Hopp til innhold

Barne- og ungdomsbibliotekar

Arbeidsgiver

Kultur, Stad kommune

Sted

Sophus Lie-vegen 3, 6770 Nordfjordeid

Om jobben

Stillingstittel
Barne og ungdomsbibliotekar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 9. august

Er du vår nye barne- og ungdomsbibliotekar?

Stad kommune har ledig 100 % fast stilling med oppstart hausten 2026.

Vi leitar etter deg som er ein engasjert og utviklingsorientert formidlar, og som ivrar for å skape leselyst og leseglede blant born og unge!

Stad bibliotek består av hovudbibliotek på Nordfjordeid, avdeling i Selje og filial på Leikanger, og vi jobbar aktivt saman med grunnskulane i kommunen i satsinga på skulebibliotek og leselyst.

Som tilsett hos oss vert du ein del av eit aktivt kulturmiljø som består av operahus, kino, kulturskule, kulturarv, frivilligsentralar og vidaregåande skule. 


Arbeidsoppgåver

Som bibliotekar ved Stad bibliotek inngår du i eit kollegium som saman skal utvikle bibliotektenestene i Stad kommune, oppfylle biblioteklova sine krav og skape leseglede og gode møteplassar.

  • Du inngår i den daglege drifta av biblioteket og dei bibliotekfaglege tenestene, inkludert skranketurnus, publikumsarbeid og litteraturformidling
  • Du har eit særleg ansvar for formidling og samlingsutvikling retta mot born og unge 0-19 år, både på og utanfor biblioteket
  • Du vil ha ein sentral rolle i Stad kommune si satsing på skulebibliotek, som rettleiar og ressursperson, i tett samarbeid med skulesektoren
  • Du besøkjer skular, skulebibliotek og barnehagar jamleg
  • Du jobbar for å skape leselyst og leseglede gjennom formidling, arrangement og utstillingar
  • Du bidreg til å gjere biblioteket til ein trygg og god møteplass
  • Du formidlar både munnleg og skriftleg, fysisk og digitalt
  • Stad bibliotek er ein dynamisk arena, og andre arbeidsoppgåver kan kome til ved behov

Kvalifikasjonar

Utdanning:

  • Bachelor i bibliotek- og informasjonsvitenskap, eller tilsvarande relevant utdanning til dømes innanfor litteratur, språk og pedagogikk
  • Erfaring og kunnskap:
    • God kjennskap til og interesse for barne- og ungdomslitteratur
    • Gode formidlingsevner både munnleg og skriftleg, fysisk og digitalt
    • Erfaring frå bibliotek- og/eller formidlingsarbeid er ein fordel
    • Du må ha gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
    • Erfaring med arrangementsavvikling er ein fordel
    • Erfaring med sosiale medium og marknadsføring er ein fordel
    • Du må ha gode IT-kunnskapar
    • Du må ha førerkort klasse B

    Personlege eigenskapar

    • Du er ein positiv og raus lagspelar
    • Du er utadvendt og serviceinnstilt 
    • Du jobbar sjølvstendig, løysingsorientert og har god gjennomføringsevne
    • Du har gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsevner
    • Du kan planlegge og organisere arbeidet effektivt
    • Du er utviklingsorientert og endringsvillig

      Det vil bli lagt vekt på at du er personleg eigna for stillinga.

    Vi tilbyr

    • Eit bibliotek i utvikling
    • Eit aktivt kulturkollegium med operahus, kino, kulturskule, kulturarv, frivilligsentralar og vidaregåande skule
    • Ein spanande, variert og meiningsfull arbeidskvardag
    • Løn etter tariff
    • Gode pensjons- og forsikringsordningar
    • Busette i Stad kommune i minst eitt år kan søkje Lånekassen om å få sletta delar av studielånet sitt

    Det vil bli lagt vekt på stabilitet, kontinuitet og referansar ved tilsetjing.
    Vi ber om at søkjarane lastar opp arbeidsattestar og vitnemål saman med søknaden. Stad kommune har seks månader prøvetid.

    For nærare opplysningar om stillinga, kontakt fagleiar bibliotek Janne Mari Hjelle, tlf. 97096997 eller kultursjef Geir Holmen, tlf. 90779933. 

    Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.

    Kontaktinformasjon

    Janne Mari Hjelle, Fagleiar bibliotek, 970 96 997, janne.mari.hjelle@stad.kommune.no
    Geir Holmen, einingsleiar kultur, 90 77 99 33, geirholmen@operahuset.no

    Arbeidsstad

    Sophus Lie-vegen 3
    6770 Nordfjordeid

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Stad kommune

    Referansenr.: 5147540796
    Stillingsprosent: 100%
    Fast
    Søknadsfrist: 09.08.2026

    Kontaktpersoner for stillingen

    Janne Mari Hjelle

    Fagleiar bibliotek

    970 96 997

    janne.mari.hjelle@stad.kommune.no

    Geir Holmen

    einingsleiar kultur

    90 77 99 33

    geirholmen@operahuset.no

    Om bedriften

    Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg midt i Nordfjord heilt nord i Vestland fylke. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. Her finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff-festivalen, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!

    www.nordfjord.no/stad

    www.hjartestad.no

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    ecf64cec-8d15-4209-b082-26780bb09600

    Sist endret

    25. juni 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    d8687c3b2bfd420ebd4c01f248202299

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser