Hopp til innhold

Sommarjobb for ungdom 2026

Arbeidsgiver

Fjord kommune

Sted

Olavsgata 10, 6210 Valldal

Om jobben

Stillingstittel
Sommarjobb for ungdom 2026
Oppstart
22. juni 2026
Type ansettelse
Sesong, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
20
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 26. april

Er du mellom 15 og 17 år og har lyst på ein sommar full av nye erfaringar, nye vennskap og litt ekstra pengar på konto? Då er sommarjobb i Fjord kommune noko for deg!

Jobb i makkerteam: Du jobbar alltid saman med ein anna ungdom – to og to på lag. Det gjer jobben både tryggare, kjekkare og meir sosial.

Varierte oppgåver:

Vi har oppgåver i fleire av kommunens tenesteområde. Du kan for eksempel:

  • hjelpe til med vedlikehald ute
  • bidra i aktivitetar for barn eller eldre
  • vere med på rydding, merking og andre praktiske gjeremål
  • støtte ulike serviceoppgåver i kommunen
  • Ingen dagar er heilt like – og du får prøve nye ting undervegs!

Arbeid i korte bolkar
Du jobbar i to veker om gongen, perfekt for deg som vil kombinere sommarjobb med ferie, venner og hobbyar. 

Det vil ikkje vere muleg å ta ut ferie i tilsettingsperioden. Dersom du veit at du skal reise bort på ferie, ber vi om at du opplysar om det i søknaden.


Arbeidsoppgåver

  • Døme på arbeid i oppvekst (barnehage/SFO)
  • Vere ein aktiv bidragsytar inn i kvardagen til barnehagen eller SFO gjennom å legge til rette for leik, omsorg og tryggleik
  • Delta i daglege aktivitetar saman med barn
  • Planlegge og gjennomføre aktivitetar saman med barna
  • Hjelpe til under måltid, påkledning og rydding
  • Bidra til eit godt samarbeid med foreldrene
  • Døme på arbeid i tTeknisk drift:
  • Måling
  • Vedlikehald av bygg- og anlegg
  • Reinhald av kommunale bygg og arbeid på vaskeri
  • Rydding
  • Døme på arbeid i HELSE (sjukeheim, omsorgsbolig og habilitering
  • Ut på tur med pasientar, lage frokost, sitte ned og prate og lese ei bok.
  • Sjå ein film, spille kort, danse og høre på musikk som kan gje pasienten auka livskvlitet
  • Døme på arbeid på kjøkken (Valldal storkjøkken og Stordal)
  • Lage mat til heimeboande og brukarar på sjukeheim/omsorgstenester
  • Døme på arbeid i kultur (bibliotek, frivilligheit, folkehelse)
  • Rydding, registrering og kundeservice i bilioteka
  • Delta på supersommar som hjelpepersonell
  • Vert på frivillgsentralane
  • Rydding og merking av turstiar

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar

  • Du må ha fylt 15 år seinast 21. juni 2026
  • Du må ha bustadsadresse i FJord kommune

Vi ser etter unge, engasjerte personar som vil vere med og skape ein kjekk, trygg og levande sommar for alle innbyggjarane våre. Kanskje er det nettopp du som blir vår nye sommarhelt?

Vi tilbyr

  • Arbeidserfaring du kan bruke seinare
  • Ein sjanse til å bidra i lokalsamfunnet
  • Nye ferdigheiter og nye bekjentskap
  • Lønn for innsatsen (tariff)
  • Ein lærerik og meiningsfull start på arbeidslivet!

Kontaktinformasjon

Marius André Moe, personalsjef, 47660346, marius.andre.moe@fjord.kommune.no

Arbeidsstad

Olavsgata 10
6210 Valldal

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Fjord kommune

Referansenr.: 5105632998
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Startdato: 22.06.2026
Sluttdato: 16.08.2026
Søknadsfrist: 26.04.2026

Kontaktperson for stillingen

Marius André Moe

personalsjef

47660346

marius.andre.moe@fjord.kommune.no

Om bedriften

Fjord kommune ligg, midt i det kjende, vestlandske fjordlandskapet, i Møre og Romsdal.

Fjord kommune som har litt under 2500 innbyggjarar, byr på svært gode oppvektsvilkår, eit attraktivt kulturliv og attraktive områder for friluftsliv, både sommar og vinter. Deler av dette området har fått Unescos verdsarvstatus.

Fjord kommune har eit spennande næringsliv som spenner om reiseliv, primærnæring, innovative nysatsingar innan oppdrett og møbelindustri og ulike andre former for industriell produksjon, men også fleire verksemder innan bygg og anleggsbransjen. Fjord kommune tar mål av seg til å vere ein kommune med fokus på tilrettelegging for lokalt næringsliv. Kommunen har også klare mål om å utvikle dei kommunale tenestene på ein god og effektiv måte til beste for innbyggjarane. Les meir om kommunen via opplevfjord.no

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

fd4f462c-7fd6-42f4-81c6-4cae38f9411a

Sist endret

1. april 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

e3ee4263899f44e99f28ce0806bcdc8e

Lignende annonser

Laster lignende annonser