Hopp til innhold

Fagarbeidar/elevrettleiar

Arbeidsgiver

Vest-Telemark vidaregåande skule, Telemark Fylkeskommune

Sted

Storvegen 195, 3880 Dalen

Om jobben

Oppstart
10. august 2026
Stillingstittel
Fagarbeidar/elevrettleiar
Type ansettelse
Fast, deltid 89%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager

Søk på jobben

Søk senest mandag 25. mai

Fast stilling som elevrettleiar/fagarbeidar, 89%

Vi treng fleire folk på laget vårt og har frå 1.august ledig stilling som elevrettleiar. Stillinga er fast og fyller 89%. Du jobbar fulle dagar heile veka (37,5 time per veke), men har fri i alle helger og i elevane sine feriar med unntak av 5 planleggingdagar i løpet av skuleåret.

Vår visjon er: Alle kan, me hjelper deg fram. I denne stillinga skal du samarbeide om tett oppfylging av elevar som som har indivduelt tilrettelagt opplæring på AHT-avdelinga eller for elevar på dei andre avdelingane som treng støtte i skulekvardagen. Det betyr at du skal vere ein trygg og god vaksen, ein god rollemodell for elevane og du skal gjere deg kjent med tilretteleggingsbehovet for elevane, samt samarbeide med faglærarar, kontaktlærar og leiinga til beste for skulen og eleven.

Til stillinga vil det ligge ansvar for opplæring i ADL-ferdigheiter, planlegge og utføre praktisk arbeid saman med elevar og å delta i fysisk aktivitet i basseng eller inne og ute gjennom heile året.

Stillinga ligg til avdeling for tilrettelagt opplæring, men du må vere førebudd på å fylgje opp elevar på alle programområda vi tilbyr.


Arbeidsoppgåver og ansvarsområde

  • Delta på planlegging og ansvar for gjennomføring av praktiske arbeidsoppgåver/manuelt arbeid som snørydding, vedproduksjon, rydde kvist, rydde på plass varer, lufte hund eller delta i anna arbeid med dyr.
  • Fylgje opp elevar som skal øve på aktivitetar i dagleglivet 
  • Fylgje opp elevar som treng støtte i skulekvardagen av årsaker knytt til fysisk og/eller psykisk helse
  • Fylgje opp avtaler som er gjort rundt enkeltelevar og eventuelt klasser
  • Utføre oppgåver som er planlagt av faglærar saman med elevar som treng ekstra støtte i fag 
  • Delta som ein støttefunksjon i undervisning på yrkesfag både i teknologi- og industrifag, elektrofag og helse- og oppvekstfag  

Kvalifikasjonar

Utdanning:
  • Du må ha fullført vidaregåande skule
  • Det er ynskjeleg at du har fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller helsefagarbeidar
  • Det er ynskjeleg av du har spesialpedagogisk utdanning frå fagskule

Erfaring:

  • Du bør ha erfaring med opplæring og/eller tilrettelagt arbeid for ungdommar eller vaksne personar
  • Personlige egenskaper

    Du bør:

    • Ha gode kommunikative ferdigheiter
    • Ha gode samarbeidsevner - like å jobbe i team
    • Like å vere saman med ungdommar
    • Vere ein god lyttar og samtalepartnar 
    • Vere løysingsorientert
    • Vere fleksibel og tilpassingsdyktig
    • Takle uføresette hendingar i skulekvardagen
    • Vere kreativ og nevenyttig
    • Like å utføre praktisk arbeid
    • Like å vere i fysisk aktivitet ute og inne til alle årstider

    Personlege eigenskapar blir vektlagt.

    Fylkeskommunen skal vere ein omstillingsdyktig organisasjon, og arbeidsgjevar tar atterhald om at arbeidsstad og arbeidsoppgåver kan bli endra ved behov.

    Vi tilbyr

    • Spennande arbeidsoppgåver
    • Variasjon i arbeidskvardagen
    • Eit godt arbeidsmiljø

    Offentleg tenestepensjon
    I denne stillinga har du rett på ein av dei sikraste pensjonsordningane i landet: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tjenestepensjonar berre blir utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å arbeide - og livet ut! Pensjonen inkluderer og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du også medlemspris og gunstige vilkår på ei rekke bank-, forsikring- og spareprodukt. Du finn meir informasjon på heimesida til KLP (klp.no)

    Tilsetting og prøvetid 
    Tilsetting skjer på grunnlag av dei til ei kvar tid gjeldande lover, tariffavtaler og reglement. Ved tilsetting i skule, krev vi godkjent politiattest av nyare dato (ikkje eldre enn tre månadar) jfr. Opplæringslova. Som hovudregel praktiserer vi 6 måneder prøvetid frå du startar i jobben.

    Kontaktinformasjon

    Birgit Johanne K. Olsnes, Avdelingsleder undervisning, 46902166, birgit.olsnes@telemarkfylke.no

    Arbeidssted

    Storvegen 195
    3880 Dalen

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgiver: Telemark Fylkeskommune

    Referansenr.: 5128619257
    Stillingsprosent: 89%
    Fast
    Startdato: 10.08.2026
    Søknadsfrist: 25.05.2026

    Kontaktperson for stillingen

    Birgit Johanne K. Olsnes

    Avdelingsleder undervisning

    46902166

    birgit.olsnes@telemarkfylke.no

    Om bedriften

    Vest-Telemark vidaregåande skule ligg på Dalen i Tokke kommune og hentar elevar frå heile Vest-Telemark. Regionen byr på ei rik kulturhistorie, har eit innhaldsrikt kulturliv og storslått natur med rike tilhøve for friluftsaktivitetar.

    Skulen har nært samarbeid med lokalt næringsliv og offentlege arbeidsplassar.

    Elevar på Vest-Telemark vidaregåande skule kan velje mellom utdanningar innan Studiespesialisering, Helse- og oppvekst, Teknologi og industrifag, Elektro, og tilrettelagt opplæring. Skulen tilbyr også påbygg for studiekompetanse,  kombinasjonsklasse for ungdomar som treng grunnskuleopplæring før vidaregåande, og har også eit tilbod om vekslingsmodell  der elevar kan kombinere læretid og skule. Vidare er det høve til å bli sertifisert for Skuter klasse S ved skulen. 


    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    155f9b3f-72a8-4927-9c61-b5f87428970d

    Sist endret

    12. mai 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    fceb1a502e7f483cbb08d61b3a1cf8c9

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser