Avdelingsleiar
OPK-KN - Avd. REA, Knarvik vgs, Vestland fylkeskommune
Juvikstølen 9, 5916 Isdalstø
Om jobben
- Stillingstittel
- Avdelingsleiar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 30. april
Knarvik vidaregåande skule har ledig fast 100 % stilling som avdelingsleiar. Du blir del av skulen si leiargruppe med rektor, ass. rektor, og 7 andre avdelingsleiarar, og får ansvar for studiespesialiserande utdanningsprogram, avdeling realfag med tilsaman omlag 20 tilsette. Ansvarsområde for stillinga vil kunne endrast.
Du får ei viktig rolle i utviklinga av skulen, i lag med resten av leiargruppa. Vår visjon er læring og vekst for alle. Utviklingsplanen vår har tre hovudområder dette skuleåret; vurdering intregrert i opplæringa, trygt og godt skulemiljø og kunstig intelligens.
Skulen har 870 elevar, 170 tilsette og ligg 25 min frå Bergen sentrum med hurtigbåt, og er lett tilgjengeleg med direkte ekspressbussar.
Vi har mange ulike utdanningsprogram innanfor både yrkesfag, studiespesialisering, yrkesfagleg studiekompetanse (TAF/YSK) og tilrettelagt opplæring, og vi trenger no ein ny avdelingsleiar med på laget for å utvikle skolen vår vidare.
Arbeidsoppgåver
Som avdelingsleiar er du ein del av leiargruppa til skulen og har leiaroppgåver innanfor personalleiing, pedagogisk utvikling, økonomi og administrasjon. Du set elevane si læring og utvikling i sentrum og følgjer opp elevane sitt læringsmiljø og læringsutbyte fagleg og sosialt.
Du har personalansvar for dei tilsette i avdelinga, og ansvar for timeplanarbeid og vikarhandtering. Du vil jobba med pedagogisk og fagleg utvikling og ha tett samarbeid med dei andre avdelingsleiarane.
Alle avdelingsleiarar har eit felles ansvar for skulen sitt arbeid med trygt og godt skulemiljø.
Kvalifikasjonar
Krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse
Ønskjeleg med relevant leiarutdanning og leiarerfaring
Ønskjeleg med utdanning i fag som avdelinga tilbyr
God kunnskap om vidaregåande opplæring
Kjennskap til administrative program som Visma in school, Visma enterprise, Elements, itslearning er ein fordel.
Det er eit vilkår om godkjend politiattest for å bli tilsett i vidaregåande skule
Personlege eigenskapar
Du likar å jobbe med ungdom!Du er ein synleg leiar som involverer, skaper engasjement og tillit
Du er strukturert og sjølvstendig og har stor gjennomføringskraft
Du er utviklingsorientert
Du lyttar til medarbeidarane dine og er god på skriftleg og munnleg kommunikasjon
Du er ein samlande leiar som skaper oppslutning
Du er god på å samarbeide
Du er god til å byggje relasjoner
Å vere personleg eigna er viktig i den utlyste stillinga, og vil bli vektlagd
Vi tilbyr
Ein spennande pedagogisk leiarstilling på ein stor og utviklingsorientert skuleEit godt arbeids- og fagmiljø med god samarbeidskultur og engasjerte kollegaer
Ein skule med ambisjonar på vegner av elevane
Gode offentlege løns- pensjons- og forsikringsvilkår
Det er eit vilkår om godkjend politiattest for å bli tilsett i vidaregåande skule
Leiarutviklingsprogram i regi av VLFK
Moglegheiter for videreutdanning innan leiing (rektorutdanning)
Kontaktinformasjon
Ulrik Schutz, Rektor , 90604879Hilde Fiske Hugaas, Ass. Rektor , 92048899
Arbeidsstad
Juvikstølen 95916 Knarvik
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5097926021
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 19.04.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Hilde Fiske Hugaas
Ass. Rektor
92048899
Ulrik Schutz
Rektor
90604879
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
36d807a2-e42b-4337-876b-2429551913e2
- Sist endret
23. mars 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
cc344e2a9eb64916869bdaeaf08240e8