Overlege anestesi
Avdeling for anestesi, intensiv, operasjon og akuttmottak Stord sjukehus
Tysevegen 64, 5416 Stord
Om jobben
- Stillingstittel
- Overlege anestesi
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest mandag 15. juni
Vil du vere med å vidareutvikle ei solid og fagleg sterk anestesieining ved Stord sjukehus?
Stord sjukehus er eit akutt- og lokalsjukehus med eit nedslagsfelt på over 50 000 innbyggjarar og inngår i Helse Fonna.
Anestesilegane våre er tilstades i aktiv vakt ved sjukehuset heile døgnet. Vi har ikkje LIS i anestesiologi, difor er anestesioverlegane tett på pasientane i operasjonsavdelinga, i fødeavdelinga, i intensivbehandling og i akuttmottak. Her får du nytte breiddekompetansen som anestesilege.
Eininga har om lag 2000 anestesiar kvart år til pasientar innan generell/gastro kirurgi, ortopedi, gynekologi/obstetrikk, tannbehandling, øyre-nase-hals, urologi, ECT og større sårrevisjonar m.m. Vi fordeler operasjonane på 4 operasjonsstover.
Sjukehuset har ei mindre intensiveining og anestesilegane deltek i behandlinga av kirurgiske/gynekologiske pasientar på intensiv og medisinske pasientar på respirator. Som anestesioverlege hos oss vil ein rykke ut på ulike alarmar som akutt føde (dårlig nyfødd), akutt keisarsnitt, hjartestans og traume. Anestesilegane deltek og i utvida medisinsk akutt team.
Hos oss vil du inngå i ein 6-delt tenesteplan det er mogleg å få ei 0-timars veke ei av seks veker.
Stord sjukehus ligg på ei øy på Vestlandet. Det er god tilgang til fritidsaktivitear både på sjø og land. Det er kort veg til bysentrum i Leirvik frå sjukehuset (10 min gange) og Haugesund bysentrum er ein biltur unna (bru og undersjø tunnell). Du kjem til Bergen på under to timar med ferje og bil, ein kan og nytta hurtigbåt til Bergen.
👉 Høyres det ut som noko som kan passe for deg? Ta kontakt ved spørsmål, vi vil gjerne høyre frå deg!
Kva går jobben ut på?
- Variert anestesiologisk arbeid knytt til elektiv verksemd og augeblikkeleg hjelp .
- Anestesioverlegane våre inngår i vaktordning med døgnvakter tilstades på sjukehuset.
- Mottak av pasientar i anestesipoliklinikk før operasjonsdag.
- Vere med på å utvikle og forbetre avdelinga sitt arbeid med fokus på fagleg utvikling og forbetringsarbeid.
- Avdelinga kan legge til rette for at ein kan fordjupe seg i område ein er spesielt interessert i, t.d. traumebehandling, blokkadar, smertebehandling, intensivmedisin, barneanestesi mellom anna.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Norsk autorisasjon som lege.
- Norsk spesialistgodkjenning i anestesiologi.
- Relevant praksis og erfaring frå norske sjukehus.
- Ein må kunne inngå i aktuell vaktordning/tenesteplan som inkluderer 24-timers vakter utan forvakt.
- God kunnskap innan relevant medisinsk-teknisk utstyr og IKT-system.
- Erfaring frå kvalitets- og forbetringsarbeid blir vektlagd.
- Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar.
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du:
- har gode kommunikasjonsevner
- er punktleg og påliteleg
- har motivasjon og interesse for faget
- er endringsvillig og har evne til nytenking
- kan arbeide godt både sjølvstendig og i team
- Aabeider målretta og toler å stå i krevjande situasjonar
- bidreg til eit godt samarbeid og eit godt arbeidsmiljø på tvers av dei ulike avdelingane
Personlege eigenskapar blir vektlagd.
Kvifor skal du velje oss?
Hos oss får du:
- Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø med sosiale samlingar og turar på fritida.
- Fagleg utvikling gjennom kompetanseplan.
- Eit meiningsfylt arbeid som gjev personleg utvikling.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Anne Catherine Skaar, Avdelingsleiar, 99622194, anne.catherine.skaar@helse-fonna.noArbeidssted
Tysevegen 645416 STORD
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Fonna HFReferansenr.: 5129753663
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.06.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
0150841e-7b74-4409-8603-c64243bc8647
- Sist endret
19. mai 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
7a33b6191fee408490e1c899e551937c