Sjukepleiar/spesialsjukepleiar
Alderspsykiatri Sunnmøre, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund
Om jobben
- Stillingstittel
- Sjukepleiar/spesialsjukepleiar
- Type ansettelse
- Fast, deltid 80%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest fredag 1. mai
Vil DU bli vår nye kollega ved Alderspsykiatri Sunnmøre?
Vi har ledig 80% fast stilling for sjukepleiar med eventuelt vidareutdanning i psykiatri eller geriatri. Oppstart frå snarast. For tida todelt turnus dag/kveld, med arbeid kvar 3. helg.
Alderspsykiatri Sunnmøre er samlokalisert med øvrig sjukehuspsykiatri. Avdeling for sjukehuspykiatri består av:
Psykose sengepost Sunnmøre
Akutt psykisk helse Sunnmøre
Alderpsykiatri Sunnmøre
Allmennpsykiatri Sunnmøre
Sikkerhetspsykiatri Sunnmøre
Spesialisert habilitering
Alderspsykiatri Sunnmøre består av ein poliklinikk og ein døgnpost med 6 sengar. Arbeidsstad vil vere ved døgnpost.
Seksjonen er tverrfagleg samansett av legespesialistar, lege i spesialisering, spesial ergoterapeut, geriatrisk og psykiatrisk sjukepleiar, vernepleiar, hjelpepleiar, helsefagarbeidar og merkantile ressursar. Døgnposten har fokus på utredning og behandling, og har eit høgt fagleg fokus. Poliklinikken tek imot pasientar i eigne lokale eller ved besøk heime eller på institusjon.
Målgruppa er personar over 65 år med nyoppstått psykisk liding bl.a depresjon, angst, psykose og eller ulike demenstilstander med nevropsykiatriske symptom (NPS).
Vi har godt samarbeid internt i seksjonen mellom døgnpost og poliklinikk samt andre instansar i spesialisthelsetenesta og kommunehelsetenesta.
Arbeidsoppgåver
- Arbeide lojalt etter oppsette behandlingsmål og tiltak for pasientane
- Til ei kvar tid halde seg oppdatert på seksjonen sine rutinar og prosedyrar
- Fylje seksjonen sine kompetansehevingstiltak, delta aktivt i seksjonen si utvikling
- Ansvarsvakt med dei oppgåver og ansvar det inneber
- Dokumentasjon
- Medikamenthandtering - ha medisinansvar
- Gi rettleiing og opplæring til nye kollega
- Pasientnært arbeid
- Delta i obligatorisk opplæring og trening i MAP (Møte med aggresjonsproblematikk) for trygg handtering av utfordrande situasjonar
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
- Ønskeleg med vidareutdanning innan psykiatri eller geriatri
- Meistre norsk skriftleg og munnleg
- Det er ønskeleg med erfaring frå alderspsykiatri.
- God digital kompetanse - gjerne kjennskap til Helseplattformen
- Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting
Personlege eigenskapar
- Du har evne til å arbeide i tverrfaglege team
- Du har gode kommunikasjons – og samarbeidsevner
- Du kan arbeide sjølvstendig
- Du tek initiativ
- Du er løysingsorientert, nytenkande og fleksibel
- Du er medverkar til eit godt psykososialt arbeidsmiljø
- Du er omstillingsdyktig
- Du har stor arbeidskapasitet - fysisk og psykisk egna til stillinga
- Du er ein relasjonsbyggar
Vi tilbyr
- Godt tverrfagleg samarbeid
- Eit støttande kollegamiljø
- Arbeidskle
- Fagleg utvikling - fagdagar
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.
Kontaktinformasjon
Pamela Riise Loe, Seksjonsleiar, Pamela.Riise.Loe@helse-mr.noArbeidssted
Åsehaugen 56017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5103940185
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 01.05.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
e79cc182-bc85-442a-aff8-d721033597db
- Sist endret
10. april 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
9ddc8e53e2dc49f0be4f7934cf7e2d4a