Hopp til innhold

Lærling som ernæringskokk

Arbeidsgiver

Matforsyning avdeling Haugesund sjukehus

Sted

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Om jobben

Stillingstittel
Lærling ernæringskokk
Type ansettelse
Lærling, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest onsdag 1. april

Vil du bli lærling som ernæringskokk på Haugesund sjukehus?

Hos oss får du sjansen til å bli lærling som ernæringskokk, med spennande arbeidsoppgåver der du får vera med å skapa gode matopplevingar for både pasientar og tilsette.

På sjukehuskjøkkenet vårt lagar me mat til pasienter på sjukehuset og me driv også ei stor kantine for dei som jobbar her på sjukehuset. Me har ope kvar einaste dag året rundt, så du får verkeleg oppleve korleis det er å jobbe i eit travelt og viktig miljø.

Me bryr oss om sunn og god mat, og gjer alltid vårt beste for at pasientane skal få det dei treng – også dei som har spesielle behov. Her lærer du korleis du kan lage næringsrik mat som både smakar godt og gjer godt.

Som lærling hos oss vil du bli ein del av eit dyktig team som vil støtte deg, lære deg nye ting og gi deg den kompetansen du vil trenge som ernæringskokk. Me vil at du skal kjenne deg trygg, få utfordringar og bli den beste du kan bli – for me har som mål å vera den beste plassen å lære dette yrket!

Når startar du?
Me vil gjerne ha deg med på laget frå midten av juni, rett etter skuleslutt, eller så finn me ei løysing som passar for deg.

Høyrest dette ut som noko for deg?
👉Send oss ein søknad og fortel litt om deg sjølv. Me gler oss til å bli kjent med deg!


Kva går jobben ut på?

  • Delta aktivt i daglig produksjon og planlegging.
  • Lære deg om ernæring og menylære for å skape sunne og varierte måltid.
  • Få opplæring i kjøkkenhygiene og sørge for å praktisere dette
  • Tilegne deg kunnskap om dietter og spesialkost slik at du kan tilpasse mat til ulike behov.
  • Utforske tema som fagkunnskap, bransjestandardar, logistikk, miljø og bærekraft.
  • Dokumentere og evaluere egen opplæring i elektronisk opplæringsbok.

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Bestått eksamen frå VG1 Restaurant- og matfag og starta Vg2 kokk- og servitørfag.
  • Dokumentert erfaring frå relevant praksis er ein stor fordel. Td. sommarjobbar, kortare oppdrag, UB. ol.
  • At du kan kommunisera på norsk, med gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg. Søkjarar med anna morsmål enn norsk, dansk eller svensk, må kunna dokumentera bestått eksamen frå  skriftleg og munnleg norskopplæring på nivå frå videregåande skule.

Personlege eigenskapar blir vektlagd. Referansar vil bli etterspurd.

Kva ser vi etter hos deg?

Hos oss er det viktig at du: 

  • har interesse og motivasjon for matfaget
  • har ei utprega serviceinnstilling 
  • kan ta ansvar for eiga læring. Vi vektlegg engasjement for faget og lærevillighet
  • er moden og reflektert
  • har gode samarbeidsevner både med kollegaer, pasientar og kunder
  • mestrer bruk av elektroniske hjelpemiddel og system

Kvifor skal du velje oss?

  • 2-årig lærekontrakt, med inngåande, god og allsidig praksisutdanning for fagbrevet som ernæringskokk.
  • Mange dyktige kokkekollegaer som deltar i opplæringa.
  • Fagleg breidde i opplæringa, med praksisperiodar hos samarbeidande produsentar innan: konditori-, kjøtt- og fiskeforedling
  • Fagleg oppfølging med bl.a. fagkurs og elektronisk opplæringsbok frå Opplæringskontoret for matfag i Rogaland.
  • Eit triveleg og positivt læringsmiljø.
  • Trygg og god tilsetting på ein stabil og solid arbeidsplass. 
  • Ryddige og gode arbeids- og personalordningar.
  • Gode moglegheiter for fast tilsetting  og/eller vikarjobb i Helse Fonna, etter bestått fagprøve.

Kontaktinformasjon

Bjarte Halleraker, Avdelingsleiar

Arbeidsstad

Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5065503193
Stillingsprosent: 100%
Lærling
Søknadsfrist: 01.04.2026

Kontaktperson for stillingen

Bjarte Halleraker

Avdelingsleiar

Om bedriften

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

28b2e2ec-5570-4a4b-9bf8-1011c60cd08b

Sist endret

19. januar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

0978ec00785c4ae6a8d681997e095c7c

Lignende annonser