Operativ etterforskar/etterforskar
Møre og Romsdal Politidistrikt
Nedre Strandgate 50, 6005 Ålesund
Om jobben
- Stillingstittel
- Operativ etterforskar/etterforskar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest mandag 16. mars
Om stillinga
Dei siste to åra har vi styrka arbeidet innan nedkjemping av kriminelle nettverk og organisert- og økonomisk kriminalitet i Møre og Romsdal. Vil du vere med og bidra inn i dette viktige og spennande arbeidet, så er tida for å søkje nettopp no!
Vi har no ledig tre faste stillingar som etterforskar ved seksjon for spesiell etterforskning (SSE) ved Felles eining for etterforsking, førebygging og etterretning (FEFE) i Ålesund. To av stillingane er operative etterforskarar, plassert ved avsnitt for spesiell etterforsking og særskilte metodar, og ein etterforskar vil vere plassert ved avsnitt for etterforsking av økonomi- og miljøkriminalitet med for tida fokus på menneskehandel. Primæroppgåvene er etterforsking av straffesaker, men stillingane skal òg bidra med informasjonsinnhenting knytt til etterretning og førebygging innanfor fagområda.
Vi treng motiverte og engasjerte medarbeidarar til å ta del i etterforskingar som seksjonen har ansvar for. I stillinga vil du få setje deg inn i skjulte etterforskingsmetodar i tillegg til å bruke tradisjonelle etterforskingsskritt i eit miljø med dedikerte medarbeidarar.
FEFE består av fire seksjonar, herunder seksjon for spesiell etterforsking, kor begge avsnitt er plassert. Avsnitt for spesiell etterforsking og særskilte metodar har som sine oppgåver å bekjempe organisert kriminalitet. Arbeidspresset er i periodar høgt og ein arbeider med krevjande og komplekse straffesaker. Du vil jobbe mykje prosjektbasert og bidra inn i alle fasar av etterforskinga, førebyggande og etterretning. Noko av arbeidstida vil gå til å drive intern opplæring hos andre medarbeidarar i politidistriktet. Avsnitt for økonomi- og miljøkriminalitet etterforskar alvorleg økonomisk kriminalitet, alvorleg miljøkriminalitet og menneskehandel.
Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar
Vi ser etter deg som er interessert og dedikert innan etterforskingsfeltet. Du har også høg arbeidskapasitet, er nysgjerrig og ikkje minst tålmodig. Vi stiller høge krav til fagleg kompetanse, at ein er sjølvgåande, haldninger til arbeidet og etisk integritet.
Vidare søkjer vi medarbeidarar som opptrer profesjonelt til ei kvar tid og fungerer som gode ambassadørar for politiet gjennom det daglege arbeidet. Evna til å vere trygg, nærverande, lydhøyr og å byggje tillit til publikum, er avgjerande for suksess i organisasjonen vår.
I vår vurdering av kandidatar er mellom anna dette noko vi vil leggje vekt på i tillegg til evna til å bidra til eit inkluderande arbeidsmiljø prega av mestring og utvikling.
Arbeidsoppgåver
Operativ etterforskar ved avsnitt for spesiell etterforsking og særskilte metodar:
- etterforsking av straffesaker som høyrer inn under avsnittet
- informasjonsinnhenting i straffesaker gjennom både skjult etterforsking og tradisjonelle etterforskingsmetodar
- informasjonsinnhenting til både etterretnings- og avvergande formål
- bidra med analysearbeid i straffesaker og etterretningsprodukt
- bidra aktivt i avsnittet si varetaking av skjulte etterforskingsmetodar
- presentasjon av eige arbeid internt og eksternt, til dømes i retten
- drive intern opplæring og kompetansebygging hos medarbeidarar i heile politidistriktet innan fagområdet
- delta i andre oppgåver i eininga
Etterforskar ved avsnitt for etterforsking av økonomi- og miljøkriminalitet, per tida med fokus på menneskehandel:
- etterforsking av straffesaker som høyrer inn under avsnittet
- utføre taktiske etterforskings- og førebyggingsoppgåver innanfor fagområdet menneskehandel i samarbeid med fagleiar for menneskehandel
- bidra til å utarbeide etterretningsprodukt innanfor fagområdet
- drive intern opplæring og kompetansebygging hos medarbeidarar i heile politidistriktet innanfor fagområdet
- delta i politidistriktet sitt tverrfaglege A-krimsamarbeid
- delta i andre oppgåver i eininga
Kvalifikasjonar
Dette må du ha for å vere kvalifisert:
- fullført og bestått politi(høg)skule
- vere IP-godkjent, minimum nivå 4, eller kunne tilegne seg nødvendig IP-status. Kravet gjeld ikkje stillinga som etterforskar innan menneskehandel
- god munnleg og skriftleg på norsk og engelsk
- plettfri vandel og vere skikka for tjeneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må du pårekne at det blir henta inn opplysingar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga.
