Ferievikar i habiliteringstenesta i Alver kommune!
Alver kommune
Kvernhusmyrane 41, 5914 Isdalstø, Manger, Lindås, Meland og Knarvik, 5914 Isdalstø
Om jobben
- Stillingstittel
- Ferievikar - habiliteringstenesta 2026
- Type ansettelse
- Sesong, heltid 100%
- Antall stillinger
- 15
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest mandag 4. mai
Kort om stillinga som ferievikar
Har du erfaring frå før, eller er du på jakt etter din aller første sumarjobb i helsesektoren? Hos oss får du jobbe med menneske – og lære masse nytt undervegs!
Du har kanskje helsefagleg bakgrunn, men det er ikkje eit krav - vi lærer deg det du treng å vite! Vi søkjer både deltids- og heiltidsansatte. Vi treng deg mest i perioden veke 25-33.,
Arbeidsoppgåver - kva går jobben ut på?
Du blir ein viktig del av kvardagen til menneske med ulike funksjonsnedsettingar. Arbeidsoppgåvene kan vere:
- Å støtte tenestemottakarar i kvardagen
- Vere med på aktivitetar – alt frå handling og turar til spel og prat
- Miljøterapeutisk arbeid
- Sikre ein god heim å vere i
- Gje hjelp i daglege gjeremål
- Legemiddelhandtering (dersom du har autorisasjon / kompetanse til dette)
- Rapportering munnleg og skriftleg
- Samarbeid med pårørande og andre eventuelle samarbeidspartar
Løn og tillegg - kva får du?
Lønn:- Som assistent startar løna på kr 215,- per time.
- Er du sjukepleiar- eller vernepleiarstudent? Då får du høgare lønn basert på studiepoenga dine.
- Helsefagarbeidarar startar på kr 245,- per time.
- Har du ei 3-årig helse- eller sosialfagleg utdanning? Då er startlønna minimum kr 283,- per time.
- Kveldstillegg: Minst kr 56,- per time frå kl. 17-21.
- Nattetillegg: Minst kr 70,- per time frå kl. 21-06.
- Helgetillegg og andre godtgjersler for spesielle arbeidstider.
Det er også moglegheit for vidare tilsetjing i Alver kommune om du likar arbeidet og fungerer i jobben!
Kven passar jobben for?
Deg som:
- likar å jobbe med mennesker
- er trygg, roleg og positiv
- jobbar godt saman med andre
- er påliteleg og fleksibel
Kompetansekrav
Det er ein fordel om du har:- Autorisasjon som helsefagarbeidar eller tilsvarande, sjukepleiar eller vernepleiar, eller bachelor i helse- og sosialfag
- Er bachelorstudentar innan sjukepleie, vernepleie eller anna helse- og/eller sosialfagleg høgskuleutdanning
- Har medisinkompetanse
- Førarkort klasse B
Har du anna erfaring eller berre eit sterkt ynskje å jobba i habilitering - søk gjerne!
Kvar treng vi deg?
Frekhaug
- Bustølen burettslag og Grønland bustader
Einingsleiar Eva-Kristin Fanebust + 462 99 412 - Ambulerande tenester
Einingsleiar Marianne Bratshaug + 47 453 77 553
Knarvik
- Kvernhusmyrane og Bjørkhaugen bufellesskap
Einingsleiar Bjørg Konglevoll Lunde + 47 993 16 642 - Avlastningsbustader
Einingsleiar Kristine Hildegard U. Rath + 47 966 20 365 - Stallanemarka burettslag
Avdelingsleiar Renathe Nordahl + 976 65 999 - Storhaugen bufellesskap
Avdelingsleiar Therese E. Frantzen +47 969 01 581 - Kvassnesvegen og Røsvikdalen bufellesskap
Einingsleiar Oddrun B. Takvam +47 932 54 751
Manger
- Hannesvegen bustader
Einingsleiar Reidun Vallestad +47 928 41 466 - Prestbrekka bufellesskap
Einingsleiar Lene Christensen +47 994 77 375
Politiattest
I tråd med helsepersonellova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Bli kjent med oss!
Vi er Alver
Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=AlverkommuneOm bedriften
Habiliteringstenester i Alver kommune gir tenester til personar med nedsett funksjonevne/utviklingshemming. Tenestene vert gitt i den einskilde sin heim, ved arbeids- og aktivitetsenter, og som ulike former for avlasting for familiar med born/unge med omfattande behov for omsorg.
Inn under habiliteringstenestene finn ein også støttekontaktteneste og koordinatorar for Individuell Plan.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
394d9f8e-4fa5-40e7-92fb-1460e7a7c784
- Sist endret
19. mars 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10285784