Hopp til innhold

Rådgivar økonomi og innkjøp

Arbeidsgiver

Kulturområdet, Møre og Romsdal fylkeskommune

Sted

Julsundvegen 9, 6412 Molde

Om jobben

Stillingstittel
Rådgivar økonomi og innkjøp
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest torsdag 23. april

Vil du være med å utvikle kulturområdet i Møre og Romsdal fylke?

I Møre og Romsdal fylkeskommune er kulturområdet bredt. Du vil få ansvar for økonomi og innkjøp for kultur, kulturmiljø, folkehelse, idrett, friluftsliv og bibliotek med meir. 

Vi søker ein samfunnsengasjert økonom som greier å ha eit overordna blikk på kva som rører seg i politikken nasjonalt og regionalt. Vidare må du kunne handtere mange pengestrømmer og ein samansatt og kompleks økonomi. Vi forvaltar om lag 400 millioner kroner årleg i fylkeskommunale og statlege midlar.

Du vil jobbe tett saman med ein rekneskapsførar, assisterande kulturdirektør, kulturdirektør, leiargruppe og vil være plassert i vår stab for strategisk utvikling og analyse. 

Kontorplassen din vil bli på Fylkeshusa i Molde. Vi har og kontor på NMK i Ålesund og på Campus Kristiansund som kan brukast etter nærare avtale. 

Vi ser fram til å høyre fra deg! Last opp din CV, vitnemål og relevante attester.

I staden for et tradisjonelt søknadsbrev, ønsker vi at du svarer på følgende spørsmål i søknaden din:

  • Kva er motivasjonen din for å søke på denne stillingen?
  • Kva arbeidserfaring eller erfaring frå studietida vil du trekke fram som spesielt nyttig for denne stillinga?
  • Skildre kort dei sterkeste personlige egenskapane dine, og korleis du meiner dei vil kome til nytte i denne stillinga.

Arbeidsoppgåver

Den som blir tilsett hos oss vil arbeide med økonomiplan, økonomiske analyser, budsjett og budsjettoppfølging, økonomirapportering og årsavslutning. Du må også følge opp statsbudsjett og revidert statsbudsjett, og du vil få ansvar for innkjøp på området.

Kvalifikasjonar

Relevant høgare utdanning på masternivå. Kandidatar med bachelorgrad med relevant erfaring kan også vurderast for stillinga.

Har god munnleg og skriftleg formidlingsevne

Erfaring frå offentlig sektor er ein fordel

Personlege eigenskapar

 

  • er systematisk og nøyaktig
  • har evne til å sjå samanhengar
  • er ein pådrivar for å nytte ny teknologi i utvikling av fagområdet og avdelinga
  • evner å prioritere og kan levere raskt på bestillingar med korte fristar
  • er god på formidling og samarbeid

Vi tilbyr

 

Dette er ei spanande stilling der du kan få utvikle din kompetanse på økonomi og kultur.
Her får du både handlingsrom og moglegheit til å ta i bruk nye teknologiar for å møte framtidige krav.
Moglegheit for vidareutdanning på masternivå.
Du får offentlig pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring og lønn etter avtale.


Kontaktinformasjon

Andrè Kristiansen, Rådgivar økonomi, 71 28 05 13, andre.kristiansen@mrfylke.no
Christine Reitan, Ass. Kulturdirektør, 90998268, christine.reitan@mrfylke.no

Arbeidsstad

Julsundvegen 9
6412 Molde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune

Referansenr.: 5091032902
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.04.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Andrè Kristiansen

Rådgivar økonomi

71 28 05 13

andre.kristiansen@mrfylke.no

Christine Reitan

Ass. Kulturdirektør

90998268

christine.reitan@mrfylke.no

Om bedriften

Bli med å utvikle regionen saman med oss!

Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.

Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer medarbeidarar som tek ei aktiv, engasjert, reflektert og ansvarleg rolle i organisasjonen vår. Hos oss møtast menneskjer med ulik kompetanse- og utdanningsbakgrunn for å skape gode tenester til våre innbyggarar.

Møre og Romsdal fylkeskommune er oppteken av mangfald, og vi oppfordrar difor alle som er kvalifisert i henhald til stillingas krav, til å søkje hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.

For tilsetting i skole og tannhelsetenesta krevst det politiattest av kandidater som får tilbud om stilling.

Dersom det kjem fram av din søknad at du ønskjer konfidensiell handsaming, gjer vi merksam på følgjande: Opplysningar om søkar kan gjerast offentleg sjølv om søkar har bedt om konfidensiell behandling.
Søker vil da få tilsendt informasjon om dette jf. offentleglova § 25.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

243b826c-e169-4a21-963f-14cfa68a5807

Sist endret

30. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

67f315e8607b4031b6c397af701414b6

Lignende annonser

Laster lignende annonser