Hopp til innhold

Ledig pedagogstilling 

Arbeidsgiver

Oppvekst, Gloppen kommune

Sted

6823 Sandane

Om jobben

Stillingstittel
Ledig pedagogstilling
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 2. august

Ledig pedagogstilling i Bakkelidgrenda barnehage
Bakkelidgrenda barnehage er ein barnehage med to avdelingar og vil ha mellom 15 og 20 barn, barnehageåret 26/27. Barnehagen er lokalisert på Vereide og har gode lokalitetar både ute og inne. Barnehagen har vore privat barnehage, men skal det komande året drivast som kommunal barnehage. Ynskjeleg oppstart er seinast 1. september, men kan vere aktuelt å starte før. 


Arbeidsoppgåver


Barnehagelærar har ansvar for planlegging, gjennomføring og evaluering av det pedagogiske arbeidet. Arbeidet skal utførast i tråd med gjeldande rammeverk, inkludert Rammeplan for barnehagen og barnehagen sin årsplan.
Den tilsette skal bidra til målretta arbeid i tråd med med resultatleiing og beste praksis i barnehagen. Vidare forventar vi at alle tilsette er aktive og tilstadesvarande vaksne som legg til rette for leik, læring og eit inkluderande fellesskap.

Kvalifikasjonar

Vi ønskjer barnehagelærarar som har:
  • Godkjend barnehagelærarutdanning. 
  • Dersom det ikkje melder seg søkjarar med barnehagelærarutdanning  kan det vere aktuelt å tilsette søkjar med anna relevant utdanning.

    • Kompetanse innan migrasjon og/eller spesialpedagogikk er ynskjeleg. 
    • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg, og god digital kompetanse. Nynorsk er skriftspråk i kommunen.
    • Erfaring eller kompetanse innan rettleiing (barnehagelærar)
    • Erfaring eller interesse for estetiske fag/praktiske fag

    Personlege eigenskapar

    Vi søkjer engasjerte medarbeidarar som er positive til utviklings- og endringsarbeid, og som er reflekterte rundt eigen og felles fagleg praksis. Vi ynskjer medarbeidarar som er ansvarsbevisste, har gode samarbeidsevner og som kan arbeide både sjølvstendig og i team.
    Vidare legg vi vekt på at du bidreg til eit inkluderande barnehagemiljø, og har fokus på språkutvikling, samspel og relasjonsarbeid, samt bidreg til kontinuitet og stabilitet i avdelinga. Det er òg viktig at du er strukturert og har evne til tydeleg gruppeleiing.
    Barnehagane jobbar etter Tryggleikssirkelen (COS), og kjennskap til denne modellen er ein fordel.
    Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt i den samla kvalifikasjonsvurderinga. Dersom søkjarar elles er likt kvalifiserte, vil menn bli føretrekte ved tilsetjing.

    Vi tilbyr

    • Ein barnehage med fokus for kvalitet og fagleg utvikling
    • Ein barnehage som er i eit spennande utviklingsarbeid med fokus på å utvikle trygge og tydelege pedagogiske leiarar, skaper inspirerande leikerom og løftar fram leiken som kjernen i barnehagen
    • Eit fagmiljø der du får moglegheit til å vere med og påverke, lære og utvikle deg saman med engasjerte og dyktige kollegaer.
    • Eit godt arbeidsmiljø prega av samarbeid, tillit og arbeidsglede.
    • Løn etter tariff i samsvar med godkjend utdanning og praksis.
    • Tilsetjing på vanlege kommunale vilkår med offentleg tenestepensjon i KLP.

    Tilfredsstillande politiattest må leggast fram før tiltreding.

    Kontaktinformasjon

    Grete Aa Sandal, Rådgjevar oppvekst, 413 09 539
    Per Arne Strand, Kommunalsjef Oppvekst, +47 957 78 875

    Arbeidsstad


    6823 Sandane

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Gloppen kommune

    Referansenr.: 5152500249
    Stillingsprosent: 100%
    Fast
    Søknadsfrist: 02.08.2026

    Kontaktpersoner for stillingen

    Grete Aa Sandal

    Rådgjevar oppvekst

    413 09 539

    Per Arne Strand

    Kommunalsjef Oppvekst

    +47 957 78 875

    Om bedriften

    Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 – 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord - Sandane lufthamn - ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet.
    Kommunen har eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og kommunen har vore kåra som både årets kulturkommune og årets musikkommune. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Vi har symjehall, idrettshall, kino og konsertsal. Fine forhold for stisykling. Her er alpinsenter og fleire langrennsløyper.
    Gloppen har gode barnehagar og skular, og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme.

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    ae240b19-78a2-4143-8bb7-6bed233b7261

    Sist endret

    3. juli 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    8662fd4f427f4b138bbc369f52d42411

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser