Hopp til innhold

Portørlærling

Arbeidsgiver

Haugesund Sjukehus

Sted

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Portørlærling
Oppstart
1. august 2026
Type ansettelse
Lærling, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Bli ein del av sjukehuset si pulsåre!

Likar du å vere i farta, hjelpe folk og ha ein jobb der innsatsen din betyr noko – kvar dag? Som portørlærling er du med på å få sjukehuset til å gå rundt. Du knyter avdelingane saman, sørgjer for trygg pasienttransport og flyttar utstyr dit det trengst. Jobben passar for deg som er praktisk, roleg under press og trivst med ansvar.

Portøravdelinga er sjukehuset si transport- og logistikktjeneste. Vi jobbar tett med akuttmottak, operasjonsstover, sengepostar, laboratorium og røntgen. Her er tempoet variert: Nokre oppdrag er planlagde, andre hastar. Felles for alle er at dei krev samarbeid, presisjon og eit vennleg møte med pasientar og kollegaer.

Hos oss jobbar portørar både i turnus og på dagtid, med ein variert arbeidsdag og meiningsfullt arbeid. Som portørlærling vil du vere med portørane våre på å ta imot luftambulanse, bistå ved brann, delta i hjartestans- og traumeteam og vere med på å ivareta tryggleiken ved sjukehuset.

Vi brukar digitale verktøy for å halde oversikt, prioritere og jobbe effektivt. Du er i rørsle store delar av dagen, og du møter mange menneske – alltid med fokus på tryggleik, smittevern og gode haldningar.

Du vil få ei spennande og variert læretid.


Kva går jobben ut på?

  • Trygg transport av pasientar til og frå undersøkingar og behandling (rullestol, seng/båre)
  • Henting og levering av prøver og blodprodukt
  • Henting og levering av tomme senger
  • Bistand ved akutte oppdrag og beredskapssituasjonar
  • Bidrag til god flyt i korridorar, heisar og mottak
  • Avfallshandtering
  • Arbeid med kompetansemåla i læreplanen

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Bestått vg1 helse og oppvekst
  • Bestått vg2 ambulansefag, vg2 helsefag eller vg2 helseservicefag. Vg2 må vere bestått før læretida tek til.
  • Kunne bruke PC og aktuelle IT-program som arbeidsverktøy
  • God orden og adferd
  • Førarkort kl. B/BA gjennomført og bestått innan januar 2027 (dekkes av den enkelte)
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgerar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad.

Kva ser vi etter hos deg?

  • Du er påliteleg, møter presist og er klar når vakta startar
  • Du er roleg og vennleg, også når det er travelt
  • Du er praktisk, fysisk aktiv og trivst med å vere i rørsle
  • Du likar å hjelpe og behandlar pasientar med respekt
  • Du ber om hjelp når du treng det – vi ønskjer at du skal lukkast
  • Du viser engasjement og tek initiativ
  • Du tek ansvar for eiga læring og jobbar systematisk fram mot fagprøven

Kvifor skal du velje oss?

  • Løn etter tariff for lærlingar
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Eit spennande arbeidsmiljø med høgt fagleg nivå
  • Internundervisning, kurs og fagleg oppfølging 

Vitnemål må leggjast ved søknaden. Dersom du går Vg2 no, kan du leggje ved terminkarakterane. Vi ønskjer òg to referansar.

Kontaktinformasjon

Natalia Soto, Avdelingsleiar Forsyning og Logistikk, +47 40613860

Arbeidsstad

Karmsundgata 120
5528 Haugesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5054545249
Stillingsprosent: 100%
Lærling
Startdato: 01.08.2026
Sluttdato: 31.07.2028
Søknadsfrist: 01.02.2026

Om bedriften

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.

 

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

07983426-5477-4acc-a1c0-3efe6fdf62d8

Sist endret

2. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

89f653aff2344e3d84754002385618dd

Lignende annonser