Sjukepleiar
Medisinsk poliklinikk/Medisinsk sengepost 2 Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund
Om jobben
- Stillingstittel
- Sjukepleiar
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 3. mai
Medisinsk avdeling Ålesund har ledig eit kombinert 100% vikariat med varigheit på eitt år. Stillinga er knytt til Medisinsk poliklinikk, f.t. Poliklinikk for mage- og tarmsjukdommar, og Medisinsk sengepost 2. 80 % av stillinga er ved Medisinsk poliklinikk f.t Poliklinikk for mage- og tarmsjukdommar og 20 % av stillinga er ved medisinsk sengepost 2 med arbeid 3.kvar helg. Intern omrokkering kan gje andre ledige stillingar.
Medisin 2 er ein heildøgns sengepost med 24 senger, der ein gir medisinsk behandling og pleie primært til pasientar med sjukdommar innan nefrologi, endokrinologi, infeksjon og gastroenterologi. Vi tar i tillegg imot pasientar med generelle indremedisinske problemstillingar.
Til poliklinikk for mage- og tarmsjukdommar kjem pasientar som treng utgreiing og behandling av sjukdommar i lever, bukspyttkjertel, gallevegar og mage- og tarmsystemet. Vi har etablert screeningsenter for tarmkreft og Behovsstyrt oppfølging IBD
Som sjukepleiar ved poliklinikken vil du m.a assistere ved gastroskopi og koloskopi.
Sjekk ut Instagram: gastromedpol_alesund og medisin2_hmr
Vi tilbyr deg som sjukepleiar ein spennande og givande arbeidskvardag, med eit bredt spekter innanfor sjukepleiarfaget, fordelt på poliklinikk og sengepost. Stillinga er ledig frå snarleg for opplæring. Vi har fokus på helsefremjande turnus med minst mulig A/D vaktbelastning.
Du er velkomen som søkjar til ein meningsfylt arbeidsdag!Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.Arbeidsoppgåver
Ved Poliklinikk for mage-tarmsjukdommar:
Ved sengepost:
- Observasjon og behandling av pasientar i akutt sjukdomsfase og kroniske forløp
- Dekke pasientens grunnleggjande behov
- Førebygging av komplikasjonar og ivaretakelse av pasientsikkerheit
- Gi forsvarleg medisinsk behandling og sjukepleie
- Utøvelse av god omsorg til pasient og pårørande
- Delta i seksjonens fellesoppgåver
- Koordinere tenester i pasientbehandlinga både internt og eksternt
- Gjere seg kjent med og halde seg oppdatert på sengeposten sine gjeldande prosedyrer og retningslinjer
- Studentrettleiing
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Ønskeleg med kjennskap til fagområdet
- Du er tydeleg og fagleg sterk
- Gode norsk kunnskapar, munnleg og skriftleg
- Det er ønskeleg at søknad inneheld informasjon om korleis du ønsker å utvikle deg, og litt om korleis du kan bidra til utvikling av avdelinga
Personlege eigenskapar
- Du evner å arbeide fleksibelt og i eit høgt tempo
- Du er motivert for varierte arbeidsoppgåver
- Du ønskjer å utvikle deg fagleg
- Du er positiv og stolt av sjukepleiaryrket
- Du har engasjement for pasientane og fagfeltet
- Du er lærevillig, strukturert og evner å jobbe sjølvstendig
- Du har gode samarbeidsevner, er reflektert og tilpasningsdyktig
- Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø og er teamorientert
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Dyktige og engasjerte medarbeidarar
- Spennande og varierte arbeidsoppgåver
- Opplæring av nytilsette
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyar og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her!
Kontaktinformasjon
Ann-Helen Tryggestad Arthur, Seksjonsleiar, Medisinsk poliklinikk, 70105742, Ann-Helen.Tryggestad.Arthur@helse-mr.noMarthe Louise Rekdal Farstad, Seksjonsleiar, Medisinsk sengepost 2, 70105792, Marthe.Farstad@helse-mr.no
Arbeidssted
Åsehaugen 56017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5084448672
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 03.05.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Ann-Helen Tryggestad Arthur
Seksjonsleiar, Medisinsk poliklinikk
70105742
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
8d7cf947-025b-4c77-b07d-97f1d4704d5a
- Sist endret
17. april 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
7f914d05061440bea3095bdb09e69ee2