Ferievikar reinhaldar rådhuset
Stranda kommune
Øyna 13, 6200 Stranda
Om jobben
- Oppstart
- 20. juli 2026
- Stillingstittel
- Ferievikar reinhaldar rådhuset
- Type ansettelse
- Sesong, deltid 75%
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 21. mai
Stranda kommune søkjer ferievikar i ca. 75% stilling til reinhald på rådhuset i veke 30, 31 og 32.
Arbeidsoppgåver
- Dagleg reinhald ved legekontor og helsestasjon
- Reinhald av kontor, fellesareal og toalett/ garderobe etter behov
Arbeidstid er dagtid omlag 4 til 5 timar pr. dag.
Vi søkjer deg som
- Er over 15 år
- Har lyst på sommarjobb
- Kan arbeide sjølvstendig
- Er påliteleg, nøyaktig og pliktoppfyllande
- Erfaring med reinhald er ein fordel, men ikkje eit krav
Du vil få opplæring i arbeidsoppgåvene i forkant av oppstart. Dato for opplæring avtalar vi etter kva som passar deg best.
Kontaktinformasjon
Janet Alme, Personalsjef, +47 464 11 019Arbeidsstad
Øyna 136200 Stranda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stranda kommuneReferansenr.: 5125036090
Stillingsprosent: 75%
Sommarjobb
Startdato: 20.07.2026
Sluttdato: 07.08.2026
Søknadsfrist: 21.05.2026
Kontaktperson for stillingen
Janet Alme
Personalsjef
+47 464 11 019
Om bedriften
Stranda kommune med bygdene Stranda (kommunesenter), Hellesylt, Geiranger og Liabygda ligg på indre Sunnmøre, ca. 1 times reisetid frå Ålesund. Kommunen har ca. 4.400 innbyggjarar, eit variert næringsliv med høg sysselsetting, godt utbygd barnehage- og skuletilbod inkl. 2 vidaregåande skular, eit aktivt idretts- og foreiningsliv og gode vilkår for friluftsliv sommar og vinter. Vi har det største skisenteret på Nordvestlandet, regionalt kulturhus og treningssenter.
Stranda kommune er i sentralitetssone 5 og har makspris kr 700,- pr. mnd for full barnehageplass.
Bur du i Stranda og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt. Over tid kan du spare fleire hundre tusen kroner. Du kan få sletta lån kvart år til det er nedbetalt.
I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderer også uføre- og etterlatnepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukt.
Offentleg tenestepensjon for nytilsette
Til å vere stolt av er kommunen sin visjon. Verdiar som omsorg, openheit, samhandling og engasjement skal danne grunnlaget for vår organisasjonskultur. Les meir om Stranda og dei kommunale tenestilboda.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
e51275f9-085e-456b-ae91-075ac90942c3
- Sist endret
6. mai 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
1bc731f7be484cec938512b3d69a29d4