Hopp til innhold

Utdanningsstillingar i spesialsjukepleie

Arbeidsgiver

Videre- og etterutdanning, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Åsehaugen 5, 6017 Ålesund, Opdølvegen 4, 6450 Hjelset, Kløvertunvegen 1, 6103 Volda

Om jobben

Stillingstittel
Utdanningsstillingar i spesialsjukepleie
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest onsdag 15. april

Søk utdanningsstilling og bli spesialsjukepleiar – ta steget mot framtidas helsevesen! 

Helse Møre og Romsdal har eit behov for spesialsjukepleiarar, og no lyser vi ut utdanningsstillingar. Som spesialsjukepleiar hos oss blir du ein nøkkelperson i utviklinga av framtidas sjukehustilbod i Møre og Romsdal. Du vil jobbe i moderne spesialavdelingar saman med dyktige kollegaer og vere med på å forme eit nytenkande helsevesen.  

Vi søker deg som ønsker fagleg utvikling, interessante utfordringar og ein givande jobb!  

Er du klar for å ta neste steg? Bli med oss – din kompetanse gjer ein forskjell!  

Vi tilbyr utdanningsstillingar for vidareutdanning (90 studiepoeng) i:  

  • Anestesisjukepleie (Ålesund sjukehus) 
  • Intensivsjukepleie (SNR Hjelset og Ålesund sjukehus) 
  • Operasjonsjukepleie (SNR Hjelset og Ålesund sjukehus) 
  • Akuttsjukepleie (SNR Hjelset, Ålesund sjukehus, Volda sjukehus) 
  • Barnesjukepleie (Ålesund sjukehus)

For deg som søker anestesi, intensiv, operasjon, eller barn, og skal studere ved NTNU, gjer deg kjent med informasjonen på NTNUs heimesider. Ver merksam på avsnittet om å Avslutte etter 90 studiepoeng, og sjå semesterplan for kull 2026. Utdanningsstillingane gjeld dei som søker master i spesialsjukepleie, og vel vidareutdanningsløpet (90 studiepoeng) og er ferdig (utan mastergrad) i januar-februar 2028. Helse Møre og Romsdal har avtale med NTNU om praksisstudiar for studentar innan AIO. 

For Akuttsjukepleie har vi avtale med OsloMet om at ein kan ta praksisstudiane i Helse Møre og Romsdal.  

Vi tilbyr Utdanningsstilling (120 studiepoeng) i: 

  • Master i jordmorfag (SNR Hjelset og Ålesund sjukehus)

  • Send inn søknad på utdanningsstilling inklusive vitnemål, tenestebevis (datert 2026) og referansar innan 15. april 2026. Ansvarlege leiarar i dei ulike fagmiljøa avgjer kven som får tilbod om utdanningsstilling.  

    Primært gjeld tilbodet om alle utdanningsstillingane for sjukepleiarar som ikkje allereie er spesialsjukepleiarar.  

    Dersom du får tilbod om utdanningsstilling i Helse Møre og Romsdal, mottek du stønad ut frå gjeldande retningsliner. Hugs å søke om opptak på aktuell studiestad innan gjeldande frist, og søk om tidleg opptak der mogleg.  

    Studentar frå alle relevante utdanningsinstitusjonar er velkomne til å søke.

    Vi håper å høyre frå deg!


    Arbeidsoppgåver

    • Følgje studiestadens studieplan, og møte på all undervisning i teori og i praksisstudiar
    • Arbeide minst 4 veker i løpet av sommaren etter første studieår
    • Etter avslutta utdanningsløp får du bindingstid ved sjukehusa i føretaket, som hovudregel i tredelt turnus

    Kvalifikasjonar

    • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
    • Tildelt studieplass på master i spesialsjukepleie
    • Minst 2 år med relevant klinisk erfaring som sjukepleiar i 100% stilling ved oppstart av studiet 
    • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg

    Relevant erfaring frå spesialisthelsetenesta er ein fordel.

    Oppgi referansar frå minst to ulike arbeidsgjevarar/tilsetjingsforhold.

    Personlege eigenskapar

    • Vi søker etter deg som er motivert for å utvikle spesialsjukepleiefaget og helsetenesta
    • Du kan stå i endring, er fleksibel, vil jobbe tverrprofesjonelt, og har gode kommunikasjonsevner
    • Du er også kunnskapssøkande og har interesse for teknologi og digitale løysningar, og planlegg ei framtid som spesialsjukepleiar i Helse Møre og Romsdal

    Personleg eignaheit blir vektlagd.

