Er du klar for ein knallkjekk kvardag med folk, fart og fag?
Merkantile tjenester somatikk Stord sjukehus
Tysevegen 64, 5416 Stord
Om jobben
- Stillingstittel
- Sekretær
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest fredag 19. juni
Då kan dette vere jobben for deg.
Som ein av oss blir du sjukehuset sitt ansikt utad. Vi ser etter deg som har godt humør, er imøtekomande – og som trivs med å gjera kvardagen litt lettare for både pasientar og kollegaer.
Vi har ledig 1-års 100 % vikariat i merkantile tenester - med oppgåver knytt til resepsjon og timekontor ved medisinsk poliklinikk.
Hos oss blir du ein del av eit godt kollegafellesskap i merkantile tenester i Klinikk Somatikk Stord. Merkantile tjenester er ein viktig del av pasientforløpa, og vi har ansvar for kontoroppgåver i medisinsk og kirurgisk avdeling, føde- og gynekologisk avdeling, rehabilitering og akuttmottak.
👉 Høyrest dette ut som noko for deg? Då håpar vi du sender inn ein søknad – vi ser fram til å høyre frå deg!
Om det blir fleire ledige vikariat etter søknadsfristen, vil vi bruke søkjarmassen som føreligg.
Kva går jobben ut på?
Arbeidskvardagen din vil bestå av varierte oppgåver, som å planleggje timeoppsett, følgje opp ventelister og pakkeforløp, bestille blodprøvar og svare på henvendingar.
Du vil mellom ana:
- Veksle mellom resepsjon og timekontor i medisinsk poliklinikk
- Ha hovudansvar for eit fagområde, men òg bistå på tvers ved behov
- Følgje opp rapportar, lister og arbeidsgrupper i journalsystemet DIPS
- Utføre ekspedisjonsarbeid
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Det er ein fordel med utdanning som helsesekretær med autorisasjon, medisinsk sekretær eller anna helsefaglig utdanning
- Erfaring frå arbeid i sjukehus vert vektlagt, men er ikkje avgjerande då opplæring vil bli gitt
- Det er ynskjeleg med kjennskap til journalsystemet DIPS.
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Kva ser vi etter hos deg?
Vi ser etter ein kollega som:
- Trivst med å ta ansvar
- Er sjølvstendig, men men likar å samarbeide med kollegaer
- Tek initiativ, jobbar strukturert og er ein påliteleg kollega som følgjer opp det du lovar
- Når det er travelt, ser du heilskapen og finn gode løysingar saman med kollega
- Er utadvent, har godt humør og er raus i møte med både pasienter og kollegaer
- Har interesse for digitale system og er ein pådrivar for nye digitale løysingar
- Har du nokre år i klinisk arbeid, men ynskjer å jobbe kontorfaglig kan du vere rette kandidaten for oss!
Kvifor skal du velje oss?
Hos oss får du:
- god opplæring i datasystem og arbeidsoppgåvene som er knytt til stillinga
- ein spennande og utfordrande jobb i eit godt fagmiljø
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- faglig utvikling gjennom digitale kompetanseplanar, fagdagar og kurs.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Elisabeth Sortland, Avdelingsleiar, +47 91801476Siw Kristin Vad Haraldsen, Konstituert funksjonsleiar, +47 45423946, siw.kristin.vad.haraldsen@helse-fonna.no
Arbeidsstad
Tysevegen 645416 STORD
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5139916190
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Sluttdato: 01.07.2027
Søknadsfrist: 19.06.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Siw Kristin Vad Haraldsen
Konstituert funksjonsleiar
+47 45423946
Elisabeth Sortland
Avdelingsleiar
+47 91801476
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
f84c5526-3d07-4091-8b06-c78ca940a2c2
- Sist endret
3. juni 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
00072a4e07af4be4a88a5a855e188e71