Pedagogisk leiar
Klepp kommune, Kleppe friluftsbarnehage
Fredheimsvegen 18, 4350 Kleppe
Om jobben
- Stillingstittel
- Pedagogisk leiar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidsspråk
- Norsk eller skandinavisk
Søk på jobben
Søk senest mandag 18. mai
Vil du vere med og gjere ein forskjell i kvardagen til barna?
Kleppe friluftsbarnehage har ledig ei 100 % fast stilling som pedagogisk leiar, med oppstart etter avtale, samt eit 100 % vikariat med oppstart 03.08.2026.
Kleppe friluftsbarnehage er ein kommunal barnehage som ligg sentralt i Kleppe. Hos oss står friluftsliv, leik og gode relasjonar i sentrum. Vi jobbar målretta for at barna skal oppleve glede, meistring og nysgjerrigheit – både i møte med naturen og i samspel med kvarandre og dei vaksne.
Som friluftsbarnehage er vi mykje ute og nyttar naturen aktivt i det pedagogiske arbeidet. Vi går på turar, utforskar ulike naturmiljø og brukar naturmateriale i leiken. Vi legg til rette for at barna får erfaringar som styrkjer motorikk, samarbeid og sjølvstende. Friluftsaktivitetane våre gir barna rike moglegheiter til å vere utforskande, skapande og deltakande i eit inkluderande fellesskap der leik og samspel står i sentrum.
I kvardagen legg vi særleg vekt på leiken som barna sin viktigaste arena for utvikling og trivsel. Vi arbeider systematisk for å støtte gode relasjonar mellom barn og vaksne – og barna imellom. Vi tilpassar aktivitetar, rammer og samspel slik at kvart barn får tryggleik, rom for utforsking og høve til å vere seg sjølv i fellesskapet.
Vi har eit sterkt fagmiljø og jobbar kontinuerleg med å utvikle oss som ein lærande og reflekterande organisasjon. Marte Meo-metodikken er ein del av arbeidet vårt med å styrkje relasjonskompetansen og kvaliteten i samspela i kvardagen.
Vi oppmodar nyutdanna pedagogar til å søkje.
Hos oss får du god fagleg støtte frå dag éin, mellom anna gjennom profesjonsrettleiing, tett samarbeid med kollegaer og rom for fagleg utvikling. Du blir teken godt imot av engasjerte og varme medarbeidarar som er opptekne av leik, nærvær og gode relasjonar.
Arbeidsoppgåver
- Leie og organisere det pedagogiske arbeidet, og arbeide målretta for både enkeltbarn og barnegruppa i tråd med formålet i barnehagelova og rammeplanen.
- Pedagogisk leiar er ein del av barnehagen sitt leiarteam gjennom aktivt samarbeid med styrar, pedagogar, øvrige tilsette og føresette.
- Ta initiativ til og vere pådrivar for fagleg utvikling og nytenking, og bidra til ei heilskapleg utvikling av det faglege miljøet i barnehagen.
- Pedagogisk leiar har, saman med styrar, ansvar for det psykososiale miljøet på avdelinga og skal arbeide for at barn, føresette og medarbeidarar har ein god kvardag i barnehagen.
- Rettleiing av tilsette og føresette.
- Samarbeide med PPT, barnevern, helsestasjon og andre instansar som er involverte i arbeidet med barna
Kvalifikasjonar
- Godkjent barnehagelærar- eller førskulelærarutdanning.
- Søkarar må tilfredsstille krav som kjem fram i barnehagelova kapittel VI – personal.
- Godkjend politiattest jf. barnehagelova § 30 må liggje føre før oppstart.
- Dersom du har eit anna morsmål enn norsk, må du kunne dokumentere språknivå tilsvarande B1. Dette gjeld ikkje søkjarar med skandinavisk språk som morsmål (jf. barnehagelova § 18 a).
- Attestar og vitnemål:
Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål i PDF-format saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vere NOKUT-godkjende (hkdir.no), og utanlandske attestar må vere omsette til eit skandinavisk språk eller engelsk.
Vi gjer merksam på at dokumentasjon på mellom anna avtjent verneplikt og omsorg for barn, eldre eller sjuke også kan gi utteljing i lønsansiennitet.
Personlege eigenskapar
- Du har interesse for og ønskje om å arbeide for det som er best for barna.
- Du har blikk for barna si leik og er aktiv saman med barna, både inne og ute.
- Du er positiv og ønskjer å bidra til å skape og oppretthalde eit godt arbeidsmiljø.
- Du er engasjert, løysingsorientert, målretta og framtidsretta.
- Du arbeider godt både sjølvstendig og i team.
- Du har eit medvite forhold til eiga leiarrolle og bidreg aktivt i barnehagen sitt leiarteam.
- Du møter barn og føresette med respekt, og viser omsorg, glede og fleksibilitet.
- Du er raus og open for å sjå ulike perspektiv.
- Du har evne til å motivere kollegaer.
- Du har fokus på nærvær i arbeidet ditt
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.
Vi tilbyr
- Eit inkluderande arbeidsmiljø med fokus på samarbeid og kompetanseheving
- God onboarding og støtte i leiarrolla
- Lønn etter gjeldande avtaleverk og pensjonsordning i KLP
- Ulike velferdsordningar
- Gode forsikringsordningar
- Nyutdanna barnehagelærar vi få tilbud om veiledning for nytilsette.
- Tilsetting skjer på dei vilkår og med dei pliktene som kjem fram i utlysinga, og dei til ei kvar tid gjeldande lovar, reglar og tariffavtalar
Kontaktinformasjon
Cathrine Salte, Styrar, +47 93055166Arbeidsstad
Fredheimsvegen 184350 Kleppe
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Klepp kommuneReferansenr.: 5121314335
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikar
Søknadsfrist: 18.05.2026
Kontaktperson for stillingen
Cathrine Salte
Styrar
+47 93055166
Om bedriften
Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 21 000 innbyggarar og om lag 1800 tilsette. Me ligg sentralt til, med korte avstander både til Stavanger, Sandnes og Bryne.
Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.
Visjonen vår er «Med blikk for alle». Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt, og me oppmodar alle kvalifiserte til å søkja, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn.
Me gjer merksam på at søkarlister kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
d40c179b-6b40-43a7-b75b-20298ad82a39
- Sist endret
29. april 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
390d2eac2ef74e54b494691deb7c0cc2