    Vi tilbyr

    • Utdanningsstillingane innan anestesi, intensiv, operasjon, barn og akuttsjukepleie har tilbod om 90% løn i 1,5 år av studietida (90 studiepoeng), det er 2 års bindingstid i 100% stilling, i tredelt turnus, etter avslutta vidareutdanning
    • For master i jordmorfag er utdanninga 2 år (fire semester, 120 studiepoeng), og vi tilbyr 90% løn og 3 års bindingstid i 100% stilling i tredelt turnus
    • Sterkt tverrfagleg samarbeid 
    • Ein inkluderande arbeidsplass 
    • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
    • Etter fullført utdanning tilbys du tilsettingsforhold i HMR    

    Hugs å sende søknad til aktuell utdanningsinstitusjon innan studiestadens søknadsfrist.

    Når du har fått studieplass, last opp bekreftelse på dette i din søknad på Webcruiter og send samtidig e-post via Webcruiter om at du har fått studieplass.  

    Avdelingane som har behov for spesialsjukepleiarar i utdanningsstilling tek gjerne imot deg for hospitering. Ta direkte kontakt med aktuell seksjonsleiar for avtale.  

    Søknadsfristen for alle utdanningsstillingane i Helse Møre og Romsdal er 15.04.26.   

    Kontaktinformasjon

    Kjetil Skjærset, Intensiv SNR, kjetil.skjaerset@helse-mr.no
    Camilla Gagnat Tornes, Operasjon SNR, Camilla.Gagnat.Tornes@helse-mr.no
    Ingeborg Hjertvik, Føde og barsel SNR, ingeborg.hjertvik@helse-mr.no
    Bjørg Indbjør, Akuttmottak SNR, Bjorg.Indbjor@helse-mr.no
    Arild Hevrøy, Anestesi Ålesund, arild.solbakken.hevroy@helse-mr.no
    Kristin Merete Haram, Operasjon Ålesund, Kristin.Merete.Haram@helse-mr.no
    Marit Vatsaas Vinje, Intensiv Ålesund, Marit.Vatsaas.Vinje@helse-mr.no
    Marianne Høgsberg Bakken Omvik, Føde Ålesund, Marianne.Bakken.Omvik@helse-mr.no
    Kristin Vestnes Sunde, Akuttmottak Ålesund, Kristin.Vestnes.Sunde@helse-mr.no
    Ann-Iren Vartdal, Nyfødt intensiv Ålesund, Ann-Iren.Vartdal@helse-mr.no
    Hedvig Tone Høydalsvik, Akuttmottak Volda, hedvig.tone.hoydalsvik@helse-mr.no

    Arbeidsstad

    Åsehaugen 5
    6017 Ålesund

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

    Referansenr.: 5067512913
    Stillingsprosent: 100%
    Utdanningsstilling
    Søknadsfrist: 15.04.2026

    Kontaktpersoner for stillingen

    Hedvig Tone Høydalsvik

    Akuttmottak Volda

    hedvig.tone.hoydalsvik@helse-mr.no

    Ann-Iren Vartdal

    Nyfødt intensiv Ålesund

    Ann-Iren.Vartdal@helse-mr.no

    Kristin Vestnes Sunde

    Akuttmottak Ålesund

    Kristin.Vestnes.Sunde@helse-mr.no

    Marianne Høgsberg Bakken Omvik

    Føde Ålesund

    Marianne.Bakken.Omvik@helse-mr.no

    Marit Vatsaas Vinje

    Intensiv Ålesund

    Marit.Vatsaas.Vinje@helse-mr.no

    Kristin Merete Haram

    Operasjon Ålesund

    Kristin.Merete.Haram@helse-mr.no

    Arild Hevrøy

    Anestesi Ålesund

    arild.solbakken.hevroy@helse-mr.no

    Bjørg Indbjør

    Akuttmottak SNR

    Bjorg.Indbjor@helse-mr.no

    Ingeborg Hjertvik

    Føde og barsel SNR

    ingeborg.hjertvik@helse-mr.no

    Camilla Gagnat Tornes

    Operasjon SNR

    Camilla.Gagnat.Tornes@helse-mr.no

    Kjetil Skjærset

    Intensiv SNR

    kjetil.skjaerset@helse-mr.no

    Om bedriften

    Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.


    Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 


    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    fdee53d1-acb5-4dbe-9093-edddd50afb95

    Sist endret

    6. februar 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    7e323e2c0bea44439749b4aa7fab73ad

    Lignende annonser