Hopp til innhold

Er du radiograf med interesse for mammografi og røntgen(ev. MR)?

Arbeidsgiver

Radiologisk seksjon Førde, Helse Førde

Sted

Svanahuagvegen 7, 6812 Førde

Om jobben

Stillingstittel
Radiograf - mammografi og røntgen (ev.MR)
Oppstart
4. mai 2026
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest torsdag 12. mars

Vil du vere del av ei radiologisk avdeling der alle kjenner alle? Ønsker du variasjon i arbeidsdagen ved å kombinere jobb innan mammografi med annan modalitet? Få ein meiningsfull og variert arbeidskvardag i Helse Førde samtidig som du bur midt i livets leikeplass: Vestlandet!

Vi har ledige radiografstillingar ved Førde sentralsjukehus:

  • 100% fast stilling, dagtid frå 04.05.2026 
  • 100% vikariat, dagtid frå snarast - 29.08.2027

Stillinga inneheld radiograffagleg arbeid innan mammografi (ca. 60%) og røntgen (ca. 40%). Dersom du har – eller ønskjer å utvikle – kompetanse innan MR, kan du alternativt rullere mellom mammografi og MR. Arbeidstid er dagtid på kvardagar (37,5 t/veke). Oppstartsdato er leksibel.
Vi tilbyr melom anna  rekrutteringstillegg og konkuransedyktig løn.

Trivsel og kvalitet
Ved Radiologisk avdeling er vi opptekne av at du skal trivast saman med kollegaene dine og oppleve fagleg utvikling og meistring i jobben. Vi har stort fokus på kvalitet, god pasientflyt og at pasienten skal kjenne seg ivaretatt.

Kven ser vi etter?
God kommunikasjon er kanskje ein av dine viktigaste styrkar, då det er avgjerande for å vere flink med pasientar, fungere med kollegaer og mot andre avdelingar og profesjonar. Du viser engasjement og interesse for faget og trivst med å jobbe innan generell røntgen (eller MR) og mammografi.
Det er krav om norsk autorisasjon som radiograf.

Kva kan vi tilby?

  • Vi set trivsel høgt og er ein arbeidsplass med flotte kollegaer og mykje humor. Vi har eigen trivselskomité som fiksar julebord, sommarfest og andre sosiale samankomstar. Ikkje bli overraska om vaffellukta brer seg på personalrommet.
  • Her er ingen spørsmål dumme, og det er låg terskel for å be ein kollega om råd eller støtte.
  • Sidan du rullerar mellom to fagområde, vil du få ein variert arbeidskvardag og erfaring.
  • Om du ønsker å ta steget vidare, kan vi tilby både kurs og vidareutdanning.
  • Vi tilbyr rekrutteringstillegg i tillegg til konkeransedyktig løn, gode pensjons-og forsikringsordningar

Her kan du bli betre kjent med oss, samt få 10 gode grunnar til å jobbe i Førde.



Bu midt i livets leikeplass: Vestlandet!
I Sunnfjord bur du midt i eit friluftseldorado med kort veg til toppturar, klatring, stisykling, kajakkpadling og andre aktivitetar. I løpet av ei helg kan du oppleve både strender i verdsklasse og fjellturar du elles berre ser på instagram.  

Her er også urbane tilbod som restaurantar, kjøpesenter, treningssenter, kaféliv, kulturliv, teater og konsertar. Vi har flyplass og eit godt utbygd kollektivtilbod, og Bergen ligg tre timar unna med bil. I Sunnfjord vil du oppleve ein enkel kvardagslogistikk med korte avstandar til det meste.

Seksjonen har omlag 50 tilsette, der 30 er radiografar. Vi har 2 CT-maskiner, 2 MR-maskiner (1,5T og 3T), 3 konvensjonelle røntgen apparat, 2 digitale mobile apparat, 2 mammografiapparat (GE Prestina til klinisk og screening), gjennomlysing/intervensjon/angio, samt 2 ultralyd labar. Førde sentralsjukehus er eit middels stort sjukehus som har kliniske avdelingar innan dei fleste fagområda. Sjå www.helse-forde.no 

 

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Reidun Brekke, Seksjonsleiar FSS, (+47) 578 39 616

Arbeidssted

Svanahuagvegen 7
6812 FØRDE

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Førde

Referansenr.: 5061764954
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikariat
Startdato: 04.05.2026
Søknadsfrist: 12.03.2026

Kontaktperson for stillingen

Reidun Brekke

Seksjonsleiar FSS

(+47) 578 39 616

Om bedriften

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder,  fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

79b6111f-f387-46f8-936b-8be9b6dc439e

Sist endret

20. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

63cff68fc7d8487e8d4e1108faf9aaa5

Lignende annonser