Hopp til innhold

Klinisk ernæringsfysiolog (vikariat)

Arbeidsgiver

Terapeutavdeling, Helse Fonna HF

Sted

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Om jobben

Oppstart
1. juni 2026
Stillingstittel
Klinisk ernæringsfysiolog (vikariat)
Type ansettelse
Vikariat, deltid 50%
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest torsdag 30. april

Ernæring er meir enn mat, det er behandling, førebygging og livskvalitet. No har du høve til å bli ein del av eit aktivt og engasjert fagmiljø i Helse Fonna, der klinisk ernæring er ein naturleg og viktig del av pasientbehandlinga. 

Me har ledig eit 50 % vikariat som klinisk ernæringsfysiolog ved Terapeutavdelinga. Hos oss vil du vere omgitt av gode kollegaer i eit tverrfagleg miljø som omfattar kliniske ernæringsfysiologar, ergoterapeutar, fysioterapeutar, sosionomar og sjukehusprestar. 

Som ein av fem kliniske ernæringsfysiologar vil du primært jobbe ved Haugesund sjukehus, men tenesta dekkjer også andre einingar i Helse Fonna ved behov. 

I tillegg til stillinga i Helse Fonna er det moglegheit for kombinasjon med inntil 20 % stilling ved ein samarbeidande rehabiliteringsinstitusjon. 

Kva går jobben ut på?

  • Individuell behandling og oppfølging av inneliggjande og polikliniske pasientar 
  • Undervisning av pasientgrupper og helsepersonell 
  • Deltaking i tverrfaglege team 
  • Kontinuerleg forbetring av klinisk ernæringsteneste deriblant utarbeiding av pasientinformasjon, undervisningsmateriell og prosjektarbeid.

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Autorisert klinisk ernæringsfysiolog 
  • Erfaring frå spesialisthelsetenesta er ein fordel, men ikkje eit krav 
  • Det er ein fordel med kjennskap til DIPS og generelle IKT-kunnskapar
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad 

Kva ser vi etter hos deg?

Hos oss er det viktig at du;

  • har gode evner til samarbeid 
  • har evne til å ta sjølvstendige avgjerder 
  • har ei positiv og løysingsorientert innstilling 
  • viser motivasjon og interesse for fagfeltet 
  • kan bidra positivt til eit fagleg og kollegialt godt arbeidsmiljø 
  • er komfortabel med å undervise og rettleie i ulike samanhengar 
  • Personleg eigna vil bli vektlagd. 

Vi tilbyr

  • Gode kollegaer og aktivt fagmiljø på tjenesten 
  • Lønnsbetingelsar etter avtale og gjeldende overenskomstar 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP 
  • Moglegheter for fagleg utvikling

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Agneta Eva Linnea Larsdotter Lundkvist Gard, Avdelingsleder Terapeutavdelingen, 47 31 74 03

Arbeidsstad

Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5113945256
Stillingsprosent: 50%
Vikariat
Startdato: 01.06.2026
Sluttdato: 31.08.2027
Søknadsfrist: 30.04.2026

Kontaktperson for stillingen

Agneta Eva Linnea Larsdotter Lundkvist Gard

Avdelingsleder Terapeutavdelingen

47 31 74 03

Om bedriften

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

ca499e20-f7c3-41b5-b5cd-c2522169d15a

Sist endret

17. april 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

4b18e54346ba44af94a8c31a77928f77

Lignende annonser

Laster lignende annonser