Pedagogisk leiar
Klepp kommune, Sørhellet barnehage
Engrappstubben 1, 4351 Kleppe
Om jobben
- Stillingstittel
- Pedagogisk leiar
- Oppstart
- 1. august 2026
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 12. april
Vi har eit godt og bredt fagmiljø og er opptatt av å vere i konstant utvikling. Barnehagen er sertifisert Marte Meo barnehage og har fleire i personalet med Marte Meo utdanning. Marte Meo er ein utviklingsstøttande metodikk som blir brukt i rettleiing av personalet for å auke relasjonskompetansen og kvaliteten på samspel med barn.
Sørhellet barnehage er praksisbarnehage for Universitetet i Stavanger.
Vi søkjer deg som er leiken, ser barna, er sjølvstendig, fagleg trygg og har god evne til samarbeid.
Arbeidsoppgåver
- Leie og organisere det pedagogiske arbeidet målretta for kvart enkelt barn og barnegruppe i tråd med barnehagelova sitt formål og rammeplanen.
- Ta initiativ til å vere pådrivar for fagleg utvikling og nytenking, og sjå på ein heilskapleg utvikling av det faglege miljøet i barnehagen.
- Sørgje for at barn får den utviklingsstøtta dei treng, og leggje til rette for å gje barna eit inkluderande og likeverdig tilbod.
- Pedagogiske leiar har ansvar saman med leiinga i barnehagen for det psykososiale miljøet på avdelinga, og skal jobba for at både barn, foreldre og medarbeidarar har ein god kvardag i barnehagen.
Kvalifikasjonar
- Godkjent barnehagelærar- eller førskulelærarutdanning. For søkjarar med relevant utdanning frå andre land enn Noreg er det krav om godkjenning for utdanning frå utdanningsdirektoratet (NOKUT).
- Søkjar må tilfredsstille krav som kjem fram i Barnehagelova kapittel VI- personal.
- Norskkunnskapar tilsvarande nivå A2 skriftleg og B1 munnleg.
- Personlege eigenskapar blir vektlagt.
Dei som får tilbod om stilling må leggje fram politiattest, jf. Barnehagelova §30. Attesten skal ikkje vere eldre enn 3 månadar.
Personlege eigenskapar
- Du har interesse for og eit ønske om å arbeide med barn.
- Du har forståing for barnas leik, og er aktiv saman med barn i leik ute og inne.
- Du er engasjert, løysingsorientert og har stor arbeidskapasitet.
- Du er god til å arbeide sjølvstendig og i team.
- Du har eit bevisst forhold til eigen leiarrolle og kan bidra aktivt i barnehagen sitt leiarteam.
- Du har evne til å motivere og rettleie dine kollegaer.
- Du har evne til å samarbeide med kollegaer, føresette og andre samarbeidspartnarar.
- Du har fokus på nærvær.
Vi tilbyr
Lønn etter gjeldene avtaleverk og pensjonsordninger i KLP. Klepp kommune har diverse velferdsordningar og gode pensjons- og forsikringsordninger.Tilsetting skjer på dei vilkår og med dei plikter som kjem fram i utlysinga, og dei til ei kvar tid gjeldande lovar, reglar og tariffavtalar.
Kontaktinformasjon
Ragnhild Herigstad Aase, styrar, +47 97089086Arbeidsstad
Engrappstubben 14351 Kleppe
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Klepp kommuneReferansenr.: 5099196185
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2026
Søknadsfrist: 12.04.2026
Kontaktperson for stillingen
Ragnhild Herigstad Aase
styrar
+47 97089086
Om bedriften
Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 21 000 innbyggarar og om lag 1800 tilsette. Me ligg sentralt til, med korte avstander både til Stavanger, Sandnes og Bryne.
Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.
Visjonen vår er «Med blikk for alle». Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt, og me oppmodar alle kvalifiserte til å søkja, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn.
Me gjer merksam på at søkarlister kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
ffa74e81-640b-4bca-8755-60765e7b4ee9
- Sist endret
20. mars 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
209f064309d74dae95f8007a709d7b16