Hopp til innhold

Barne og ungdomsarbeidarar. 40 - 50 % stilling i SFO.

Arbeidsgiver

Klepp kommune, Orstad SFO

Sted

Skogvegen 26, 4353 Klepp Stasjon

Om jobben

Stillingstittel
Barne og ungdomsarbeidarar SFO
Oppstart
3. august 2026
Type ansettelse
Annet, deltid 45%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
4
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest fredag 10. april

Er du ein leiken, kreativ og omsorgsfull vaksen?

Me søkjer fleire blide og kvikke medarbeidarar som er sjølvstendige og fleksible i møte med barn, føresette og kollegaer, som kunne tenkja seg å vera her med oss i Orstad SFO..

Du må ha eit ynskje og evne til å aktivisera barn i leik og gjennom aktivitetar, gjerne med utgangspunkt i eigne interesser og ferdigheiter. Vår SFO brukar hobbyane og interessene til dei tilsette som eit utgangspunkt for aktivitetar for barna på SFO.

For oss er det viktig at alle barn opplever inkludering i felleskapet, og me har fokus på mangfaldet i barnegruppa. Hos oss er alle barn velkomne. Det er viktig at vaksne som jobbar i SFO deler dette synet på barn og inkludering. I Klepp kommune er me opptekne av “med blikk for alle”, og me vektlegg at me er gode rollemodellar for barna og har eit godt foreldresamarbeid.


Me søkjer etter barne- og ungdomsarbeidarar/assistentar med stort fagleg engasjement, som vil vera med å bidra i eit læringsmiljø der barns trivsel og utvikling er i fokus.


Arbeidsoppgåver

  • Gje omsorg og skapa trivsel
  • Bidra til den sosiale utviklinga og trivselen til barna
  • Rettleia barn i leik og fritidsaktivitetar inne og ute
  • Skapa eit trygt og positivt miljø for barn, føresette og kollegaer
  • Byggja gode relasjonar med barna og hjelpa barna til å byggja relasjonar med kvarandre
  • Bidra i planlegginga av innhaldet i SFO i tråd med rammeplanen
  • Gjennomføra aktivitetar med barnegrupper

Kvalifikasjonar

  • Barne- og ungdomsarbeidar eller tilsvarende fagutdanning,. Anna kompetanse og erfaring kan og vere aktuelt.
  • Erfaring frå arbeid med barn og unge er nødvendig, og det er ønskeleg med erfaring innan barn med spesielle behov.
  • Gode norskkunnskaper, skriftleg og munnleg, minimum nivå B2.
  • Personlege eigenskaper vil bli vektlagt.
  • I tråd med opplæringslova er tilfredstillande politiattest ei forutsetning før tilsetjing.

Personlege eigenskapar

  • Positivt syn på barn og inkludering
  • Ein god støttespelar for utviklinga til barna gjennom leik og læring
  • Du må vera ein trygg vaksen og ein god rollemodell for barna, som evnar å setja grenser med varme og omsorg
  • Positiv, engasjert og reflektert
  • God til å kommunisera og samarbeida med andre
  • God til å byggja relasjonar
  • Du må like å vera ute i alle årstider
  • Du må vera aktiv og leiken i samspel med elevane
  • Utviklingsorientert og samarbeidsorientert.
 

Vi tilbyr

  • Eit godt og engasjert arbeidsmiljø
  • Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver og kvardagar
  • Medråderett, medansvar og rettleiing

    Lønns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lover, forskrifter og avtalar.
   

Kontaktinformasjon

Birgit Ute Strand, Sfo-leiar, 91599676
Randi Harveland, rektor, +47 41292877

Arbeidsstad

Skogvegen 26
4353 Klepp Stasjon

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Klepp kommune

Referansenr.: 5097825461
Stillingsprosent: 50, 40%
Fast, Vikar
Startdato: 03.08.2026
Søknadsfrist: 10.04.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Birgit Ute Strand

Sfo-leiar

91599676

Randi Harveland

rektor

+47 41292877

Om bedriften

Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 21 000 innbyggarar og om lag 1800  tilsette. Me ligg sentralt til, med korte avstander både til Stavanger, Sandnes og Bryne.

Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.

Visjonen vår er «Med blikk for alle».  Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt, og me oppmodar alle kvalifiserte til å søkja, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn.

Me gjer merksam på at søkarlister kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

e3cb6dd3-8604-4660-a30c-9e74b15d4d40

Sist endret

16. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

501841cdd14e4d0aa573cf5688eebe83

Lignende annonser

Laster lignende annonser