Hopp til innhold

Rådgivar - bygningarv, kulturmiljø og samfunnsutvikling

Arbeidsgiver

Seksjon for kulturmiljø og friluftsliv, Møre og Romsdal fylkeskommune

Sted

Julsundvegen 9, 6404 Molde

Om jobben

Stillingstittel
Rådgivar bygningsarv og kulturmiljø
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hybridkontor

Søk på jobben

Søk senest mandag 6. april

Vil du vere med å bringe bygnings- og kulturarven inn i framtida? 

Vi søker ein engasjert rådgivar til spennande utfordringar i Møre og Romsdal. Her finn du ei rik kulturhistorie med eit mangfald av bygningar og kulturmiljø som treng ei hand som både er stødig og kreativ på vegen framover. 

Om stillinga 
Hos oss får du drive fram samarbeid og prosjekt der fellesnemnaren er å bevare og sjå kulturminne og kulturmiljø som ein ressurs. Vi utviklar nye bevaringsstrategiar for kystkultur, kulturmiljø i landbruket, byar og bygder, og for kulturarv knytt til næring og industri. Her vil du få ei viktig rolle i å forme innhaldet og retninga vidare, blant anna i arbeidet med den komande fylkesstrategien for kulturarv. 

I den andre delen av stillinga jobbar du med verneverdige og freda bygg og miljø i heile fylket, som ein del av plan- og byggesaksarbeidet. Vi vurderer kva bygg og anlegg som bør takast vare på, og korleis dette kan sikrast i arealplanane. Når vi gir råd eller behandlar byggesaker, er vi opptatte av godt vedlikehald, istandsetting og korleis bygga kan få ny bruk gjennom bevaring, gjenbruk og ombygging. 

I desse oppgåvene samarbeider vi med kommunar, museum, frivillige og private aktørar. Stillinga passar for deg som trivst med folk, arbeider strukturert og har god gjennomføringsevne.

Du blir ein del av kulturavdelinga i fylkeskommunen, med 40 kollegaer som jobbar innan kultur, folkehelse, idrett, friluftsliv og kulturmiljø. Dine næraste kollegaer har du i seksjon for kulturmiljø og friluftsliv.  

Du må like å reise rundt i heile fylket. Kontorplassen er ved Fylkeshusa  i Molde, der dei fleste av kollegaene dine held til. Vi har også kontor ved Campus Kristiansund og NMK i Ålesund, og dei kan brukast etter nærmare avtale.  


Arbeidsoppgåver

  • Etablere, leie og delta i prosjekt som bidrar til verdiskaping og utvikling av kulturmiljø.    
  • Ivareta kulturmiljøinteresser i plan- og byggesaker
  • Gi råd og rettleie eigarar av verna og freda bygg og anlegg, behandle dispensasjonar etter kulturminnelova  
  • Forberede saker til politisk behandling 
  • Arrangere og delta i nettverk og faglege samlingar

Kvalifikasjonar

Vi ser etter deg som har   

  • høgare utdanning innafor arkitektur, fysisk planlegging, kulturhistoriske eller relevante samfunnsvitskaplege fag
  • utdanning og/eller erfaring frå prosjekt- og prosessleiing  
  • god digital kompetanse  
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne 
  • førarkort klasse B 

Vi ser det også som en fordel om du har erfaring frå eit eller fleire av desse områda  

  • offentleg forvaltning innafor kulturmiljøforvaltning eller plan- og byggesak 
  • samarbeid/prosjekt innafor by- og stadutvikling, kulturmiljø, kulturnæring og/eller reiseliv 
  • planlegging 

Personlege eigenskapar

Vi ser etter ein person som 

  • er ein relasjonsbyggjar av natur – du trivst blant folk, etablerer raskt gode kontaktar og er ein pådrivar med pågangsmot 
  • løfter fram idear og ser moglegheiter, på tvers av fagfelt og nivå
  • er pådrivar for endring, samanheng, heilskap og nytenking 
  • handterer tidsfristar og høgt tempo med ro og oversikt, og har ingen problem med å ha fleire prosjekt og oppgåver i gang samtidig 
  • er både sjølvstendig og ein lagspelar, som likar å finne løysingar saman 

Vi tilbyr

  • Ei utfordrande stilling kor du får utvikla deg fagleg og personleg 
  • Tverrfaglig miljø - du møter folk fra ulike forvaltningsområder
  • Nettverk og synfaringer i hele fylket
  • Engasjerte kollegaer som gjerne deler kunnskap og som er opptatt å bygge eit framoverlent fagmiljø  
  • Offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring  
  • Løn etter avtale 

Kontaktinformasjon

Hilde Tokle Yri, Seksjonsleiar, 97757600, hilde.yri@mrfylke.no

Arbeidsstad

Julsundvegen 9
6404 Molde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune

Referansenr.: 5089134720
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.04.2026

Kontaktperson for stillingen

Hilde Tokle Yri

Seksjonsleiar

97757600

hilde.yri@mrfylke.no

Om bedriften

Bli med å utvikle regionen saman med oss!

Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.

Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer medarbeidarar som tek ei aktiv, engasjert, reflektert og ansvarleg rolle i organisasjonen vår. Hos oss møtast menneskjer med ulik kompetanse- og utdanningsbakgrunn for å skape gode tenester til våre innbyggarar.

Møre og Romsdal fylkeskommune er oppteken av mangfald, og vi oppfordrar difor alle som er kvalifisert i henhald til stillingas krav, til å søkje hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.

For tilsetting i skole og tannhelsetenesta krevst det politiattest av kandidater som får tilbud om stilling.

Dersom det kjem fram av din søknad at du ønskjer konfidensiell handsaming, gjer vi merksam på følgjande: Opplysningar om søkar kan gjerast offentleg sjølv om søkar har bedt om konfidensiell behandling.
Søker vil da få tilsendt informasjon om dette jf. offentleglova § 25.

Lenke til --> Kulturområdet (mrfylke.no)

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

55e4d936-7fe1-4594-9366-8a7a72845360

Sist endret

12. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

ce8bfdb88ffa4783bed1117cab576f7f

Lignende annonser

Laster lignende annonser