Ingeniør som underviser / Lærar
Fagskulen Vestland, studiestad Førde, Byggavdelinga
Øyrane 12, 6800 Førde
Om jobben
- Stillingstittel
- Ingeniør som underviser - Lærar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hybridkontor
Søk på jobben
Søk senest mandag 23. mars
Med over 2300 studentar er Fagskulen Vestland ein av dei største fagskulane i landet, med åtte studiestadar frå Måløy i nord til Stord i sør og om lag 200 tilsette. Vi utdannar morgondagens faglege leiarar, prosjektleiarar og spesialistar i tett samspel med arbeidslivet i regionen. Våre studentar er erfarne og motiverte, og kjem til oss med solid praksis frå industri og næringsliv.
Fagskulen Vestland, avdeling Førde, treng no å styrke byggavdelinga og søkjer etter engasjerte fagpersonar til undervisning.
Vi ser etter deg som ønsker meir enn berre å undervise - deg som vil være med å forme framtidas fagskuleutdanning i nært samarbeid med næringslivet.
Arbeidsoppgåver
Undervisninga vår kombinerer teori og praksis. Vi ønskjer, og satsar på, å liggje i front og vere tidsriktige når det gjeld bruk av digitale løysingar, simulering og ny teknologi.
I Førde er vi samlokaliserte med Campus Verftet, og i tillegg til undervisning er det arbeidsoppgåver knytt til vidareutvikling av våre lab-fasilitetar. Vi har dei seinare åra søkt og fått midlar til utvikling av lab innan alle fagområda våre. Det er moderne utstyr tilsvarande det studentane møter ute i næringa.
Hos oss får du stor fagleg fridom og reell påverknad. Du får moglegheit til å vere med og utvikle både nye og eksisterande emne og kurs, byggje relasjonar til bedrifter, fange opp kompetansebehov i regionen og omsetje dette til relevante utdanningstilbod. Ein del av stillinga vil vere knytt til fagleg utviklingsarbeid, kontakt med næringslivet, fornying av fagområda og satsing på etter- og vidareutdanning (EVU). Dette gir rom for fagleg påfyll, innovasjon og tett kopling mellom undervisning, teknologiutvikling og praktisk bruk.
Kvalifikasjonar
Vi søkjer etter ein ingeniør, fagskuleingeniør eller sivilingeniør, som har fagkompetanse innan anlegg eller bygg.
Om du har pedagogisk utdanning er det fint. Viss ikkje, legg vi til rette for at du kan ta det samtidig med at du jobbar her.
Personlege eigenskapar
Dette er ei stilling for deg som vil kombinere undervisning med fagleg utvikling, nettverksbygging og tett samarbeid med næringslivet – og som ønskjer å vere med å utvikle ein fagskule i front av teknologisk og pedagogisk fornying.
Undervisninga hos oss er i stor grad prosjektbasert, og vi legg opp til at studentane skal delta aktivt i undervisninga. Vi søker deg som ønsker å formidle kunnskap, og som vil være med å bidra til vårt positive arbeids- og læringsmiljø.
Vi tilbyr
Vi tilbyr ei stilling med stor fleksibilitet og tillit. Du får høve til å forme din eigen arbeidskvardag, fleksibel arbeidstid og "lærarferie". Du kan i stor grad skape din eigen faglege arbeidsplass, både når det gjeld innhald, metodikk og utviklingsretning. Hos oss møter du motiverte studentar med brei yrkeserfaring, som ønskjer relevante, praksisnære og framtidsretta læringsløp. Vi har hyggelege og engasjerte kollegaer, dette er ein arbeidsplass prega av delingskultur og gode tverrfaglege diskusjonar.
Vi tilbyr løn etter gjeldande tariffavtale, samt gode forsikrings- og pensjonsordningar. Alle nytilsettingar i Vestland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Ring gjerne, eller kom innom på en uformell prat med utdanningsleiar Jytte Kristin Eikenes.
Kontaktinformasjon
Jytte Kristin Eikenes, 95756969Arbeidsstad
Øyrane 126800 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5091185013
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.03.2026
Kontaktperson for stillingen
Jytte Kristin Eikenes
95756969
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
0fc91751-6a1e-49d2-abb1-ec37799f2f38
- Sist endret
5. mars 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
4b01a5e8759449c3bfbc2cc142f39682
Lignende annonser
Fagarbeider bygg- og anleggsteknikk
Arbeidsgiver
Veidekke Entreprenør As Fo Vest Avd Sandane
Sted
Måløy, Kinn
Arbeidsgiver
EIU- Eigedom, Vestland fylkeskommune
Sted
Førde
Ingeniør/teknikar
Arbeidsgiver
Medisinsk teknisk avdeling, Helse Førde
Sted
Førde