Hopp til innhold

Medieteknikar/Driftsteknikar

Arbeidsgiver

Høgskulen i Volda

Sted

Joplassvegen 11, 6103 Volda

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Medieteknikar/Driftsteknikar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Om stillinga

Ved Avdeling for mediefag søker vi etter ein engasjert medarbeidar i ei inntil 100% stilling med oppstart 01.02.2026 eller etter nærare avtale.             

Vi søker deg som har god kjennskap til bruk og vedlikehald av teknisk utstyr til medie- og videoproduksjon, og har lyst til å være en del av eit godt fagmiljø.

Den som vert tilsett vil blant anna ha hovudansvar for organisering og koordinering av teknisk utstyr til utlån og derfor ha utstrekt kontakt med studentane. Rettleiing i val og bruk av teknisk utstyr innanfor ulike medieproduksjonar er ei sentral arbeidsoppgåve.

Til stillinga ligg det også eit ansvar for drift av verktøy for videoredigering og nettverksbaserte lagringsmedium. Rettleiing i bruken av dei ulike tekniske løysingane for studentar er ein del av stillinga.


Kvalifikasjonar

Må ha:
  • Relevant høgare utdanning innan medieproduksjon, men brei og relevant erfaring kan kompensere
  • God kjennskap til teknisk utstyr som nyttast i medie- og videoproduksjon
  • Kjennskap om arbeidsflyt og rutinar for ulike typar medieproduksjonar
  • God teknisk kompetanse på ulike kamera og redigeringsverktøy for medie- og videoproduksjon
  • Kompetanse innan lyd og videoproduksjon

Du må ha gode norsk- og engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg. Administrasjonsspråket ved høgskulen er norsk. 

 

Bør ha:
  • Kompetanse innan IP-system knytt til medieteknologi
  • Erfaring med drift og support av IT-system
  • Kjennskap til reservasjons/utlånssystem som t.d. Cheqroom eller liknande 
  • Det er fordel med tilsvarande arbeidserfaring.

 

Kven er du?
  • Du er ein trygg fagperson innan teknologi og media
  • Du er proaktiv og ser moglegheiter der andre ser utfordringar
  •  Du er strukturert og har ei positiv sørvisinnstilling

Arbeidsoppgåver

  • Dagleg drift av utstyrslageret, drift og support av våre tekniske løysingar i samarbeid med teknisk team
  • Ansvar for bookingsystem og fordeling av tilgang til teknisk utstyr
  • Rettleiing og opplæring for studentar og tilsette i bruk av teknisk utstyr til medieproduksjon
  • Å bidra til effektivisering av dagens utstyrshandtering og utvikle nye løysingar
  • Sikre god arbeidsflyt og solid kvalitet i eit variert undervisningsmiljø med høgt tempo og definerte tidsfristar
  • Bidra til fagleg utvikling og  utforsking av ny teknologi og deling av kompetanse i avdelinga

 

Arbeidsoppgåvene er varierte og dei kan endrast etter behov. Det vil bli gitt opplæring, men det er forventa at du har nok teknisk kompetanse til at du raskt set deg inn i arbeidsfelta.


 


Kva kan vi tilby deg?

  • Ein stabil arbeidsplass i eit spennande og kompetent fagmiljø.
  •  Faste arbeidstider med lite ulempevakter.
  •  Høve til fagleg utvikling og å forme framtidas medieproduksjon
  •  Eit inkluderande og inspirerande arbeidsmiljø i vakre omgjevnader i Volda 
  • Ordning for trening inkludert i arbeidstida
  • Gode pensjonsordningar i Statens pensjonskasse

Dagleg arbeidsstad er Høgskulen i Volda.

 

Stillinga er løna etter kompetanse og kvalifikasjonar i statens lønsregulativ. Normal årsløn ved Høgskulen i Volda for stillingskoden 1136 Driftsteknikar kr. 470000 – 609666.

 


Generell informasjon

Ved HVO er vi opptatt av mangfald. Medarbeidarar med ulik livserfaring vil gjere oss i stand til å finne  gode løysingar på arbeidet vårt. Vi oppmodar difor alle til å søke stillinga utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkommen til å søke sjølv om du ikkje kan vise til ei samanhengande yrkeskarriere. Lokala er universelt utforma, og vi legg tilhøva til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

Dersom du har nedsett funksjonsevne, innvandrarbakgrunn eller hol i CV kan du bli positivt særbehandla om du kryssar av for dette når du søker stillinga. Vi vil invitere minst éin kvalifisert søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om dette på arbeidsgiverportalen.

Tilsetjing skjer på dei vilkåra som følgjer av lov om offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga, mellom anna lovfesta innskot i Statens pensjonskasse.

Aktuelle kandidatar vert innkalla til intervju. Søkjarar som vert kalla inn til intervju, må ta med originalar av vitnemål og attestar for å dokumentere dei elektronisk innsende vedlegga.


Om søknaden

Alle som søker stillinga må søke digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå informasjon som ligg føre ved utløp av søknadsfristen. Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteria for stillinga

Offentleg søkarliste blir utarbeidd etter at søknadsfristen er ute. Dersom du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må dette grunngjevast i Jobbnorge. Du vil bli varsla om reservasjon ikkje blir tatt til følge.


Kontakt

Nærare opplysningar om stillingane får ein ved å kontakte administrasjonssjef Kristine S. Bjørneset tlf. 70 07 51 54, e-post:  kristine.saevik.bjorneset@hivolda.no 


Studiebygda Volda

Midt mellom fjord og fjell på spektakulære Sunnmøre finn du Høgskulen i Volda, med sine lange tradisjonar.

Les meir på www.hivolda.no

 

Video: https://www.youtube.com/watch?v=wSlL1WkuUXc

Om bedriften

Høgskulen i Volda er høgskulen for humaniora og samfunnsvitskap i Møre og Romsdal. Vi er ein spennande kompetanseorganisasjon i vekst med om lag 4500 studentar og 380 tilsette. Vi gjev undervisning i ei rekkje fagområde, yrkesretta utdanningar og etter- og vidareutdanningar i nært samarbeid med samfunns- og næringsliv. Høgskulen i Volda driv mykje forsking og utviklingsarbeid og satsar på forskaropplæring og kompetanseoppbygging for dei tilsette i samarbeid med universitet i inn- og utland.

 

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

fcda58b5-671c-4f5a-8930-20f109ff1d8a

Sist endret

6. januar 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10272851

Lignende annonser

Arbeidsgiver

RADIOLOGI VOLDA, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Volda