Hopp til innhold

Pedagogisk leiar

Arbeidsgiver

Klepp kommune, Sporafjell barnehage

Sted

Boreringen 151, 4351 Kleppe

Om jobben

Stillingstittel
Pedagogisk leiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk, samisk eller skandinavisk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest torsdag 16. april

Ein av våre dyktige pedagogar går over i pensjonisttilværet, og me treng ein ny pedagog med oss på laget! Me er eit av Jærens største pedagogteam, og me ser etter deg som er fagleg engasjert, har barns beste i fokus og som ønskjer å bidra til ein trygg og utviklande barnehagekvardag – der leiken er den viktigaste arenaen for vekst og fellesskap.
I vårt nye og framtidsretta bygg har me 8 avdelingar som ligg flott til på toppen av Verdalen, med gode turmoglegheiter rett utanfor døra. Både bygg og organisering bidreg til at me tek vare på kvalitetane i det nære, samstundes som organisasjonen er robust nok til å handtere dei utfordringane kvardagen byr på. I tillegg til avdelingane rommar bygget to fellesrom som inviterer til fysisk aktivitet, eit bibliotek og 5 el-syklar med plass til 6 barn i kvar sykkel. Me har også eit vassrom som alle gruppene disponerer på faste tider kvar veke.

Me veit at kvalitet i barnehagetilbodet handlar om dei tilsette, og me har eit høgt fokus på å bygge eit sterkt fagleg miljø og profesjonell entusiasme. Me er ein Marte Meo-sertifisert barnehage med fleire terapeutar og praktikare, og metodikken er ein viktig del av vår utviklingsstøttande rettleiing og arbeid med relasjonskompetanse.

Medarbeidarkartlegging viser at me har eit godt arbeidsmiljø, og høg trivsel er viktig for oss. Barnehagen har i dag 17,6 pedagogar med ulik erfaringsbakgrunn, og ei stor gruppe barne- og ungdomsarbeidarar. I tillegg har me ein tilsett kokk som tek seg av all matlaging, slik at det pedagogiske personalet kan bruke tida si saman med barna. Me har eit samarbeid med Universitetet i Stavanger som praksisbarnehage. 

Handlingsregelen vår er: «Saman skapar me positiv energi», og det skal prege kvardagen vår. Er du ein framtidsretta og fagleg engasjert barnehagelærar som ønskjer å vere med på å forme ein barnehage for framtida, er dette sjansen du har venta på:

Me har ledig fast stilling som pedagogisk leiar frå 01.08.2026


Arbeidsoppgåver

  • Leie og organisere det pedagogiske arbeidet på avdelinga i tråd med barnehagelova, rammeplanen og lokale føringar.
  • Rettleie og støtte det øvrige personalet i det pedagogiske og metodiske arbeidet.
  • Bidra til barns sosiale utvikling gjennom medverknad og utforsking, og vere aktivt til stades saman med barna i aktivitet og leik – både inne og ute, fysisk og mentalt.
  • Vere ein inspirator og pådrivar for det pedagogiske arbeidet.
  • Ta aktivt del i og bidra til godt samarbeid med kollegaer, føresette, eksterne samarbeidspartnarar og hjelpeinstansar.
  • Arbeide for stadig utvikling av eit inkluderande læringsmiljø tilpassa det enkelte barnet og barnegruppene som til kvar tid er i barnehagen.
  • Følge opp enkeltbarn og sikre eit godt samarbeid med føresette.

Kvalifikasjonar

  • Godkjent barnehagelærarutdanning eller tilsvarande 
  • Barnehagelærarar med relevante vidareutdanningar og master vert oppfordra til å søke  
  • Søkarar med relevant utdanning frå andre land enn Norge må ha fått utdanninga si godkjent av Utdanningsdirektoratet (NOKUT). Dokumentasjon på dette må leggast ved søknaden for at den skal bli vurdert.  
  • Søkarar med eit anna morsmål enn norsk må dokumentere norskferdigheiter jamf. §28 i barnehagelova. Kravet gjeld ikkje for personar med samisk, svensk eller dansk som førstespråk. 
  • Godkjent politiattest
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt  

Personlege eigenskapar

  • Du er ein autoritativ leiar
  • Du har eit brennande engasjement for barna sitt beste, og vil arbeide målretta og systematisk med dette  
  • Du har eit blikk for kvart einskild barn, og ser leiken som den viktigaste arenaen for trivsel, glede og læring  
  • Du trivest best med ein leikande og  aktiv kvardag, og kan nytte uterommet like godt som romma inne  
  • Du har vilje til å sjå og mot til å handle når barn ikkje har det bra  
  • Du er raus, motiverande og byr på deg sjølve  
  • Du ser løysingar, er fleksibel og har stor arbeidskapasitet  
  • Du har gode samarbeidsferdigheiter og er respektfull i møte med andre 

Vi tilbyr

  • Eit sterkt fagleg fellesskap og eit arbeidsmiljø det er godt å vera i   
  • Ein unik moglegheit til å bidra i utviklinga av framtidas barnehage i Klepp  
  • Samarbeid med UIS (Praksisbarnehage) 
  • Lønn etter gjeldande avtaleverk og pensjonsordning i KLP. Gode lønnsbetingelser for dei med relevant vidareutdanning  
  • Klepp kommune har ulike velferdsordningar  og gode forsikringsordningar. 

Kontaktinformasjon

Trude Evjen, Styrar, +47 99777324

Arbeidsstad

Boreringen 151
4351 Klepe

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Klepp kommune

Referansenr.: 5105937249
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.04.2026

Kontaktperson for stillingen

Trude Evjen

Styrar

+47 99777324

Om bedriften

Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 21 000 innbyggarar og om lag 1800  tilsette. Me ligg sentralt til, med korte avstander både til Stavanger, Sandnes og Bryne.

Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.

Visjonen vår er «Med blikk for alle».  Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt, og me oppmodar alle kvalifiserte til å søkja, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn.

Me gjer merksam på at søkarlister kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

d2a5c9ca-4e3a-4707-adcc-bfabb9114a97

Sist endret

31. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

da8b51b9a53147b09a8ebd8ebd40a4cf

Lignende annonser

Laster lignende annonser