Fagbioingeniør
Patologisk laboratorium, Helse Førde
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
Om jobben
- Stillingstittel
- Fagbioingeniør
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest mandag 27. juli
Vi har ledig stilling som fagbioingeniør på laboratorium for patologi og ser etter deg som ønskjer å arbeide med spennande oppgåver og bidra til presis diagnostikk for pasientane vårer. Ved internt opprykk kan det bli ledig grunnstilling/vikariat. Dersom dette er aktuelt for deg, oppmodar vi deg til å opplyse om det i søknaden.
Sjå litt frå kvardagen vår her: Blimedoss
Her arbeider vi tett saman om diagnostikk på vev- og celleprøvar. Ein diagnose frå patolog fortel om pasienten har kreft eller andre sjukdommar - og gir eit godt grunnlag for best mogleg behandling. Vi mottek prøvar frå pasientar i dei kliniske avdelingane ved sjukehusa og frå primærhelsetenesta. Avdelinga arbeider med digital patologi, molekylær diagnostikk og persontilpassa medisin, og er i kontinuerleg fagleg utvikling.
Avdeling for patologi i Helse Førde har kring 25 medarbeidarar som arbeider i lag for å sikre diagnostiske funksjonar innan histologi, immunhistokjemi, generell cytologi, molekylærbiologi og autopsi. Som fagbioingeniør får du ansvar for prosedyrar, kvalitetsarbeid, metodeutvikling og opplæring innan eige fagområde. Du vil samarbeide tett med patologar og bioingeniørar i eit laboratorium med høg fagleg aktivitet. Sidan vi er ein liten avdeling, har vi gode moglegheitar for rullering på lab, slik at kvardagene blir varierte og at tilsette får brei kunnskap innan fagfeltet vi jobbar med.
Førde sentralsjukehus er eit middels stort sjukehus med kliniske avdelingar for indremedisin, kirurgi, ortopedi, nevrologi, kreft, barn og ungdom, kvinneklinikk, øyre-nase-hals, intensiv og psykiatri.
Førde ligg sentralt på Vestlandet med nærleik til fjell, fjord og kyst. Byen har eit aktivt kultur- og idrettsmiljø og gode moglegheiter for friluftsliv året rundt. Ved avdelinga har vi eit inkluderande arbeidsmiljø med fokus på fagleg og sosial trivsel.
Arbeidsoppgåver
- Fagansvaret omfattar mellom anna prosedyrar, kvalitetsarbeid, opplæring og metodeoppfølging innan cytologi og frysesnitt.
- Ansvarsområde blir tildelt av seksjonsleiar og kan bli endra over tid.
- Delta i dagleg drift ved patologilaboratoriet; preanalytisk- og analytisk arbeid med diagnostiske prøver
- Rettleie/lære opp studentar, nytilsette og andre medarbeidarar
- Variert arbeid som omfattar fargeteknikkar, betening av instrumentpark og deltaking i kvalitetssikring.
- Dagtidsarbeid måndag til fredag.
- Delta i anbudsprosesser og verifisering av metodar og utstyr
Kvalifikasjonar
- Autorisert bioingeniør
- Anna relevant utdanning kan bli vurdert i eventuelt vikariat
- Relevant praksis/arbeidserfaring frå patologilaboratorie/medisinsk laboratorium tel positivt
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
- Grunnleggande IT-kunnskapar
Personlege eigenskapar
- Du er ansvars- og kvalitetsbevisst
- Du trivast i eit aktivt laboratoriemiljø
- Du er positiv og omgjengeleg
- Du har gode evner til samarbeid og kommunikasjon med ulike yrkesgrupper
- Du er ein bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Spanande jobb i eit triveleg arbeidsmiljø
- Opplæringsplan for nytilsette
- Fagleg utvikling
- Fleksitidsordning med kjernetid kl. 08.30 til 15.00.
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons - og forsikringsordningar
- Leiing med fokus på psykososial tryggleik
- Bistand til å skaffe bustad - opplys i søknaden dersom det er ønskjeleg
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Cecilie Bruflot, Seksjonsleiar, (+47) 412 35 613Arbeidssted
Svanehaugvegen 26812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.: 5149801550
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.07.2026
Kontaktperson for stillingen
Cecilie Bruflot
Seksjonsleiar
(+47) 412 35 613
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
0aaf3546-c19a-425e-b061-35969134ffac
- Sist endret
3. juli 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
091bb06fb82a44fe9614444f3c58b9ae