Det er også ønskjeleg med
- erfaring med etterforsking
- erfaring med arbeid mot kriminelle nettverk, organisert kriminalitet, menneskehandel og arbeidskriminalitet
- generell vidareutdanning innan etterforsking (VEF) eller ein plan om å gjennomføre studiet i løpet av 2026
- anna relevant utdanning/vidareutdanning, til dømes innan skjulte etterforskingsmetodar
- relevant erfaring med prosjekt- og teamarbeid
- gode ferdigheiter innan politiet sine datasystem
Personlege eigenskapar
- Du har gode samarbeidsevner og er audmjuk.
- Du har integritet i behald.
- Du er nysgjerrig og tør å stille kritiske spørsmål.
- Du er systematisk, analytisk og tålmodig.
- Du kan jobbe sjølvgåande.
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her.
Dette kan vi tilby om du vel oss
- ei utviklande stilling gjennom varierte oppgåver og tidleg ansvar
- for særskilt kvalifiserte/erfarne kandidatar: stilling som 0285 politiførstebetjent (lønn: Kr. 650 000 - kr. 720 000) eventuelt politioverbetjent (kr. 680 000 - kr. 760 000), jmf. lokale retningslinjer. Alternativt stilling som politibetjent 3/2/1 (SKO 1461/1459/1457), avhengig av kompetanse, jf. Kompetansekriteriene for politibetjenter:
politibetjent 3 - brutto årslønn frå kr. 640 000 til kr. 730 000
politibetjent 2 - brutto årslønn frå kr. 585 000 til kr. 635 000
politibetjent 1 - brutto årslønn frå kr. 560 000 til kr. 610 000
Ved eventuell endring av tjenesteområde vert det gitt lønnsplassering etter gjeldande lønnsnivå for området. - godtgjersle etter gjeldande ATB, for tida på kr. 44 708, og tillegg for eventuell turnusteneste
- medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar, les meir på www.spk.no. Det blir trekt to prosent frå løna til innskot i Statens pensjonskasse
- mogelegheit for trening i arbeidstida
- Møre og Romsdal politidistrikt er ei IA-bedrift og er knytt til bedriftshelseteneste
Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.
Mangfald i politiet
Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her.
Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_WcSlik søkjer du
Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.
Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
Kontaktpersoner for stillingen
Marius Haugland Martinsen
Avsnittsleiar etterforsking økomi- og miljøkriminalitet
+4741523862
Alf Christian Aarseth Grøtteland
Avsnittsleiar spesiell etterforsking og særskilt metode
+47 91 34 42 24
Om bedriften
Mellom hav, fjordar og fjell finn du Møre og Romsdal politidistrikt som er eitt av 12 politidistrikt i Noreg. Vi femnar om eit område på 15 099 kvadratkilometer med ei befolkning på om lag 272 500 menneske. Trollheimen, Romsdalsfjella, Sunnmørsalpane og Tafjordfjella set naturlege avgrensingar i fylket og politidistriktet. Ein stor del av befolkninga bur langs kysten og på øyar.
Dei tre største byane, Ålesund, Molde og Kristiansund, er regionsenter for høvesvis Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Politidistriktet har også kontinentalsokkelberedskap frå Stad til Helgeland.
Politidistriktet har om lag 650 tilsette og vert leia av politimeister Elin Drønnen med hovudsete i Ålesund. Vi er organisert i to geografiske driftseiningar med til saman 18 politistasjonar og sommaråpen politistasjon i Geiranger. I tillegg har vi fire funksjonelle driftseiningar: Felles eining for påtale, felles eining for operativ teneste, felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking, og felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie. I tillegg kjem PST og tre leiarstøttestabar; kommunikasjon, verksemdstyring og HR og HMS.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
0c3a1906-2d1d-4750-9bf4-aca19c7b08d3
- Sist endret
2. mars 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10284999
Lignende annonser
Kombinasjonsstilling
Arbeidsgiver
Møre og Romsdal Politidistrikt
Sted
Ålesund
Fag og opplæringsansvarleg for etterforsking, etterretning og førebygging
Arbeidsgiver
Møre og Romsdal Politidistrikt
Sted
Ålesund
Operatør, FOT
Arbeidsgiver
Møre og Romsdal Politidistrikt
Sted
Ålesund