Barnehagelærar
Golvsengane barnehage, Stad kommune
Golvsengane 1, 6770 Nordfjordeid
Om jobben
- Stillingstittel
- Barnehagelærar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 2. august
Vi i Golvsengane barnehage treng fleire dyktige medarbeidarar og ser etter deg som vil jobbe som barnehagelærar. Stillinga er fast, 100 prosent og gjeldande frå 15. august 2026 eller etter avtale.
Vi ser etter deg som er fagleg medansvarleg for det pedagogiske arbeidet i vår barnehage. Du må kunne gje barna omsorg og tryggheit. I dette legg vi at du får medansvar for organisering av leik og læring, med fokus på meistring for kvart enkelt barn. Du skal vere med på å bygge gode relasjonar for å skape lærelyst hos barna. Du er engasjert, løysingsorientert, kan samarbeide, leie og reflektere saman med andre, har godt humør og stå på-vilje.
Hos oss får du eit godt kollegium der vi gir plass til fagleg og personleg utvikling gjennom eit inspirerande miljø. Barnehagen vår er ein avdelingsbarnehage med åtte avdelingar organisert med små- og storbarnsavdelingar. Barnehagen ligg sentralt til på Nordfjordeid med kort avstand til skog, fjord, fjell, Operahuset med biblioteket og Sagastad/Sagaparken. Vår visjon er "Små og store hand i hand".
Vi ser etter medarbeidarar som ynskjer å jobbe i eit godt kollegium der barna sin omsorg, leik og læring står i sentrum for jobben.
Arbeidsoppgåver
- Arbeide systematisk og målretta med det pedagogiske utviklingsarbeidet i barnehagen
- Planlegge, gjennomføre og organisere foreldresamtalar og møte med foreldre
- Rettleiingsansvar for øvrige tilsette
- Bidra til å skape eit trygt, godt og inkluderande barnehagemiljø
- Legg til rette for leik som gir læring og utvikling for alle barna
- Planlegge og gjennomføre den daglege oppfølginga av barna
- Samarbeide med føresette, interne og eksterne samarbeidspartnarar
- Samarbeide med øvrige tilsette
Kvalifikasjonar
- Godkjent barnehagelærarutdanning
- Teiknspråk-kompetanse er sterkt ønskeleg
- Interesse for og erfaring med musikk og song
- Du kan følgje opp barnegruppa, enkeltbarn og barn med spesielle behov
- Du har gode kommunikasjonsevner på norsk, både munnleg og skriftleg
- Erfaringar frå tidlegare jobbar eller interesser som kan vere positive for å jobbe i barnehage
Personlege eigenskapar
- Du tek initiativ, har gode evner til samarbeid og kan jobbe sjølvstendig
- Du er genuint opptatt av og bevisst på at kvart barn er unikt, kompetent og sårbart
- Du har evne til å sjå det enkelte barnet
- Du har evne til å ivareta ei barnegruppe
- Du er fleksibel og løysingorientert og har evne til å yte det vesle ekstra for barna
- Du er ein trygg omsorgsperson og ein god rollemodell
- Du kan kommunisere godt med barn, foreldre og dine kollegaer
- Du har arbeidsglede og ei positiv haldning
- Du har god arbeidskapasitet, er pliktoppfyllande, påliteleg og trivst med eit varierande arbeidstempo
Vi tilbyr
- Ein spanande, variert og meiningsfull arbeidskvardag
- Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
- Godt og nært fagleg samarbeid med flinke kollegaer
- Løn etter gjeldande kommunalt avtaleverk etter ansiennitet
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Busette i Stad kommune i minst eitt år kan søkje Lånekassen om å få sletta delar av studielånet sitt
Stad kommune har seks månader prøvetid. Politiattest skal leggjast fram ved tilsetjing. Vi ber om at vitnemål og attestar vert lasta opp saman med søknaden.
Vi ynskjer at du skriv opp referansar viss du har.
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Kontaktinformasjon
Øyvind Dypveit, Styrar Golvsengane barnehage, 90661903, oyvind.dypveit@stad.kommune.noArbeidsstad
Golvsengane 16770 Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stad kommuneReferansenr.: 5133805857
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 02.08.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg midt i Nordfjord heilt nord i Vestland fylke. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. Her finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff-festivalen, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
0e951e29-b928-4ed6-8884-38b79ac19261
- Sist endret
2. juli 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
0190bb4c90af40459b9122ea8a84a734