Vil du leie kvalitetsarbeidet ved Laboratoriet for medisinsk biokjemi?
Laboratoriet for medisinsk biokjemi og blodbank, Helse Førde
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
Om jobben
- Stillingstittel
- Kvalitetsleiar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest fredag 14. august
Er du ein bioingeniør med interesse for medisinsk biokjemi og kvalitetsarbeid? Då vil vi gjerne høyre frå deg!
Laboratoriet for medisinsk biokjemi og blodbank (LMBB) søker engasjert og framtidsretta kvalitetsleiar for medisinsk biokjemi. Dette er ei nøkkelrolle for deg som ønsker å kombinere fagleg tyngde med utviklingsarbeid. Som kvalitetsleiar får du ei sentral rolle i å vidareutvikle kvalitetsstyringssystemet og vere ein viktig pådrivar for kontinuerleg forbetring. Du arbeider tett med leiarar og fagmiljø, og bidreg til at laboratorieresultata held høg kvalitet og gjev trygt grunnlag for diagnostikk og behandling.
LMBB har analyseseksjonar ved sjukehusa i Førde, Lærdal og Nordfjordeid, og har omlag 60 tilsette med ulike yrkestitlar. Avdelinga leverer laboratorietenester til avdelingar og poliklinikkar i Helse Førde, og til dei kommunale helsetenestene i Sogn og Fjordane.
Stillinga er organisert i stab til avdelingssjef og du får ansvar for å samordne kvalitetsstyringsystemet for avdelinga, i samarbeid med leiarar og fagansvarlege på tvers av seksjonane. Noko reiseverksemd mellom seksjonane må påreknast.
🌟 Vi søker deg som vil
- Vere avdelinga sin fremste pådrivar for kvalitetsutvikling og forbetringsarbeid
- Sikre at kvalitetsstyringssystemet støttar både fagleg utvikling og drift
- Bidra til at avdelinga møter framtidige kvalitetskrav og teknologisk utvikling
- Bygge ein sterk kvalitetskultur i samarbeid med kollegaer
- Omsette regelverk og kvalitetskrav til praktiske, velfungerande løysingar
🌟 Hos oss får du
- Ein enkel kvardagslogistikk med korte avstandar til det meste
- Bu i eit friluftseldorado med unike moglegheiter for toppturar, klatring, stisykling, kajakkpadling, alpint og andre aktivitetar
- Urbane tilbod som restaurantar, kjøpesenter, treningssenter, kaféliv, kulturliv, teater og konsertar.
- Flyplass og utbygd bussrutenett for god kommunikasjon til dei større byane
Startdato etter avtale.
Er du klar for å bli ein del av vårt team? LMBB Førde
Ta gjerne kontakt om du har spørsmål om stillinga.
Vi gler oss til å bli kjent med deg!
Ved internt opprykk/omrokkering kan det bli ledig stilling elles i avdelinga. Oppgje i søknaden om dette er av interesse
Arbeidsoppgåver
- Vere pådrivar for og vidareutvikle kvalitetsarbeidet i avdelinga
- Ha delegert ansvar for at kvalitetskrav og styringssystem blir etterlevde
- Følge opp krav knytt til IVDR og anna relevant regelverk
- Koordinere kvalitetsarbeidet i tett samarbeid med seksjonsleiarar, fagbioingeniørar og medisinskfagleg rådgivar
- Planlegge, gjennomføre og følge opp interne og eksterne revisjonar
- Leie oppfølging av avvik, risikovurderingar og forbetringstiltak
- Planlegge og koordinere leiinga si gjennomgang
- Godkjenne fagprosedyrar, valideringsprotokollar og rapportar innan medisinsk biokjemi
- Bidra til opplæring, rettleiing og kompetanseutvikling innan kvalitetsområdet
- Delta ved relevante kvalitetsprosjekt og i rutinearbeid ved behov
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning frå høgskule/univeristetsnivå, bioingeniørutdanning vert verktlagt
- Erfaring frå kvalitetsarbeid, sertifisering, akkreditering, revisjon er ein fordel
- God kjennskap til standard NS-EN ISO 15189 er ein fordel
- God innsikt i IVDR regelverket er ein fordel
- Erfaring innan sjukehus- og laboratoriearbeid er ein fordel
- Må beherske norsk godt, både munnleg og skriftleg. Søkarar utanfor Skandinavia må kunne vise til dokumentasjon på dette
Personlege eigenskapar
- Er systematisk og strukturert
- Ser samanhengar og tenker heilskapleg
- Har gjennomføringsevne og tek initiativ
- Er tydeleg og trygg i samarbeidet med andre
- Motiverast av utvikling og forbetring
- Evnar å få med deg andre i endrings- og forbetringsarbeid
- Byggjer gode relasjonar og skapar tillit
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar.
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Opplæringsprogram for nytilsette
- Fagleg og personleg utvikling
- Triveleg og aktivt arbeidsmiljø
- Arbeid i IA-bedrift
- Sjukehuset kan bidra med å skaffe bustad, opplys i søknaden dersom det er ønskeleg
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Kristina Apalseth Kalland, Avdelingssjef, +47 95923340Arbeidsstad
Svanehaugvegen 26812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse FørdeReferansenr.: 5155987518
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 14.08.2026
Kontaktperson for stillingen
Kristina Apalseth Kalland
Avdelingssjef
+47 95923340
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
abcb4107-d16d-4f04-b30a-58f5d06cfebd
- Sist endret
23. juli 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
e39443225fc147a39c9329baccfc3556