Operasjonsplanleggar
Avdeling for anestesi, intensiv, operasjon og akuttmottak Stord sjukehus
Tysevegen 64, 5416 Stord
Om jobben
- Stillingstittel
- Operasjonsplanlegger
- Type ansettelse
- Fast, deltid 50%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest mandag 1. juni
Vi har ledig ei 50 % fast stilling som operasjonsplanleggar i Avdeling for anestesi, intensiv, operasjon og akuttmottak. Her blir du ein del av eit lite, tett team saman med sjukepleiar – og du vil bistå i å sikre at den elektive operasjonsdrifta går trygt og effektivt.
No søker vi deg som er sjukepleiar, helsesekretær eller helsefagarbeidar og som trivst med å kombinere struktur, logistikk og god pasientkontakt.
Planleggingskontoret er ein del av avdeling for Anestesi, intensiv, operasjon og akuttmottak ved Stord sjukehus, alle operasjonar på Stord sjukehus settes opp av operasjonsplanleggar.
👉 Søk no!Kva går jobben ut på?
- Planlegge operasjoner for dagkirurgiske og inneliggende pasienter innan kirurgi, ortopedi, gynekologi, urologi, ØNH, kar/mammae og tannbehandling m.m.
- Planlegge ut ifra legeressursar og operasjonsstuekapasitet.
- Følge opp henvisningar.
- Vurdere eigenmeldingskjema og sikre god pasientflyt.
- Følge opp og rydde i ventelister og operasjonsmeldingar.
- Informere, forberede og innkalle pasientar per brev og telefon.
- Koordinere preoperative undersøkingar.
- Svare på telefonhenvendingar frå pasientar, pårørande og samarbeidspartnere.
- Delta i operasjonsmøte med legegruppen.
- Delta i planleggingsmøte med anestesi, operasjon, postoperativ og gyn/kir sengepost.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Autorisasjon som helsesekretær, sjukepleiar eller helsefagarbeidar.
- Gode IKT-ferdigheiter og kjennskap til elektronisk pasientjournal (EPJ).
- Erfaring frå sjukehus .
- Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar.
Kva ser vi etter hos deg?
- Er strukturert, systematisk og ansvarsbevisst
- Er ansvarleg og ser etter gode løysingar
- Serviceinnstilt og initiativrik
- Du tek ansvar og håndterer oppgåver både sjølvstendig og i samarbeid med andre
- Gode evner til å planlegge og sjå løysingar
- Forbetrings – og utviklingsorientert
- Bidrar med godt humør
Personlege eigenskaper vil bli vektlagd.
Kvifor skal du velje oss?
- Eit inkluderande og engasjert arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
- Moglegheit for både fagleg og personleg utvikling
- Grundig opplæring og støtte frå erfaren kollega
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse
Kontaktinformasjon
Anne Catherine Skaar, AvdelingsleiarArbeidssted
Tysevegen 645416 STORD
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Fonna HFReferansenr.: 5129698117
Stillingsprosent: 50%
Fast
Søknadsfrist: 01.06.2026
Kontaktperson for stillingen
Anne Catherine Skaar
Avdelingsleiar
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
0fb005cd-f35c-440c-8daa-22a3cdcdb541
- Sist endret
18. mai 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
7da9c52d408e4aab9fd7eb8927fc6f8b