Avdelingsleiar - Knarvik arbeidssenter
Alver kommune
Kvernhusmyrane 28, 5914 Isdalstø
Om jobben
- Stillingstittel
- Avdelingsleiar - Knarvik arbeidssenter
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest fredag 8. mai
Om stillinga
Knarvik arbeidssenter søkjer ein engasjert og fagleg interessert avdelingsleiar som vil vere med på å vidareutvikle eit viktig dagtilbod for personar med nedsett funksjonsevne. Avdelinga har eit meiningsfullt samfunnsoppdrag og arbeider tett saman med andre instansar i kommunen for å sikre gode og heilskaplege tenester.
Som avdelingsleiar får du ansvar for å leie og utvikle avdelinga i tråd med gjeldande mål, rammer og faglege føringar. Stillinga krev god rolleforståing og evne til å balansere fag, dagleg drift og strategisk utviklingsarbeid. Du vil ha personal‑ og fagansvar for avdelinga, men ikkje eit heilskapleg ansvar. Avdelingsleiar kan òg få delegert konkrete oppgåver innan mellom anna økonomi, HMS‑arbeid og kvalitetsoppfølging.
Stillinga er ei dagstilling med arbeidstid på 37,5 timar per veke. Avdelingsleiar arbeider tett saman med einingsleiar og er ein viktig bidragsytar i utviklinga av tenesta og i arbeidet med å byggje ein felles, berekraftig og inkluderande kultur. Som del av leiarteamet deltek du aktivt i internt organisasjonsarbeid for å sikre likeverdige, framtidsretta og kvalitativt gode tenester for brukarane.
Om oss
Alver kommune har to kommunale arbeids‑ og aktivitetssenter for mennesker med nedsett funksjonsevne: Knarvik og Radøy arbeids‑ og aktivitetssenter. Sentra gir dagtilbod til personar i alderen 18–67 år og har som mål å skape meiningsfylte kvardagar gjennom aktivitet, arbeidstrening, sosialt fellesskap og oppleving av meistring.
Ved Knarvik og Radøy arbeids‑ og aktivitetssenter har om lag 40 deltakarar tilbod om plass. I tillegg samarbeider me tett med lokale vekstbedrifter og andre instansar i kommunen for å sikre gode overgangar til arbeidstrening, opplæring og moglegheit for ordinært eller tilrettelagt arbeid.
Verksemda har til saman 18 tilsette fordelt på dei to sentra, og me jobbar tverrfagleg i team beståande av vernepleiarar, sjukepleiar, miljøterapeutar og helsefagarbeidarar. Me er opptatt av fagleg kvalitet, samarbeid og å tilby trygge, inkluderande og berekraftige tenester med brukaren i sentrum.
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for dagleg drift og personal
- Kan bli deligert enkelte økonomiske oppgåver frå einingsleiar
- Saman med einingsleiar sikre kvalitet og tenester innanfor gitte rammer, og etter kommunen sine fag og kvalitetssystem
- Internkontroll og fagleg samordning på tvers
- Kompetanseplanlegging, rettleiing og fagleg utviklingsarbeid
- Brukar- og pårørande samarbeid og kontinuerleg forbetring
Ved etablering av lågterskeltilbod, vil dette ligge under avdelingsleiar sitt ansvar
Me er på jakt etter ein leiar som vil vere med å forma tenesta og endring i arbeidsoppgåver må påreknast.
Kompetanse
- Autorisert vernepleiar
- Relevant arbeidserfaring som leiar med personalansvar
- Innsikt i korleis kommunale tenester er organisert og erfaring med kommunens fagsystem
- Breid og relevant erfaring med mennesker med funksjonsvariasjonar og målretta miljøarbeid
- Gode digitale ferdigheter og kjennskap til dokumentasjonsverktøy
- Kjennskap og erfaring innan turnusarbeid
- Førarkort klasse B- manuell
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg.
- Erfaring innan veiledning
- Erfaring med arbeid i grupper og tilrettelegging i grupper
- Erfaring med arbeid innan psykisk helse
Erfaring innan teamarbeid
Kven er du?
Me ser etter deg som evnar å sjå heilskapen i avdelinga og som ønskjer å bidra aktivt til vidare utvikling av tenesta. Du er initiativrik og har eit sterkt engasjement for brukargruppa, og handterer krevjande situasjonar med ro, tryggleik og tålmod.
Du har gode samarbeidsevner og evnar å tilpasse deg ulike situasjonar og behov i kvardagen. Med høg gjennomføringsevne arbeider du strukturert og målretta, og du er god til å motivere, støtte og leggje til rette for at tilsette skal meistre arbeidet sitt og utvikle seg fagleg.
Du er ein pådrivar for eit inkluderande og trygt arbeidsmiljø, og leiar gjennom tydelegheit, tillit, openheit og involvering. Gjennom god og tydeleg kommunikasjon, samt ansvarleg og omsorgsfull grensesetting bidreg du til føreseielegheit, kvalitet og felles retning i arbeidet.
Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt i vurderinga av kandidatar.
Me tilbyr
- Ein meiningsfull jobb der du kan gjera ein konkret forskjell i livet til ein person / livet til mange
- Oppfølging og rettleiing
- Moglegheit til å utvikla ferdigheitene dine i arbeid med relasjonar, sjølvstende og tilhøyrsel
- Vernepleiarar ligg 9000 over tariff og sjukepleiarar ligg 10 000 over tariff i Alver kommune
- God pensjonsordning i KLP
- Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
Me er ein organisasjon i læring!
Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. I Habiliteringstenesta arbeider me med vår digitale kompetanse, og nyttar teams i vår informasjonsflyt. Bidrag til å løysa arbeidsoppgåver med ny teknologi eller anna vert godt motteke.
Me er Alver
Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!
Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=AlverkommunePolitiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede
Om Habiliteringstenesta
Habiliteringstenester i Alver kommune gjev tenester til personar med nedsett funksjonevne/
utviklingshemming. Tenestene vert gitt i den einskilde sin heim, ved arbeids- og aktivitetsenter,
og som ulike former for avlasting for familiar med born/unge med omfattande behov for omsorg. Inn under habiliteringstenestene finn ein også støttekontaktteneste og koordinatorar for Individuell Plan.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Habiliteringstenester i Alver kommune gjev tenester til personar med nedsett funksjonevne/utviklingshemming. Tenestene vert gitt i den einskilde sin heim, ved arbeids- og aktivitetsenter, og som ulike former for avlasting for familiar med born/unge med omfattande behov for omsorg.Inn under habiliteringstenestene finn ein også støttekontaktteneste og koordinatorar for Individuell Plan.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
04899e24-7230-4a81-93b3-6077ae989d94
- Sist endret
27. april 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10293133