SFO-leiar
Klepp kommune, Kleppelunden skule
Lunden 3, 4350 Kleppe
Om jobben
- Stillingstittel
- SFO-leiar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest onsdag 8. april
Vil du vere med å bygge ein SFO som barna elskar å komme til kvar dag?
I 2024 opna vår heilt nye skule – og no søkjer vi ein engasjert og inspirerande SFO-leiar som vil vere med å forme SFO-tilbodet vårt. Her får du sjansen til å skape ein kvardag der barna opplever leik, utforsking, vennskap og meistring kvar dag – i eit moderne og innbydande bygg, med rom som innbyr til kreativitet og aktivitet. Vi har eit flott uteområde, og skulen ligg rett ved det fine turområdet Klepploen.
Som SFO-leiar får du eit unikt ansvar og ei fantastisk moglegheit til å påverke korleis SFO skal vere for alle barn som begynner hos oss. Du blir ein nøkkelperson i å byggje eit inkluderande, kreativt og aktivt miljø.
Kleppelunden skule har omlag 300 elevar fordelt på 7 trinn. SFO har omlag 130 elevar frå 1-4 trinn. Skulen har omlag 50 tilsette, og 15 av desse arbeider og på SFO. SFO har eigen kokk som har ansvar for måltida.
SFO leiar vil saman med rektor og avdelingaleiarar utgjere Kleppelunden skule sitt leiarteam.
Kleppelunden skule skal frå august 2026 verte ein praksisskule for lærarutdanning. Utviklingsområdet vårt er Den engasjerte eleven. Her arbeider vi med trygt og godt skulemiljø, Oracy og variert undervisning.
Arbeidsoppgåver
- Leie og utvikle SFO i tråd med Rammeplan for SFO
- Skape ein trygg og inkluderande kvardag der alle barn trivst
- Planleggje spennande aktivitetar som fremjar leik, læring og utforsking
- Følge opp elevar og sette inn tiltak
- Leie, inspirere og utvikle tilsette
- Samarbeide tett med skuleleiing, lærarar, føresette og andre samarbeidspartnarar
Kvalifikasjonar
- Relevant 3-årig universitet-/høgskuleutdanning
- Erfaring med arbeid med barn i SFO, barnehage eller skule.
- Tidlegare erfaring som leiar
- Personlege eigenskapar vert lagt vekt på
Personlege eigenskapar
- Du er opptatt av å skape eit inkluderande og trygt miljø for barna
- Du er ein autoritativ vaksen
- Du er strukturert og organisert
- Du er kreativ og initiativrik, og kan planleggje for inkluderande aktivitetar som engasjerer barn
- Du har gode samarbeidsevner med både tilsette, skuleleiing og foreldre
- Du har evne til å vere ein tydeleg og motiverande leiar
- Du er opptatt av barns utvikling, leik og læring
- Du liker høgt arbeidstempo og varierte arbeidsoppgåver
- Du bidrar til å skapa eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Kjekke og motiverte kollegaer som jobbar saman for elevane våre på skule og SFO
- Ein arbeidsplass der du får vere med å utvikle organisasjonen
- Eit flott uteområde, med tilgang Kleppeloen turområde og Plogenparken.
- Eit flott og moderne bygg med mange mogligheiter for kreativitet og aktivitet.
- Lønn etter kommunale vilkår
Kontaktinformasjon
Kariann Fuglestein Leikanger, Rektor, +47 98434386Arbeidsstad
Lunden 34350 Kleppe
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Klepp kommuneReferansenr.: 5096609427
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.04.2026
Kontaktperson for stillingen
Kariann Fuglestein Leikanger
Rektor
+47 98434386
Om bedriften
Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 21 000 innbyggarar og om lag 1800 tilsette. Me ligg sentralt til, med korte avstander både til Stavanger, Sandnes og Bryne.
Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.
Visjonen vår er «Med blikk for alle». Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt, og me oppmodar alle kvalifiserte til å søkja, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn.
Me gjer merksam på at søkarlister kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
099ced9f-9204-458f-93dd-012738873816
- Sist endret
13. mars 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
d745205f8cfe4d47969d16f55925ebca