Hopp til innhold

Ingeniør/teknikar

Arbeidsgiver

Medisinsk teknisk avdeling, Helse Førde

Sted

Svanehaugvegen 2, 6812 Førde

Om jobben

Stillingstittel
Ingeniør/teknikar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Vakt, dagtid
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest mandag 23. mars

Vil du jobbe med teknologi som reddar liv?

Medisinsk teknisk avdeling i Helse Førde søkjer ein engasjert og løysingsorientert ingeniør/teknikar til ei spennande stilling ved Førde sentralsjukehus. Dette er ei unik moglegheit for deg som ønskjer ein variert og meiningsfull jobb i eit fagfelt som er i stadig utvikling.

Avdelinga har heimevaktordning, det er difor ønskjeleg at tilsette er busett i eller nær Førde, eller på anna måte ordnar seg slik at uttrykking til sjukehuset under vakt kan skje innan 1 time.

Om avdelinga
Medisinsk teknisk avdeling er i dag organisert under divisjon for Drift og eigedom i Helse Førde. Vi har ansvar for alt medisinsk teknisk utstyr ved sjukehusa i føretaket, og samarbeider tett med kliniske avdelingar for å sikre trygg og effektiv pasientbehandling.

Kvifor velge oss?
Hos oss får du ein variert og spennande arbeidskvardag, der du jobbar tett på avansert medisinsk teknololgi som er avgjerande for pasientbehandlinga. Du blir ein del av eit kompetent og triveleg fagmiljø, og får høve til å forme din eigen arbeidsdag. Medisinsk teknologi er i stadig utvikling, dette forutsett at du er "svolten" på å utvikle og tilegne deg kunnskap. 

Kven ser vi etter? 
Vi ser etter deg som:
-  Har relevant utdanning og/eller praksis innan tekniske fag
-  Er engasjert, sjølvstendig og løysingsorientert
-  Er strukturert og kvalitetsbevisst
-  Har interesse for teknologi og helse
 - Er motivert for å utvikle deg 
 - Ønskjer å bidra til trygg og effektiv pasientbehandling

Dette tilbyr vi: 
Fast dagarbeid - blir også ein del av vaktordning
God opplæring og kurs - vi har eigen opplæringsplan som gir grunnlag for godkjenning frå myndigheitene
-  Moglegheit for fagleg utvikling og spesialisering 

Sunnfjord har mykje å tilby: Jobbe, leve og bu i Sunnfjord!

Vi ser fram til å høyre frå deg! Stillinga er ledig for tilsetting frå 01.05.2026. 


Arbeidsoppgåver

  • Reparasjon og vedlikehald av medisinsk teknisk utstyr generelt
  • Utstrakt kontakt med leverandørar og brukaravdelingar
  • Koordinere og utføre planlagt vedlikehald
  • Delta i ulike installasjonsprosjekt og innkjøpsprosjekt
  • Ansvar for å forvalte avtaler knytt til medisinsk utstyr
  • Organisasjonen kan endrast, så arbeidsoppgåvene kan bli endra.

Kvalifikasjonar

  • Må beherske norsk og engelsk skriftleg og munnleg
  • Erfaring frå serviceyrke der arbeid med elektronisk/elektroteknisk utstyr har vore i fokus
  • God erfaring med bruk av PC som arbeidsverkty
  • God kjennskap til IKT/nettverkskommunikasjon
  • God systemforståelse
  • Erfaring frå arbeid med medisinsk teknisk utstyr er ein fordel men ikkje absolutt krav
  • Godkjenning /samtykke for å jobbe sjølvstendig med utstyret er ønskjeleg men ikkje absolutt krav. Søkjar som ikkje har godkjenning forpliktar seg til å ta dette etter fullført opplæringsplan og eventuell tilleggsutdanning

Utdanningsretning

  • Elektronikk/IKT/elektro/automasjon 
  • Utdanningsnivå

    • Høgskule/bachelorgrad
    • Fagskule/fagbrev

    Personlege eigenskapar

    Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar, og søkjar bør ha desse eigenskapane:

    • Evne til å jobbe systematisk og sjølvstendig, gode kommunikasjonsevner og positiv innstilling
    • Søkjar må vere ansvarsbevisst, omgjengeleg, serviceinnstilt og løysingsorientert
    • Vi har pasientsikkerheit som høgaste prioritet så du må vere nøyaktig og strukturert

    Vi tilbyr

    • Lønn etter avtale
    • Gode pensjons- og forsikringsordningar 
    • Hjelp med bustad, oppgi i søknaden dersom det er ønskeleg
    • Triveleg arbeidsmiljø
    • Moglegheit for fleksitid ordning
    • Fadderordning
    • Høgt fagleg nivå


    Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

    Kontaktinformasjon

    Per Arne Flølo, Avdelingssjef, (+47) 578 39 340

    Arbeidssted

    Svanehaugvegen 2
    6812 Førde

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgiver: Helse Førde

    Referansenr.: 5076448786
    Stillingsprosent: 100%
    Fast
    Søknadsfrist: 23.03.2026

    Kontaktperson for stillingen

    Per Arne Flølo

    Avdelingssjef

    (+47) 578 39 340

    Om bedriften

    Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

    Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder,  fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    1e017deb-7d32-4896-bfc1-7b58fa888d5e

    Sist endret

    10. mars 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    075fa6a3e213430da39322e3df8c0300

    Lignende annonser