompetanse på bruk av digitale verktøy
  • Kjennskap til elektronisk saksbehandlingssystem
  • God munnleg og skriftleg formuleringsevne, på begge målføre

Personlege eigenskapar

Denne stillinga krev høg integritet, gode verdiar og høg etisk standard. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

  • Du evnar å arbeide sjølvstendig
  • Du arbeider målretta, strukturert og er samarbeidsorientert
  • Du har analytiske evner, er endringsvillig og fleksibel
  • Du formidlar på ein tydeleg og tillitsvekkande måte
  • Du er trygg på det du gjer, men søkjer råd når du bør

Vi tilbyr

  • Løn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsvilkår i KLP
  • Fleksibel arbeidstid, ekstra fridagar som kompensasjon for arbeid utanfor normalarbeidstid
  • Tilbod om fagleg utvikling og påfyll
  • Bedriftshelseteneste
  • Moderne kontorlokale og parkeringsplass

 

Du må rekne med noko reising og møteverksemd utanfor normalarbeidstid. Du må ha førarkort og disponere eigen bil.

Oppstart etter avtale.

Det vil bli utarbeida ei offentleg søkarliste når søknadsfristen går ut.  jf. Offentleglova §25. Du har høve til å be om grunngjeve unntak frå offentleg innsyn. Dersom du ikkje får innvilga unntak, vil du bli kontakta før søkarlista blir utarbeida.Sjølv om du har fått innvilga unntak frå den offentlege søkarlista, vil du framkomme av utvida søkjarliste. Denne er berre tilgjengeleg for andre søkjarar som ber om den. 

 

Kontaktinformasjon

Solveig Kvamme, solveig.kvamme@sksiks.no

Arbeidsstad

Lerstadvegen 545
6018 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: SKS - Sunnmøre Kontrollutvalsekretariat IKS

Referansenr.: 5089583502
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.03.2026

Kontaktperson for stillingen

Solveig Kvamme

solveig.kvamme@sksiks.no

Om bedriften

Sunnmøre kontrollutvalsekretariat IKS er eit interkommunalt selskap som er eigd av 7 kommunar på nordre Sunnmøre. Selskapet har ein skrifteleg selskapsavtale med eigarane, etter IKS-lova. Selskapet har som føremål å levere kompetente og uavhengige tenester til kommunane sine kontrollutval.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

0e079b0b-2e06-4677-aaa9-d6d0a375f1c2

Sist endret

3. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

aba9c527eded49ab82f795291699be9f

Lignende annonser

Arbeidsgiver

Kommunalområde Helse, Ålesund kommune

Sted

Ålesund